Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sperrestova på Jonstad



Det er enno nokre att av dei gamle sperrestovene. På garden Jonstad i Naustdal har vi ei av dei, bygd kring 1890.

Sperrestova sett frå sør.

Sperrestova sett frå sør.

Eigar: Naustdal sogelag.

Datering: 1997.

Fotograf: Kirsti Solheim Stegane.

Konstruksjon

På Jonstad, gnr. 100, bnr. 8, står ei typisk sperrestove. Ordet sperrestove heng saman med korleis taket er tillaga. Grovt rekna skil vi mellom sperretak, mønsåstak og åstak.
I sperrekonstruksjonen stør sperrene seg parvis til kvarandre i ei samanskjering ved mønet og kviler i eit hakk på den øvste stokken i langveggen (sperrestokken). Betane held huset saman sidelengs så det ikkje flaknar utover på grunnmuren av taktyngda. Sperrestover var vanleg på Vestlandet. Mønsåstak var mest utbreidd i dalane på Austlandet.

Rom

Huset har kjøken og gang i midten etter vanleg vestlandsskikk. Kjøkenet er på 8,7 kvm og gangen på 5 kvm. I den eine enden av huset er ei mindre stove på 11,2 kvm og eit lite rom på 4,3 kvm. I den andre enden er sjølve sperrestova på 21 kvm.

Kven som bygde og budde der

Eigaren år 2001, Einar Skudal, meiner at stova vart bygd kring 1890. Dette var stovehuset på garden fram til 1964. Det var oldeforeldra til Einar Skudal, Anne Madsie Jonstad (1853 - 1946) og Martinus Olaus Nilsson Erdal (1844 - 1900) som bygde huset. Matias Elias Martinusson Jonstad (1890 - 1970) var yngste sonen deira. Han budde i denne stova så lenge han levde. Seinare eigar var Edvard Skudal (1911 - 1989) frå Gaular, gift med Anna Pedersdotter Jonstad (1913 - 1999) frå bruk nr. 7. Dei overtok bruket i 1956 og flytte inn i nytt våningshus i 1964.

Ein stad å vere for sogelaget.

Naustdal sogelag har avtale med Einar Skudal om å få bruke dette gamle stovehuset på garden til lager og møterom. Som motyting skal sogelaget gjere dugnad på vølings- og restaurasjonsarbeid. Sogelaget ser no fram til at stova hennar Anne Madsie skal verte ein samlingsstad for soge- og kulturmedvitne folk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleiveland, Geir: Bygdebok for Naustdal. Band II, Naustdal 1997.
Stegane, Joar: Sperrestova på Jonstad. I Sogeskrift for Naustdal 1997. Naustdal.
Opplysningar frå:
Einar Skudal, Naustdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR