Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 01. mars 2013

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Fylkesbaatane – Jubileumssong av Jakob Sande 1958



Tysdag 2. desember 1958 var stor jubileumsdag i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane runda 100 år. Kongen kom, og forfattaren Jakob Sande hadde laga jubileumssong. «Jakob Sandes kjærleik til sjøen og havet gjorde han til eit naturleg val av festdiktar», skriv Ove Eide i Jakob Sande-biografien 2006. Forfattarhonoraret var nokså spesielt.

«Eit fylke som skifter frå nord til sør / i samdrått du saman har bunde».  Jakob Sande, Fylkesbaatane sin festdiktar til 100-årsjubileet i 1958, med FSF-genser på, er kanskje det best kjende biletet av forfattaren. Sande kjøpte den to mål store eigedommen Kobbeskjeret i 1951 og bygde hytte der i 1959.

«Eit fylke som skifter frå nord til sør / i samdrått du saman har bunde». Jakob Sande, Fylkesbaatane sin festdiktar til 100-årsjubileet i 1958, med FSF-genser på, er kanskje det best kjende biletet av forfattaren. Sande kjøpte den to mål store eigedommen Kobbeskjeret i 1951 og bygde hytte der i 1959.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1958

Fotograf: Ukjend

Fylkesbaatane 1858-1958

Sogn og Fjordane skipa eige fylkesrederi i 1858. Føremålet var å skaffa regelmessig rutefart i fylket, og mellom fylket og Bergen. Dei to første skipa var DS «Framnæs» og DS «Fjalir». Gjennom 100 år utvikla Fylkesbaatane båtsamband til og frå nærare 250 stoppestader i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane var innom «alle krinkelkrokar», uttrykte ein mann seg ved 150 årsjubileet i 2008. (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) gjekk i 2001 saman med Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) i konsernet Fjord1, i 2012 omorganisert til eitt selskap, Fjord1.)

Jakob Sande

Kort om festdiktaren til FSF-jubileet 1958 i Jakob Sande-biografien:

«Jakob Sande (1906-1967). Diktar og lektor, fødd i Dale i Fjaler kommune, Sogn og Fjordane. Sande var frå debuten i 1929 ein av landets mest folkekjære diktarar. Han skreiv i tradisjonen med rim og fast rytme, og svært mange av dikta hans er blitt tonesette. Til dei mest kjende dikta høyrer Eit likfunn og I morgon skal eg byrja på eit nytt liv, trur eg, men Sande står også bak ein av våre mest populære julesongar Det lyser i stille grender. Sande gav ut i alt ni diktsamlingar og tre bøker med noveller.»

Voks opp med fylkesbåtane

Fylkesbaatane hadde rutefart på Dalsfjorden heilt frå januar 1859 då DS «Fjalir» gjekk første turen i ruta Bergen – Sunnfjord og Nordfjord. Dale var stoppestad frå starten. Fylkesbaatane sine sommarruter 1924 (Jakob Sande var då 18 år) viser 12 stoppestader i Dalsfjorden. Båtstoppestaden var samlingsplass, og ikkje minst var det stas for ungane når båten var oppom.

Jubileums-programmet

Kongen kom til 100-års jubileet og MS «Sunnfjord» var kongeskip dei tre dagane kongeferda varde, 2, 3. og 4. desember 1958. Den store jubileumsfesten vart halden i Førde 2. desember. Dessutan vart jubileet feira i Bergen 4., 5. og 6. januar.

FSF-genser

Ove Eide fortel om det spesielle honoraret for skriveoppdraget, to matrosgenserar med bokstavane FSF på brystet og ei matroslue:

«Jakob Sandes kjærleik til sjøen og havet gjorde han til eit naturleg val av festdiktar då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skulle feire 100-årsjubileum i 1958. Songen han skreiv, blei nytta under festane både i Bergen og i Førde. Honoraret for dette oppdraget var spesielt: to matrosgenserar med merket F.S.F. og ei matroshuve med merket «Alden»: «Det er slike ting som mannskapa nyttar, og som dei får av oss straks før sumaren, for å vera bra kledd når turisttrafikken tek til. Dei nyttar elles same lue og genser heile året – så lenge dei varer», heiter det i eit brev frå FSF i desember 1958.
 

For Sande var nok FSF eit ektefødd barn av fjordfylket, med båtar som hadde vore sentrale innslag i kvardagen i barndommen hans i Dale. I hans oppvekstår var fjorden den sentrale transport- og ferdselsåra – for både folk og varer. I songen legg han då også vekt på at det er våre båtar, kjende av alle langs kysten. I si hyllest knyter han båtane både til eventyret, lengten ut, og til kvardagens slit og strev.»

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1958

Jubileumssong
Mel: Mens Nordhavet bruser

Ein festrigga flåte med flagg i topp
i dag stemner nordover leia
og der han går framom, går flagga opp,
og småborna vinkar frå heia,
For alle kjenner: det flåten vår
bygd opp og vunnen gjennom hundre år.

Kvar båt i den flåten er kjær og kjend,
- kvar båt var den likaste båten,
og der dei drog framom frå grend til grend
vi kjende dei alle på låten.
Eit glimt av eventyret var det som
til stille grender inn frå verda kom.

Men kvardagen var no den visse, då
- eit hundreårs kvardag å kalle,
for varer og folk skulle til og frå
til signing og hjelp for ass alle.
Men alt slo til, - det gjekk so trygt og traust
Om so det ofte gjekk på livet laust.

Vi minnest med takk her i dette lag
dei menn som var med frå starten,
til dei som heldt oppe til denne dag
den trygge, velsignede farten,
frå direktøren til lettmatros,
Frå chief og skipper, og frå kokk til los.

Og difor: all heider og full honnør
når no du eit sekel skal runde.
Eit fylke som skifter frå nord til sør
i samdrått du saman har bunde,
der Sogn og Fjordane går hand i hand
mot ljose framtidsmål for folk og land.

kjelder:

Eide, Ove: Jakob Sande. Liv. Dikting. (2006)
Førsund, Finn B: Dampen og kaia. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. (1998)