Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. august 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

Då hurtigruteskipet «Ryfylke» krigsforliste



Tre hurtigruteskip krigsforliste ved Stadt i åra 1940-1945; DS «Ryfylke», DS «Nordnorge», og DS «Sanct Svithun». Alle blei søkkte av allierte stridskrefter. Det var i kveldinga, onsdag 5. februar 1941, at DS «Ryfylke» blei stoppa av ein britisk ubåt. Passasjerane og mannskapet fekk tid til å gå i livbåtar før ubåten opna eld og søkkte hurtigruteskipet.

Krigsforliset DS «Ryfylke» 1941. Kystruteskipet «Ryfylke» var bygd i 1917 ved Københavns Flytedok & Skibsværft, København, som «St. Croix» for Det Østasiatiske Kompagni, København. I 1921 vart båten selt til England med nytt namn «Baltriger». Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) kjøpte båten i 1931 for Kystruta Oslo – Stavanger. Båten fekk no namnet «Ryfylke». Hausten 1941 leigde DSD «Ryfylke» ut til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) for fart i hurtigruta Bergen - Kirkenes. Blei søkkt av ein britisk ubåt ved Stadt 5. februar 1941.

Krigsforliset DS «Ryfylke» 1941. Kystruteskipet «Ryfylke» var bygd i 1917 ved Københavns Flytedok & Skibsværft, København, som «St. Croix» for Det Østasiatiske Kompagni, København. I 1921 vart båten selt til England med nytt namn «Baltriger». Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) kjøpte båten i 1931 for Kystruta Oslo – Stavanger. Båten fekk no namnet «Ryfylke». Hausten 1941 leigde DSD «Ryfylke» ut til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) for fart i hurtigruta Bergen - Kirkenes. Blei søkkt av ein britisk ubåt ved Stadt 5. februar 1941.

Datering: 1931-1941

Fotograf: Ukjent

Om forliset i «Coastal Express»

Briten Mike Bent fortel om «Ryfylke»-forliset i boka «Coastal Express ..» (1987). «Ryfylke» var i nordgåande rute frå Bergen då ubåten dukka opp «off Stad». Ubåten kom så nær at folk kunne lesa båten sitt nummer. Eit varselskot om å stoppa var så kraftig at det singla i glas. Mannskap og passasjerar fekk ordre om å gå frå borde i livbåtar og halda seg på god avstand. Deretter opna ubåten eld, og etter 25 kanonsalver gjekk «Ryfylke» ned. Ei tid etter kom redningsskøyta «Christian Bugge» og berga 45 menneske frå to livbåtar. Ein tredje livbåten var ikkje å sjå.

Om forliset i «Lang kyst!»

RS «Christian Bugge», bygd 1935, hadde frå hausten 1941 stasjon på Haugsholmen nord i Vanylvsfjorden. Skøyta fekk melding om «Ryfylke»-forliset klokka 18.30 og gjekk straks til assistanse. Trygve Nordanger fortel meir om bergingsaksjonen i boka «Lang kyst!» (1975):

«Det var sørlig kuling som økte til sterk kuling med tung sjø. Skøyta manøvrerte seg opp langs to av «Ryfylke»s livbåter. Begge båter var fullsatte, og det var litt av en jobb å få folkene om bord i skøyta i den beksvarte stormkvelden. Femogførti mennesker ble berget der, og fire av dem var kvinner.

Den tredje livbåten med atten personer om bord var ikke å finne. Skøyta gikk inn til Haugsholmen med dem som var reddet, og la straks ut på ny leting. Da var den savnede båten kommet inn til Ristesund, en nokså lang ferd.»

Merknad: Ristesund ligg og på nordsida av Vanylvsfjorden, eit stykke lenger ute enn Haugsholmen. Livbåten må ha halde unna vinden frå sør.

Om forliset i avisene Sogn og Fjordane

I februar 1941 kom det ut 12 aviser i Sogn og Fjordane. Ei undersøking viser at ni aviser melde om forliset i dagane 8. - 12. februar. Meldingane er i notisform og i ulik storleik. Etter alt å døma er kjelda enten direkte eller indirekte Norsk Telegrambyrå (NTB). Avisa «Firda Folkeblad», Florø, var den einaste som hadde bilete til meldinga. Ingen hadde oppfølgjande stoff.

Notisene er jamt over korte, med frå fem til fleire faktaopplysningar. Nokre opplysningar er upresise, og somme kan sjå ut til å vera motstridande, til dømes at det i ei avis står at overlevande blei tekne inn til Ålesund, i ei anna Haugsholmen. Det ligg nær å tenkja at overlevande først vart tekne til Haugsholmen, deretter til Ålesund.

