Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. februar 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnedikt til DS «Nordfjord»



DS «Nordfjord» har tilknytning til Sogn og Fjordane, både ved namnet og ved lang fartstid i Sogn og Fjordane-farvatn. I om lag 50 år gjekk «Nordfjord» i rute mellom Møre og Romsdal og Bergen. Ruta hadde fleire stoppestader på Sogn og Fjordane-kysten. Då båten runda 75 år i 1940, vanka det minnedikt; "Gamle Nordfjord". «- fire tusen gonger forbi Statt - » står det i eit av versa.

DS «Nordfjord» ein gong i åra 1920-1940.  Biletet står i boka Coastal Express. The ferry to the top of the world (1987) av Mike Bent. Det finst svært få kjende foto av «Gamle «Nordfjord».

DS «Nordfjord» ein gong i åra 1920-1940. Biletet står i boka Coastal Express. The ferry to the top of the world (1987) av Mike Bent. Det finst svært få kjende foto av «Gamle «Nordfjord».

Eigar: Mike Bent

Datering: 1920-1940

Fotograf: Ukjent

To namn før «Nordfjord»

«Nordfjord» vart bygd i Gøteborg i 1865 for Arendals Dampsskibsselskab og fekk namnet «Arendal». Namnet vart endra til «Vesteraalen» då Richard With i 1881 kjøpte båten som det første skipet i Vesteraalske Dampskibsselskab. I 1890 selde VDS «Vesteraalen» til det det nyskipa bergensfirmaet Nordfjord Dampskibsselskab. Skipet vart no omdøypt til «Nordfjord», og det namnet hadde «Gamle «Nordfjord» til båten vart hoggen i 1975.

Mange eigarar

«Nordfjord» hadde mange eigarar i sitt 110 år lange liv. Lengst fartstid hadde «Nordfjord» for Møre og Romsdal fylkesbåtar, i alt 27 år. MRF eigde båten frå 1920 då MRF vart etablert, til 1947. Eigarliste:

  • 1865 – 1881 Arendals Dampskibsselskab
  • 1881 – 1890 Vesteraalske Dampskibsselskab
  • 1890 – 1891 Nordfjords Dampskibsselskab
  • 1891 – 1915 Fleire eigarar, Bergen
  • 1915 – 1920 Romsdals Dampskibsselskab
  • 1920 – 1947 Møre og Romsdals fylkesbåtar (MRF)
  • 1947 – 1970 Gerhard Voldnes, Fosnavåg
  • 1970 – 1977 Brødrene Anda, Stavanger, skipsopphoggingsfirma

75 år i 1940

Diktet «Gamle «Nordfjord» vart skrive då båten runda 75 år.. Sunnmørsposten hadde stor omtale, og ei tid etter, minnediktet, signert Candide. Forfattaren nemner i eit av versa «Nordfjord» som pioner. Han siktar då truleg til «Nordfjord» som første skipet i Vesteraalske Dampskibsselskab, rederiet som starta hurtigruta Bergen – Nord Noreg i 1893, og at det faktisk var «Nordfjord» ex. «Vesteraalen» som frå 1882 gjekk dei første innleiiande turane Bergen – Lofoten - Vesterålen - Senja.Vi høyrer også om ein «sorgens dag», at båten «sank». Sokk er ikkje rette ordet. Kort tid før grunnstøytte «Nordfjord» i Ulvesundet, i leia mellom Måløy og Raudeberg. Til all lukke blei det med «en pust». Båten blei berga, reparert og sett inn att i rutefart.  

Måløy var i mange år stoppestad for «Nordfjord», og i jubileumsåret 1940, lånte måløyavisa «Fjordenes Tidende» stoff frå avisa i nabofylket. «Da «Nordfjord» er en velkjent gjest her i Måløy skal vi efter avisen [Sunnmørsposten] gjengi en del av skibets omskiftende historie». Mellom anna minnediktet.

Gamle «Nordfjord»

I femogsytti lange år
du røktet har din plikt.
Og helt fortjent du derfor får
et lite minnedikt.

Du gikk din rute støtt og fast,
du gikk i allslags vær.
Du brakte alltid fram din last
høyt hevet over skjær.

I Gøteborg ditt første skrog
en dag av stablen gikk,
du fløt der som en skjønn prolog
til framtidens musikk.

Så tumlet du fra havn til havn
i mange Herrens år,
og du fikk stadig nye navn
og nye arbeidskår
 

En trofast sliter støtt du var,
du ruslet dag som natt,
og fire tusen ganger har
du krysset gamle Statt

Du omtalt ble med mild forakt,
sogar med ironi.
En kiste var du, ble der sagt
men hva har det å si –

Så meldtes det en sorgens dag,
at du tok deg en pust
Til kvile sank du med behag
på god og gammel rust

Skal no din strid da være endt,
du gamle pioner?
Skal for bestandig du ble sendt
dit hen hvor intet skjer?

Ditt svar er: «Nei, og atter nei.
Om no jeg står på land, -
snart finner jeg min gamle lei
hvor fartøy flyte kan.

(Candide i Sunnmørsposten)

Mannskap med lang fartstid

Artikkelen i Fjordenes Tidende 1940 nemner to skipsoffiserar som i 1940 hadde uvanleg lang fartstid på eitt og same skip, nemleg kaptein Nikolai Fuglseth og los Iver Ludvigsen:

«Skibets kaptein er Nikolai Fuglseth nu bosatt i Bergen. Han har vært om bord i «Nordfjord» siden 1901, først som styrmann og siden 1908 som kaptein. En som imidlertid har vært ennu lenger om bord i skibet er los Iver Ludvigsen, som kom om bord i 1890 og således har gjort tjeneste i 50 år på samme skib. Begge disse trauste sjømenn er hedret med Kongens fortjenestemedalje."

Skipskaptein Fuglseth og los Ludvigsen vart tildelt Kongens Fortenestemedalje 1. juli 1937.

Siste tur i «Bergensruten» 1946

«Nordfjord» slutta i ruta Møre og Romsdal – Bergen i 1946. Søndag 1. desember var siste anløp i Måløy. Båten takka for seg med med tre støyt i fløyta, og Fjordenes Tidende kvitterte dagen etter med ei notis: «Etter avgangen herfra i går på nordgående hørte vi tre støt fra den kjente fløyte som en avskjedshilsen til Måløy.»

kjelder:

Fjordens Tidende, 26.08., 03.10.1940
Bergens Tidende, 09.02.1931.
Bent, Mike: Coastal Express. The ferry to the top of the world. (1987)
Ulstein, Ragnar: Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1920 – 1970 (1970).

PERMANENT IDENTIFIKATOR