Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 20. juni 2002

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Diktarpresten Claus Frimann



Claus Frimann (1746-1829) vart fødd i Selje. Her voks han opp som eldstemann av fire brør på prestegarden. Dikting og prestegjerning gjekk hand i hand og var viktige ingrediensar i livet hans. Han døydde i Davik etter meir enn 50 år som prest for folket sitt.

I desse omgjevnadene vart diktarpresten Claus Frimann fødd i 1746 og her voks han opp. Som gutunge likte han seg nede på Nabben (t.v.) som i dag utgjer sentrum i Selje. Her følgde han med fiskarane når dei drog ut og inn av Prestevågen (t.v.) med båtane sine. Frimannsbuda (t.v.) står framleis. Hovudhuset i prestegarden (t.h.) vart bygd i 1780-åra. I andre enden av Seljesanden står Selje kyrkje bygd i 1866. Fotoet syner Selje kring 1885.

I desse omgjevnadene vart diktarpresten Claus Frimann fødd i 1746 og her voks han opp. Som gutunge likte han seg nede på Nabben (t.v.) som i dag utgjer sentrum i Selje. Her følgde han med fiskarane når dei drog ut og inn av Prestevågen (t.v.) med båtane sine. Frimannsbuda (t.v.) står framleis. Hovudhuset i prestegarden (t.h.) vart bygd i 1780-åra. I andre enden av Seljesanden står Selje kyrkje bygd i 1866. Fotoet syner Selje kring 1885.

Eigar: Ragnvald Berge

Datering: Ca. 1885.

Fotograf: Ukjend.

Student i Kongens København

I det nordlige Sjælland i Danmark fann Claus Frimann sin fristad i studietida og mens han venta på avgjerda om kvar han kunne ta til i si prestegjerning. Hit til den vakre naturen kring Esrum Sø søkte han når København vart for påtrengande med sin urbane kultur. Det var ikkje sjølvsagt at danskætta Claus Frimann skulle finne seg til rette i storbyen. Slekta Frimann stammar frå Johan Frimann som kom frå København til Bergen i 1660 som eigedomsforvaltar for dronning Sophie Amalie.

Under Indseiling igien til Norge

Hilset vær du kjære Land,
Vær velkommen til mit Øie;
Den som Havet maatte pløie,
Efter dig hvor længes han!
Ved at see dig voxe, stige,
Blaane, grønnes, bredes ud,
Hvo vil ei med Glæde sige:
Hidindtil saa hjalp os Gud.

Sokneprest i Davik

Claus Frimann måtte vente lenge på embete. 18. oktober 1780 lukkast det, og då var det heim til sitt kjære Nordfjord han skulle! Som sokneprest til Davik var det heller ikkje lange vegen heim til mora som framleis budde i Selje. Dette gledde han seg stort over. Seinare kunne det nok hende at han stundom kjende seg isolert i Davik og sakna samkvem med åndsfrendar: "Jeg sidder i en Afkrog", skreiv han i 1816 til venen biskop Johan Nordahl Brun.
I 1781 tok Claus Frimann fatt på prestegjerninga. Og i januar 1782 kunne Claus Frimann og prestedottera Anne Margrete Meldal (1742-1819) gifte seg etter å ha vore trulova i femten år. Same året fekk dei sitt einaste barn, ein gut som fekk namnet Peder Harboe Frimann (1782-1843). Sonen gifte seg i 1806 med Marthe Magrethe Tonning (1780-1845) frå Stryn, men dei fekk ikkje born.
Claus Frimann vart innsett som prost i Nordfjord 6. desember 1800. Han vart utnemnd til Ridder av Dannebrog 28. januar 1812. På sine eldre dagar oppsummerte han prestetida i Davik der han hadde ektevigd 634 par, døypt 2191 barn og jordfesta 1560 menneske.

Diktarprest

Alt i oppveksten fekk Claus Frimann inspirasjon og oppmuntring til kunstnariske ytringar. Både faren, presten Peder Harboe Frimann (1713-1759) og mora, Sara Cold (1714-1800), hadde kunstnarevner og skjøna verdien av slike sysler. I studietida i København var Claus Frimann med i krinsen rundt Det Norske Selskab. Han gav ut bøker med dikt og viser, salmar, andaktar og fablar. Han er representert med fleire salmar i Evangelisk-christelig Psalmebog (1798). Tre Frimann-salmar finn vi i dagens Norsk Salmebok, rett nok ein del omskrivne. Med diktet om "heksefjellet" Hornelen vann han ei dikttevling utlyst av "Selskabet til de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmelse" i 1777. Sjølv i dag vert Claus Frimann og broren Peder Harboe Frimann (1752-1739) som òg hadde ein liten dikterisk periode, sett på som viktige for den litterære utviklinga i Danmark på 1700-talet.

Almuens Sanger

Visene til Claus Frimann har vore svært populære og kjære over heile landet heilt fram til vår tid. Det veit vi av dei svært mange folketonane som er knytt til tekstane hans. Og det er helst tekstar frå "Poetiske Arbeider" (1788), "Almuens Sanger" (1790) og "Den syngende Søemand" (1793) som har funne gjenklang i folket. Når Frimann nytta kjennskapen sin til folk sin kvardag, vart tekstane hans også på sitt beste. Slik som til dømes i "Den norske Fisker": "Ondt ofte lider den Fiskermand,/Som ud maae fare, før Hanen galer,/Al Dagen pladske i kolde Vand,/Paa Hjem ei tenke, før Solen daler,". Med glimt i auget skildrar han muntert i "Den rare Kone" kva for koneemne han set høgast: "Den fiineste Kone paa Stranden/Hver Aften jeg tager i Favn;/Om jeg vilde bytte med Granden,/En Nar maatte være mit Navn;" I dei vakre visene "Saa knytter jeg Traad" og "Om godt Grandelag" kan ein finne mangt til ettertanke også i vår tid.