«Fjordabladet», Nordfjordeid, har den kortaste notisen; ein ein-spaltar på fem linjer: Dampskipet «Ryfylke», i sørgåande rute, onsdag kveld, skoten i senk av ein engelsk ubåt, «utanfor» Stadt. Passasjerar og mannskap «berga seg inn til Haugsholmen».

Sogns Avis, Balestrand, sitt oppslag har meir:

«Dampskipet Ryfylke søkt av britisk ubåt.
Den 5. februar vart det norske kystdampskipet «Ryfylke» stogga av ein britisk ubåt i nærleiken av Stadt. Det var kring 60 menneske umbord med mannskap og ferdafolk. Etter at alle desse var komne i livbåtane, vart «Ryfylke» skoten i søkk ved kanoneld frå ubåten.

Bergingsskøyta «Christian Bugge» kom til og fekk slæpa to av livbåtane med 45 menneske tillands. Seinare vert meldt at den tredje livbåten og er komen velberga i hamn.

«Ryfylke» høyrde til Stavangerske Dampskipsselskap og var på 1151 br.reg. tonn. Skipet var no leigt av Nordenfjellske DS [Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS), Trondheim] og gjekk i kystfart.

I den meldingi som er sendt ut heiter det at båten gjekk i sivil norsk fart og førde det norske flagg. Det var ikkje væpna og hadde heller ikkje krisgmateriell.»

Merknad: Nordanger fortel at folka i livbåtane vart tekne om bord i redningsskøyta. Her kan det sjå ut som livbåtane vart slepte til lands. Det er lite truleg.

På sørgåande eller nordgåande?

Mike Bent og Trygve Nordanger opplyser at «Ryfylke var i nordgåande rute. Det samsvarar ikkje med dei samtidige avismeldingane. Seks aviser har «Ryfylke» på sørgåande; dei andre har ikkje noko om dette. Alle avisene byggjer etter alt å døma NTB-meldingar med faktaopplysning, sørgåande. Ei opplysing i «Firda Tidend» styrkjer sørgåande: «Lasten var mest fersk fisk, 1500 kasser, som skulle til Bergen.»

Mike Bent (1987) har ikkje kjeldereferanse, men det er tydeleg at han har brukt Trygve Nordanger sin versjon i «Lang kyst» (1975) som kjelde. Nordanger har heller ikkje kjeldereferanse. Dersom Nordanger har sikkert kjeldebelegg for at «Ryfylke» var på nordgåande, må NTB sitt sørgåande ha ei forklaring. Det kan a) skuldast ein feil, eit hendeleg uhell, eller b) at nokon med overlegg har fiksa på faktum fordi det av ein eller annan grunn passa betre at «Ryfylke» vart søkkt på sørgåande. Pressa var nazi-styrt og nazi-kontrollert. Forliset var ei krigshending, og det er praksis at meldingar om «krigens gang» frå den eine parten til vanleg er langt frå den fulle og heile sanninga.

Kvar skjedde krigsforliset?

Kjeldene til denne artikkelen har ikkje den nøyaktige posisjonen for krigshendinga. Sogns Avis: «i nærleiken av Stadt.», andre aviser: «nær Stad.», «utenfor Stadt», «ved Stadt», «ut for Stadt», avisa «Nordfjord»: «ved Kvitnes utfor Stadt», Nordanger: «Ryfylke» lå kloss under fjellet nær vaktstasjonen ved Honningsvåg, på Stad»

Halvøya Stadtlandet strekkjer seg i nordvestleg retning frå rota ved Kjødepollen og Åheim på nordsida og Moldefjorden på sørsida. Grenseskiljet mellom Sogn og Fjordane fylke og Møre og Romsdal går midt etter Vanylvsfjorden eller Vanylvsgapet på nordsida. På Møresida av går ei halvøy ut mot Haugsfjorden. Vidare ut mot havet ligg Haugsholmen, Kvamsøy og den vesla øya Riste, der det i 1941 budde folk lengst inne på øya, ved Ristesundet. Ristesundet er både namn på sundet mellom øyane og grenda ytst på Kvamsøy.

Den tredje livbåten nådde land på Riste. Av dette følgjer at forliset mest truleg skjedde ved den nord-austre delen av Statlandet, kan henda ein kilometer eller så frå land. Kvitenes ligg på austsida, utom Borgundvåg, og det er vel 7 kilometer mellom Kvitenes og Riste.

Den tredje livbåten

Redningsskøyta fann ikkje den tredje livbåten. Dei fekk seinare høyra at båten var «kommet inn til Ristesund». Det er rett, og meir presist, like ved nausta på øya Riste. Arthur Vestnes har ein artikkel om hendinga i sogeskriftet Segn og Soge (2001), Sande Sogelag. Ei av kjeldene hans er Agnes Riste, i 1941 20 år gamal. Om kvelden den 5. februar var ho i teneste i Ristesundet, på Kvamsøy. Far hennar, Sigvard Riste, kom og fortalde om kva som hadde hendt, og ho vart med han heimatt til Riste.

