Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fjellstølen Bergsete



Langt inne på Øvre Njøs-fjellet, fjelldraget mellom Hongsetedalen og Njøsadalen, ligg Bergsete. Her er murrestar etter tre stølshus. To bruk på Øvre Njøs stølte på Bergsete i eldre tider. Me veit ikkje nøyaktig når, men stølen vart nedlagd lenge før 1934.

Stølen Bergsete ligg inne på Øvre Njøs-fjellet, heilt opp under bakkane opp til høgaste punktet på Mjellehaugane (984 m o.h.). Bak til venstre på biletet ser du fjellet Saotao.

Stølen Bergsete ligg inne på Øvre Njøs-fjellet, heilt opp under bakkane opp til høgaste punktet på Mjellehaugane (984 m o.h.). Bak til venstre på biletet ser du fjellet Saotao.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stølsvegen

Ein kan velja mellom to vegar frå Øvre Njøs opp til Bergsete: - enten, turvegen (kløvvegen) frå Nedre Njøs til Fadnastølen, vidare til Havravatnet, opp Moldbakken (Moldbresten) og fram til stølen, - eller, den gamle stølsvegen, opp Kidlestegen til Bjørgahaug, eventuelt frå Sanden, til Hongsete og vidare tre kvarters gange innover og oppover til stølen.  Eit tredje alternativ er opp Kvannskar frå Fadnastølen, men denne vegen er svært lite brukt sjølv om han er hogd opp att i nyare tid.

Murrestar etter tre stølshus

Bergsete ligg høgt og fritt oppe på snaufjellet. Her er restar etter  tre stølshus, - murane, takheller, "veg" til inngangsdører, morkna trestokkar. To tufter ligg nær kvarandre, - her stod fjøs og sel kvar for seg. Dei høyrde til Ådnegarden (gnr. 24 bnr. 10). På den tredje tufta, snaue hundre meter bortanfor, var stølshuset bygd med fjøs under selet. Det høyrde til Nagelgarden (gnr. 24 bnr. 18).

Trevyrket så og seia borte

Det er få spor att av trevyrket i bygningane - bjelkar, dører og innreiing - berre nokre morkna restar her og der. Det har fleire grunnar. Husa vart "fråflytte" for over hundre år sidan og tre rotnar. Det var etter måten lite trevyrke i husa, berre det aller nødvendigaste. Brukande ting vart gjerne frakta bort og nytta andre stader.


 

Peder Nilsson (1857-1942), kalla "Pilavikjen", kjøpte selet til Nagelgarden. Han tok ned alt trevyrket og bar og drog det ned Kvannskar og ned i Njøsadalen. Han brukte materialane til ei hytte som han sette seg opp langt heime, på Nedsta Galdane i Njøsadalen.

Støling berre ein kort periode

Fjellstølen eller sommarstølen Bergsete blei truleg ikkje brukt så mange år. Det var tungvint å støla på Bergsete fordi dei måtte kløvja fram ved til oppvarming og ostekoking. Dessutan kunne det verta smått med vatn i tørre somrar. Det vart difor til at brukarane på Øvre Njøs berre brukte stølen Hongsete.
 

Det er vanskeleg å tidfesta stølinga på Bergsete. Vi veit at Brita Pedersdotter (1858-1942) frå Vangsnes truleg stølte berre nokre fåe år i slutten av 1870-åra. Ho stølte for Nagelgarden. I stølslistene for Leikanger, skrivne i 1934, står det ingen ting om Bergsete, så stølen var nok nedlagd lenge før listene vart skrivne.

Ulukke - snøskrede?

Ei uløyst forsvinningsgåte er knytta til Bergsete. Ola Ellendson blei fødd 18. mai 1868 på Slinde. Mora var Kari Eriksdotter (1842-1924) frå Ølmheim og faren Elling Olson (1840-1897) frå Byglagarden (gnr. 24 bnr. 18) på Øvre Njøs. Ola var den eldste sonen, oppkalla etter farfaren, og skulle overta garden etter foreldra. Likevel veit vi at det var Jens Ellendson (1876 - 1960), den nest eldste sonen som overtok.
Det blir fortalt på Njøs at Ola drog til fjells på jakt, men han kom ikkje heim att. Det seiest at han blei teken av ei snøskrede på Øvre Njøs-fjellet, ved Bergsete ein stad, men vi finn ingen Ola Ellendson som død, korkje i Leikanger eller Sogndal så vi veit ikkje når dette hende.

Stølslistene - stølsregisteret

Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforsking gjennomførte på 1930-talet ei innsamling av opplysningar om sætrar og sæterbruk i heile landet. Opplysningane blei skrivne ned på lister - stølslistene - og i større samanhengande manuskript. Stølslister for fylket vårt finn du på http://fylkesarkiv.no. På grunnlag av denne innsamlinga er det gitt ut tre vitskaplege verk: Beito, Olav T.: Norske seternamn (1949), Solheim, Svale: Norsk sætertradisjon (1952) og Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg I- III (1955-61)
 

Stølslistene for gardane på Njøs er skrivne av Jørgen Husabø i 1934. Det er inga liste for Bergsete. Lista for Hongsete fortel at denne stølen blei brukt både som heimestøl og fjellstøl. Bergsete var med andre ord ikkje i bruk lenger då.

kjelder:

Leikanger bygdebok. Bind I og II. 1979.
Voss, Valentin: Af en norsk bjørnejægers oplevelser. Skald 1999.
Hodne, Ørnulf: Norsk folketro. Cappelen 1999.
Sande, Olav: Segner frå Sogn. Norsk Bokreidingslag 1992. Sandal, Per: Lokalhistorie. 1983.
Informantar:
Einar E. Njøs, fødd 1928, Leikanger.
Jan Reidar Njøs, fødd 1947, Leikanger.
Stølslistene. Institutt for samanliknande kulturforskning, 1930-åra. (Sjå Fylkesarkivet sine basar.)

PERMANENT IDENTIFIKATOR