Tunet
Tunet ligg i ei sørvendt helling, med utsyn over Jølstravatnet. Sjølve tunet har stått på same staden sidan 1600-talet. Det vart opphavleg kalla Bensentunet, etter Bendik, ein tidlegare brukar av garden. På slutten av 1600-talet budde jølstra-lensmannen Jens Nedrebø her, kjent for dagboka si med biografiske opplysningar om mange jølstringar i samtida. Tunet var opphavleg ein del av eit større klyngetun som vart oppløyst etter utskiftinga i 1867.
Bendiktunet vart freda av Riksantikvaren i 1923, etter initiativ av Nikolai Astrup. Tunet var i privat eige fram til ei stifting tok over eigedommen i 1983. Tunet hadde då ikkje vorte endra eller modernisert, og husa var prega av forfall. Det siste halve hundreåret var det ikkje gjort mykje reparasjons- eller vedlikehaldsarbeid.
Bygningane
Dei eldste bygningane, eller delar av dei, skal skrive seg frå 1600-talet. Ved ei registrering i 1979 målte arkitekt Jan L. Hundvebakke opp seks hus.
1) Ei sperrestove, truleg sett opp på slutten av 1700-talet. Her er gang med trapp opp til lemmen, kove og ei nesten kvadratisk stove.
2) Eit stabbur, truleg frå 1801.
3) Eit hus kalla nyestova, med gang med trapp opp til to rom i andre høgda, og elles med rom til kove og stove i første høgda.
4) Ein fjøs av rundtømmer, kring 29 meter lang.
5) Ei stavløe med stall. Løa har inngang midt på eine sida, med to lagerrom, og med stallen som eit tilbygg. Det er rekna med at fjøs og løe skriv seg frå 1820-åra. Det vanlege mønsteret på den tida var at husdyra hadde kvar sin fjøs, ein til sau, ein til geit og ein til storfe. Dei to uthusa ligg nedst i tunet.
6) Ei svalstove mellom uthusa 4 og 5. Dette huset har ei smalt sval på kvar side, og er ein bygning i to høgder, med tre rom nede og to oppe.
Gardshusa vart ikkje moderniserte etter fredinga. Fredinga var likevel det kvalitetsstemplet som utløyste støtte frå m.a. Norsk Kulturråd.
Liten entusiasme i starten
Ved registrering og oppmåling av husa i 1979 vart det konstatert at tunet stod til nedfalls. Husa hadde stått uendra dei siste 80 åra, og var etter kvart vorte eit lite vakkert syn. Lokalt var det ingen iver for å verne, men det avgjerande initiativ for restaurering fanst likevel i Jølster.
I 1983 vart Stiftinga Nedrebø, seinare kalla Stiftinga Bendiktunet, skipa for å sikre tunet som kunst- og miljøsenter, med Elsa Eikås som leiar fram til 1990. Det vart samla inn pengar, som saman med støtte frå Norsk Kulturråd sikra det meste av midlane til kjøp av tunet. I starten var det ingen lokal entusiasme for dette bergingsprosjektet, og det var inga aktiv støtte frå grenda eller kommunen, korkje økonomisk eller moralsk. Lokalt meinte dei at forfallet var komme for langt. Men stiftinga støtta seg på uttale frå fagfolk som meinte tunet kunne bergast.
Restaureringsarbeidet
Restaureringsarbeidet vart teke hand om av stiftinga i form av dugnadsarbeid for å redde tunet frå forfall. Dei aktive medlemmene var i hovudsak folk utanbygds. For dei mest forfalne husa var det i siste liten. Det gamle torvtaket på fjøset vart teke ned, og stabbur, løe og fjøs vart støtta opp, alt saman eit slags førstehjelpsarbeid for å berge husa. Etter kvart oppnådde stiftinga meir økonomisk støtte til rehabiliteringsarbeidet, som frå arbeid-for-trygd-ordninga, Riksantikvaren og landbruksmidlar til gamle gardshus. Restaureringsarbeidet var langt på veg fullført i 2001. Leiar av stiftinga frå 1990 til 2001 var Audun Hukset.
Bruk
Aktivitetar kan no føregå i tunet. Her kan vere plass for sogespel eller sommarteater. Tunet kan elles vere på tale som verkstad for kunstnarar i sommarhalvåret.