«Nokre av passasjerane og mannskapet på båten, i alt 18 personar, hadde redda seg i land på Riste, og var no der ute. Kapteinen på båten og ein tysk soldat, var også mellom dei som hadde redda seg i land. Sigvard hadde skyssa kapteinen til Ristesund slik at han kunne kome seg vidare for å melde i frå om skipsforliset, og om det som vart redninga deira. Agnes vart med far sin ut att til Riste. (…)

«Då Agnes og Sigvard kom opp (…) i stova på Riste, var det eit underleg syn som møtte dei. Agnes hugsar alt folket, og kor golva flaut av vatn og våte klede. Nokre av dei 4 kvinnene hadde gått frå borde i berre nattkleda, og var svært forfrosne etter så lang tid ute i vind og kulde. Dei hadde fått overteke sengane til Petra [mor til Agnes], og vesle Gerd, som då var om lag 4 år. Dei andre borna var visstnok på loftet. Norvald, som den gongen var 10 år, hugsar at ein av personane fekk låne ei av sengane på loftet. Agnes fortel at Petra hadde baka brød denne dagen, så det var godt med mat i huset. Likevel skulle det godt gjerast å ha nok mat til 18 uventa og forfrosne personar. Petra var oppe heile natta og fyrte i omnen og laga til mat og kaffi.

Vestnes fortel elles at dagen etter forliset kom «Skarmyr-skøyta» og henta dei skipbrotne på Riste. Og nokre dagar seinare vart livbåten henta.

Sjøforklaringa gjev svar

Sjørett/sjøforklaring etter DS «Ryfylke»-forliset, 5. februar 1941 blei halde ved Ålesund byfogdembete to dagar etter, den 7. februar. Av rapport og vitneforklaringar går det fram følgjande:

DS «Ryfylke» var i sørgåande rute. Skipet hadde ein besetning på 43 og 21 passasjerar. Frå Ålesund gjekk hurtigruta den vanlege «Flenværleia». Etter å passert «Skjeggene» blei kursen sett mot «Stålet» på Stadtlandet, og vidare runda Stadt så nær land som mogeleg. Etter «18 klokkeminutter» small varselskotet. Då var klokka ca 18.00. Ubåten ordra «Abandon ship». Det tok ca 15 minutt å få livbåtane klarert frå skipet.

Det var «sydvest kuling med høy sjø». Dei to livbåtane som hadde kontakt med kvarandre, rodde "vestover" (mot Stadtlandet). Den tredje rodde "østover". Redningsskøyta «Christian Bugge» tok opp overlevande i to livbåtar ca kl. 20.00. Dei let livbåtane fara. Dei overlevande som blei sette i land på Haugsholmen, reiste dagen etter vidare til Ålesund med eit tysk vaktskip. Overlevande som kom i land på Riste, reiste til Ålesund med lokalbåt.

Alliert angrep på passasjerskip i rute på kysten av Sogn og Fjordane

05.02.1941: DS «Ryfylke», Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, i hurtigruta ved Stadt, Selje kommune. Søkkt av ein britisk ubåt. Passasjerar og mannskap vart beordra å gå frå borde. Ingen omkom.

30.09.1943: DS «Sanct Svithun», Det Stavangerske Dampskibsselskab, på sørgåande i hurtigruta, ved Stadt, Ervika, Selje kommune. Bomba og sett i brann av allierte fly. 47 menneske omkom, 35 nordmenn og 12 tyskarar.

08.11.1944: DS «Framnæs», Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, i rute ved Kjelkenes, Bremanger kommune. Påteken av allierte fly. 6 menneske omkom.

14.11.1944: DS «Gula», Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, i rute ved Dingjaneset, Gulen kommune. Påteken av allierte fly. 2 menneske omkom.

09.12.1944: DS «Havda», Innherred Aktie-Dampskibsselskab (Steinkjer), Vilnesfjorden, ved Lutelandet, Askvoll/Fjaler kommune. Skoten i senk av ein alliert flystyrke. 6 menneske omkom.

kjelder:

Lokalaviser, Sogn og Fjordane: Firda Tidend, Nordfjord, Sogn og Fjordane, Firda Folkeblad, Sogns Avis, Sogningen, Fjordabladet, februar 1941.


Bent, Mike: Coastal Express. The ferry to the top of the world. 1987.


Noranger, Trygve: Lang kyst! En fortelling om fartøyer og folk på norskekysten under krigen. 1975.


DS «Ryfylke»


RS “Christian Bugge”


Minnekapellet i Ervik og «Sanct Svithun»-tragedien


Fylkesbaatane – Angrepet på ds Gula 14. november 1944


Om angrepet på ds «Havda» hausten 1944