Sildeprest og proprietær

Det var ikkje greitt for "almuen" å skilje Frimann sine ulike roller. Som prest på vegner av kongen måtte han - nærast motviljug - krevje skattar og avgifter av folket. Samstundes henta privatmannen og proprietæren ut det han hadde krav på som eigar og deleigar i fiskeri og eigedommar. Då han døydde eigde han mellom anna 52 gardar og eigedommar over store delar av Nordvestlandet. Han likte ikkje gjestgiveriet ved kyrkja i Rugsund, særleg i høve bryllaup. I Davik var det tradisjon å rope og huie for brurfolket. "Denne halv bacchanalske Raaben og Skraalen er dog uanstændig, især nær ved kirken". Difor kunne det ofte vere ufred mellom Frimann og bygdefolket. Les ein tekstane til diktarpresten framstår biletet av naturelskaren og familiefaderen, men òg ei forståing av ein mann med sterk rettferdssans og pliktkjensle.

Med glimt i auget

Men Claus Frimann er òg humorist og har ein ironisk penn i by/land-tilhøve og andsynes myndigheitene. Han synte kjapp replikkunst i omgang med folk og sette pris på muntre kommentarar frå andre. Hans Eirik Endal (1901-1992) frå Davik fortalde ved eit høve denne historia: Frimann var streng og passa på at alle gjorde det dei skulle. Ein dag kom han overraskande på drengen som låg og kvilde seg: "Nei, nei, hvad ser jeg. Sitter du her og ingenting gjør. Treffer jeg deg oftere på denne måten får du din avskjed!" Men drengen sto ikkje i beit for svar: "Arbeid og kvile høyrer Gud til, og Gud kvilde sjølv etter skaparverkjet, og no er eg nett ferdig med møkabreiingja!" Ein må tru at Frimann humra godt over dette svaret.

Far etter Frimann

I Davik vart dei gravlagde både Claus Frimann og kona hans. Gravsteinane deira ligg like innanfor kyrkjemuren i aust. Furulunden står her framleis, om enn noko redusert, og det er teke vare på ei svær brennevinsgryte etter han. Eignelutane fekk mange nye eigarar under den 17 dagar lange auksjonen i 1845. Boksamlinga og mesteparten av preikemanuskripta kom til Aarflotmuseet på Ekset i Volda. Her var Claus Frimann frå 1769 til 1779 kapellan under presten Hans Strøm (1726-1797) og dei vart gode vener med Sivert Aarflot (1759-1817). Frimann lånte den rikt utrusta ungguten pengar slik at han kunne kjøpe Ekset-garden. Her starta Aarflot i 1797 lånebibliotek og i 1809 det fyrste trykkeriet på landsbygda i Noreg. Ivar Aasen (1813-1896) var god ven av Sivert Aarflot sitt barnebarn med same namn. Kaare Støylen skriv i si doktoravhandling om Claus Frimann:"Årflot bar arven fra Strøm og Frimann videre, og på Ekset ble fruktene av dette humanistiske arbeidet samlet. Sporene fører langt fram, for her var det Ivar Åsen skulle få sin åndelige dåp."

Eit overtruisk medmenneske

Som prest og medmenneske var Claus Frimann oppteken av allmugen sitt ve og vel, men samstundes var han pålagd å ta seg av og røkte store verdiar og vart ikkje populær når han måtte krevje inn skattane hos hardt pressa undersåttar. Ei vanskeleg oppgåve då, og ei problemstilling med likheitstrekk til vår tid. Det er kanskje difor han var så overtruisk; - han reiste aldri ut i båt utan at han hadde med seg bevergjellen, - i fall han skulle møte på sjøormen!

Claus Frimann på CD

Folkemusikkgruppa "Frimann" gav i 1998 ut ein CD med nokre av tekstane til Claus Frimann på folketonar frå Vestlandet. "Frimann" gjennomførde ein konsertturne saman med Toralv Maurstad i 1996 i høve 250-årsjubileet for Diktarpresten. Måleriet på CD-omslaget syner Davik med Frimannslund og den gamle krosskyrkja frå 1750 slik det såg ut på Claus Frimann si tid. Gamlekyrkja står ikkje lenger. Frimannslund, "alderdomssetet" Frimann bygde på Lille-Davik 1808-1810, vart flytta til Stryn etter at det ei tid hadde tent som pensjonatskule for unge piker. Jektene på sjøen kan ha vore Frimann sine båtar. Nordfjord Folkemuseum har i si eige ein gammal vengbåt som skal ha vore Frimann sin skyssbåt. Av omtalar kan vi gjere oss tankar om korleis Claus Frimann såg ut, for ein svart silhuett laga av Hans Leganger Reusch (1800-1854) er einaste avbildinga vi kjenner til i dag.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Støylen, Kaare: Claus Frimann. Almuens Sanger. 1746-1829. J. W. Eides Forlag. Bergen 1955.
Grøndal, Leif Hoff: Claus Frimann. Liv og diktning inntil 1780. Hovedoppgåve 1927, UiO.
Grytting, Elin Pehrson: Frimanns rike, (bokmanus under arbeid).

Munnlege kjelder:
Ragnvald Berge (1925-2002), Selje.
Hans Eirik Endal (1901-1992), Davik. NRK-Sogn og Fjordane v/Arild Sætre, 1989.

Fonogram:
Folkemusikkgruppa Frimann: "Almuens Sanger. Diktarpresten Claus Frimann. LMP-198. 1998. Tekstane til Claus Frimann på folketonar frå Vestlandet. (Info: Elin Grytting).

PERMANENT IDENTIFIKATOR