Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Samlingshuset i Brandsøy



"Dette huset er reist av eldsjeler. Gå no flittigt i dette huset, og lat huset berre vera til Guds ære og syt for å halda huset vakkert og velstelt." Det var konstituert prost Hjalmar Tjelta som la forsamlinga dette på minne då samlingshuset i Brandsøy vart vigsla i 1954.

Samlingshuset på Brandsøya, teke i bruk i 1954

Samlingshuset på Brandsøya, teke i bruk i 1954

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Huset 2008

Samlingshuset i Brandsøy ligg høgt og fritt i bakken ved vegen opp frå sjøen i Brandsøy. Bygningen ligg orientert aust-vest og har fire vindauga på langveggen mot sør. På nordsida er eit langsgåande tilbygg med hovudinngang. Storsalen oppe er 9,5 x 5,5 meter. Huset har liggjande panel. Taket er tekt med mørke stålplater av nyare dato. Huset har full kjellarhøgd.

Tømmeret frå gamal stove

Veggene er for det meste av tømmer frå ei stove som stod i Nydalen i Holsen, Førde. Stova vart bygt i 1867. Like etter 1950 vart ho riven og køyrd ut til Brandsøy og så sett oppatt med ny romplan og ny bordkledning. Gustav Nydal stod føre arbeidet. Det var ikkje drive innsamling på førehand. Finansieringa vart ordna ved nokre pengegåver og banklån. Då huset vart teke i bruk i 1954, stod det att å innreia kjellaren, leggja inn vatn og elektrisk installasjon.

Eigar

Då samlingshuset vart bygt, stod organisasjonane Sunnfjord Indremisjon og Ungdomslaget av Norges Kristelige Ungdomsforbund (NKUF) som eigarar.

Vigslinga - føremiddagsmøtet

Huset vart vigsla søndag 5. september 1954 med møte kl. 11:00 og 15:30. Gustav Nydal ynskte velkomen med ord frå profeten Esaias om at Han som bur i det høge, tek rom hjå den som er broten og nedbøygd. Deretter las Johan Slettevold ein prolog han hadde skrive sjølv.

Sokneprest og konstituert prost, Hjalmar Tjelta, heldt vigsletalen ut frå ordet i 1. Kongebok, kapittel 8, versa 27-28, om Guds stordom og hus mennesket byggjer til hans ære. "Gå no flittigt i dette huset, og lat huset berre vera til Guds ære og syt for å halda huset vakkert og velstelt."

Deretter song Olav Fagerheim ein song han hadde skrive for høvet, og Brandsøy songlag deltok under leiing av Norvald Nydal. Til slutt på føremiddagsmøtet tala kyrkjesongar Bertel Flaten frå Førde.

Ettermiddagsmøtet

Folket samlast deretter til matøkt i skulehuskjellaren. På ettermiddagsmøtet var det tale av sekretæren i Sunnfjord Indremisjon, Mindor Dragsund og sekreteæren i Sunnfjord NKUF, pastor Ile. Ile minte om orda i Korinterbrevet om at alt skal var til oppbyggjing, "det gjeld for arbeidet her i huset og," sa han.

Etter at songlaget hadde sunge, gav Gustav Nydal ei utgreiing om arbeidet med huset. Bertel Flaten las så eit dikt skrive for høgtida av emissær Ragnvald Nydal, og det vart bore fram helsingar. Deretter var det tale av Rasmus Nydal, fødd 1869, i stova i Nydal som no hadde vorte bedehus i Brandsøy. Vidare var det helsing frå Nils Nydal (83). Han var fødd i den gamle Ekrestova i Nydalen. Elles bar fleire andre fram helsingar. Bertel Flaten overrekte ein bibel frå ungdomskrinsen av NKUF.

Band til Nydal i Holsen

Bonde Rasmus Gullak R. Nydal (1869-1962) budde i Nydal i Holsen, på bruk nr. 6 kalla Øvre Ekrene. Han dreiv óg som bygningsmann. Sonen Gustav, f. 1901, vart gift med Mathilde Ervik. Dei budde i Brandsøy. Ein annan son, Ragnvald, fødd 1898, var gift med Agate og busett i Egersund. Han reiste som emissær.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Folkeblad. 16.08., 02.09, 06.09.1954. Lys og Fred. September 1954.

PERMANENT IDENTIFIKATOR