Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. april 2012

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Steinkrossen på Kile



Vegen frå Stårheim i Nordfjord over Brekka til Straumshamn på Sunnmøre har vore ferdselsveg frå eldgamle tider. På høgda mellom mellom Bjørkedalsvatnet og Kilsfjorden stod det frå gamalt ein steinkross som vart teken av eit snøras på 1700-talet. I 1914 reiste ungdomen i Kilsfjorden og Bjørkedalen ein ny steinkross.

<p>Steinkrossen p&aring; Kile med utsyn nordover.</p>

Steinkrossen på Kile med utsyn nordover.

Eigar: Hermund Kleppa

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Vidt utsyn

Mellom Bjørkedalsvatnet og Kilsfjorden ligg dei to småvatna Midtvatnet Nedstevatnet. Garden Kile ligg mellom Kilsfjorden og Nedstevatnet. Bilvegen går på austsida av elva. I eldre tider gjekk vegen frå Kile sørover på vestsida av Nedstevatnet og opp på høgda mellom Nedstevatnet og Midtvatnet. Vi ser krossen mot synsranda frå gardstunet på Kile. Det tek om lag 15 minutt å gå. Frå krossen er det ope utsyn både nordover og sørover.

Mellom fire og fem meter

Kilskrossen er ein stad oppgjeven til fem meter, ein annan stad mellom fire og fem meter. Han er laga av tilhoggen stein med innfelt tverrstykke. Foten er festa i fjell og betong. Krossen har to innskrifter:
FRAM KRISTMENN og
UPPATRØYST I 1914

Avdukinga

Krossen vart avduka pinsedag (31.05) 1914 med mange menneske tilstades. Frå Volda gjekk to ekstrabåtar til Straumshamn, og fleire hundre stemnedeltakarar gjekk i tog innetter vegen fram til steinkrossen.

Høgtida opna med nokre vers av fedrelandsalmen før prost Barstad heldt avdukingstalen. «Ei stutt, men innhaldsrik og stemingsfull tale», skreiv sunnfjordingen Kristian Ulltang i eit stykke til Fjordenes Blad.

Elles heldt overlærar Bugge frå Ålesund foredrag om det symbolske merket, krossen, si soga gjennom tidene. Steinar Botnen las opp eit par helsingstelegram og heldt ein kort avslutningstale. Eit songkor frå lærarskulen på Volda under leiing av Raugstad og eit musikkorps frå Volda deltok med fleire nummer.

«Høgtidi var gild endaa um det regnde noko og var litt kaldt», står det i bladstykket.Kristian Ulltang sluttar stykket med sitt med eit lite tilbakeblikk og ei framtidsvon:

«So staar daa denne krossen der nokolunde paa den same stad som den gamle steinkross stod i so lange tider som eit merke for vegfarande der so mange for over fjellet mellom dei tvo fylki Firda [Fjordane] og Møre. No vil den nye kross staa der og tala sitt(sic) stille men visseleg alvorlege maning aat den vegfarande gjennom dei komande tider.»

Spor etter tidlegare steinkross

Ein tidlegare kross stod i nærleiken av krossen frå 1914. Krossen er nemnd i fleire stader: «Også på Kile i Volda har det frå gammalt av vore oppsett krossar, rett nok berre ein i gongen. Ein av dei vart skadd av fonn i april 1785 men stod likevel til 1860.» (Kyrkje og kristenliv i Ørsta annekssokn), «finst bitar av originalen» (Øystein Ekroll) og ei segn: Kollur Kile fekk ein steinkross som han sette opp på «Kilsbrekka» (Per Aarviknes).

Anita Mari Brekke oppsummerer i eit stykke i avisa Møre, juli 2002(?): Det stod opphavleg ein steinkross om lag på same staden som noverande. Han er oppgjeven til 4 alner høg, to alner mellom endane på armane og to tommar tjukk. Han hadde eit rundt hol krysset. På bakken rundt låg fleire heller. Krossen blei øydelagd av eit snøras i 1785. Etterpå vart det sett opp ein trekross, som stod ei tid før den rotna. I mange år før 1914 var det ingen kross på Kilsbrekka. Anita Brekke nemner elles at det er ei Olavskjelde i nærleiken av krossen.

Pilgrimsvandring

Sommaren 2010 sette eit følgje pilgrimar ut frå Steinkrossen på Kile mot ein stad på Bjørkedals-sida av den gamle vegen over Brekka. Det var første etappe i ei pilgrimsvandring frå Kile til Selja. Andre etappe gjekk året etter vidare over Brekka og fylkesgrensa til Harpefossen. Og så er planen å nå fram i 2014, opp på Mannseidet med utsyn mot målet, øya Selja og Selja kloster.

kjelder:

Fjordenes Blad, 06.06.1914
Avisa Møre, juni 2002 (?)
Kyrkje og kristenliv i Ørsta annekssokn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR