Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vegen Oppedal-Instefjord - ein viktig del av stamvegnettet



Veganlegget Instefjord-Oppedal var ein lekk i Kyststamvegen mellom Stavanger-Bergen-Ålesund som følgjer E-39 gjennom fire fylke. Vegen vart opna i 1990 og gav nytt ferjesamband og kortare ferjetid over fjorden. Vegen gav i tillegg bygdene på Høyanger sørside samband med riksvegnettet. På toppen av alt fekk den 10 km lange vegstrekninga "Vakre vegers pris" i 1992.

Frå opninga av vegen  Instefjord-Oppedal i Oppedal 22. juni 1990.

Frå opninga av vegen Instefjord-Oppedal i Oppedal 22. juni 1990.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1990

Fotograf: Olav Handeland

Finansiering

Veganlegget var eit ledd i ein raskare og betre E39, med kortare ferjesamband og betre vegstandard. Anlegget vart finansiert over det ordinære riksvegbudsjettet, og første løyving kom i 1986. I Norsk vegplan var det lagt opp til ei løyvingstakt som tilsa opning i 1991, men grunna ei ekstra løyving på 13 mill. kroner i 1989, kunne opninga framskundast til 1990. Den samla kostnaden for anlegget vart 79 mill. kroner (1990-kr). Veganlegget er på 9630 m og har ei vegbreidd på 7,5 m. Skrikebergtunnelen er 1500 m, og tunnelarbeidet her vart gjort frå november 1988 til juli 1989.

Nytt ferjesamband

Statsråd Lars Gunnar Lie opna vegen 22. juni 1990. Han sa i si helsing at målet var ein ferjefri kyststamveg. Vegen gav nytt ferjesamband mellom Oppedal-Lavik med overfartstid på 20 minutt mot 35 minutt på det gamle sambandet Brekke-Lavik. Med kortarte overfartstid kan ferja gå fleire turar, og kapasiteten på sambandet vart auka vesentleg. Frå 1. april 1992 byrja det å gå nattferjer.

Vegutløysing for sørsida

Eit anna viktig moment med det nye vegstykket var at bygdene på sørsida i den ytre delen av Sognefjorden fekk samanhengjande vegsamband frå Sygnefest i Gulen til Ortnevik i Høyanger. Det medførte at ferja Svartemyr-Nordeide vart nedlagd og erstatta av eit nytt lokalbåtsamband Nordeide-Ortnevik.

"Vakre vegers pris"

Denne prisen vart stifta av vegdirektør Eskild Jensen i 1988, og skulle stimulera til betre estetiske kvalitetar ved norske veg- og bruanlegg. I 1992 fekk Instefjord-Oppedal prisen. I juryen si instilling heiter det at veganlegget er eit særs godt døme på korleis ein kan byggja ein vakker veg i harmoni med omgivnadene. Vegen glir naturleg inn i terrenget, og fyllingar og skjeringar er lite dominerande. Det er ein kunst i seg sjølv i det bratte fjordlandskapet. Veganlegget konkurrerte med 15 andre anlegg.

Inspirasjon og påskjønning

At ein heilt ordinær vegstubb skulle få ein slik pris var nok ei viktig påskjønning for vegetaten i fylket. Vegen var slett ikkje spesielt påkosta, men han ligg fint i terrenget. Heile anlegget ber preg av solid og godt tradisjonelt handverk der dei framifrå gråsteinmurane merkar seg ut. Det var første gong Sogn og Fjordane fekk denne prisen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Handeland, Olav: Veganlegget Instefjord-Oppedal fullført. I Vegstubben, s. 12-13, nr. 2-1990.
Handeland, Olav: Vakre vegers pris. I Vegstubben, s 21. nr. 3-1991.
Ese, Kristin: Oppedal-Instefjord fekk Vakre vegers pris 1992. I Vegstubben, s. 24-25, nr. 4-1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR