Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Rugsund kyrkje



Rugsund kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Hessevågen, på fastlandssida i Rugsund i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla 2. september 1838. Ho er bygd etter arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow sine typeteikningar. Rugsund kyrkje er soknekyrkje for Rugsund sokn i Davik prestegjeld.

Både i stil og byggjemåte er Rugsund kyrkje svært lik den to år yngre Utvik kyrkje. Utgangspunktet for begge kyrkjene var ei typeteikning laga av arkitekt Hans D. F. Linstow.

Både i stil og byggjemåte er Rugsund kyrkje svært lik den to år yngre Utvik kyrkje. Utgangspunktet for begge kyrkjene var ei typeteikning laga av arkitekt Hans D. F. Linstow.

Eigar: Bremanger kyrkjekontor.

Datering: 2003.

Fotograf: Knut Arne Vadøy.

Kyrkjestad i Hessevågen

Kyrkja i Rugsund har lange tradisjonar, men gudshuset som ber namnet i dag, er reist på ein annan stad enn dei tidlegare Rugsund-kyrkjene. Då den førre brann ned, hadde det lenge vore eit problem at der var så grunn jord på gravstaden på Rugsundøy. Det var ei viktig årsak til at ny gravstad og kyrkjestad vart lagt til fastlandet. Jordsmonnet var så dårleg ute på den tidlegare kyrkjestaden at gravfølgje tok med seg mengder med jord i båt ut til gravstaden. Men kyrkja på tangen stod på ein sjeldan fin kyrkjestad, som eit seglingsmerke ovanfor hamna.

Då dagens kyrkje skulle byggjast, stilte ein ikkje mindre krav til plasseringa. Også her fekk kyrkja ei sentral plassering i bygda med hovuddøra vend mot sjøsida og med fint utsyn frå kyrkjetrappa over til øya. Kyrkjegarden omkransar kyrkja, og nedst mot sjøen står ein flott port som dei sjøfarande i tidlegare tider kom gåande gjennom. Her var det også presten steig i land når han kom i båt frå Davik.

Eigd av handelsmannen i Rugsund

Rugsund kyrkje har noko majestetisk over seg, særleg når ein står eit stykke nede på kyrkjebakken og ser opp mot den solide steintrappa og det kraftige tårnet som ragar høgt over mønet. Denne forma fekk ho etter utvidinga og restaureringa i åra fram til 1912. Det opphavlege kyrkjebygget vart kosta av den velståande handelsmannen Henrik Didrik Friis, ofte omtala som Rugsund-kongen og den fyrste ordføraren i Davik kommune.

Både i stil og byggjemåte var kyrkja svært lik den to år yngre Utvik kyrkje. Utgangspunktet for begge kyrkjene var ei typeteikning laga av arkitekt Linstow. Folk kjende til at han var sjølvaste slottsarkitekten, og mange meinte at kyrkja i Rugsund var den finaste i i heile Nordfjord. Men bygdebokforfattaren Jakob Aaland ville ikkje seie seg heilt samd i det. Han skreiv at både denne og Utvik-kyrkja var einfelde, sterke, lyse, romslege, men kalde og lite trivelege.

Opphavleg hadde kyrkja eit heller lite tårn med ei tårnhette i same forma som den kyrkja i Utvik enno har. Frå fyrst av hadde ho ikkje kortilbygg, derimot var øvste delen av skipet skilt frå resten av kyrkjerommet med balustradar, andreaskross og to svære søyler på kvar side av midtgangen. Taket var høgt og flatt. Innvendig hadde kyrkja frå fyrst av umåla vegger. Interiøret elles var kvitmåla.

Utviding av kyrkja

Det gjekk berre nokre få tiår før kyrkja var for lita. I 1877 påpeika biskopen at ho burde utvidast, og i 1895 kravde Stiftsdireksjonen at ho måtte byggjast større. Då kyrkjeeigar Friis døydde i 1897, og arvingane gjekk med på å selje kyrkja, starta den verkelege striden. Skulle kyrkja flyttast til Totland slik at dei kunne byggje ny i Rugsund, eller skulle ho utvidast? Løysinga vart ei utviding.

I samband med utvidinga og restaureringa i 1911-1912 vart det gjort store endringar på bygget. I tillegg til endringa av tårnet vart det bygt til kor, og over det innreia eige galleri til orgelet.

Dette galleriet står ein del høgare i kyrkjerommet enn galleriet i vestenden av kyrkjeskipet. Oppgangen er frå prestesakristiet på nordsida. På sørsida vart det bygt til dåpssakristi med inngang inn til skipet. Dei gamle stolstadene der kvar familie hadde sin faste plass, vart skifta ut med benker. Kyrkja fekk nye vindauge med glasmåleri i koret og elles i alt 28 dekorerte ruter i vindauga langs veggene i sjølve kyrkjerommet. Glasmåleria er laga av Jørgensen frå Kristiania. Gjevarane var einskildpersonar, bygdelag og familiar, og alle har fått måla på namna sine. Innvendig fekk kyrkja kledning, og framfor alt fekk ho den særeigne dekoren og det vakre treskjeringsarbeidet som vart utført under leiing av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik.

Rikt dekorert interiør

Begge galleria er rikt dekorerte med rosemålingskunst iblanda kristne motiv. Hovudfargane er blåtonar, grønt og gult, spesielle fargar som står fint til kvarandre. Detaljane er imponerande, og endåtil orgelet som vart kjøpt i 1911, har utskjeringar og dekor i stil med kyrkja elles. Plasseringa av orgelet er lite praktisk med omsyn til den kontakten organisten bør ha med presten. Over koropninga er det måla skriftband med teksten "Hvo elskelige er dine boliger, Herre herskarers Gud", laga av den lokale målaren Rasmus Bortne.

Kinsarvik måla sjølv både preikestolen og døypefonten, og han skar ut den særeigne altertavla med motivet "Jesus går på vatnet". Til rosemålinga fekk han hjelp av Bortne. Prosten Ingvald Eide og kona Amalia skal ha mykje av æra for at Kinsarvik fekk oppdraget og at kyrkja fekk den innvendige utsmykkinga som ho gjorde. Sjølve gav dei to glasmåleri, som framstiller Peter og Paulus, til minne om den einaste dottera deira, Liv, som døydde i ung alder.

Inventar

På alteret står to lysestakar i messing frå 1912. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1712, og ei brødøskje og ei vinmugge i sølv frå 1912. Dåpsfatet har innskrifta "Lader de smaa børn komme til mig. Mat.19,14". Dåpsmugga frå 1912, har innskrifta "Rugsund Kirke 1912". Den sjuarma lysestaken frå 1988, er ei gåve frå Hennøysand krins.

Den 12-arma lysekrona frå 1719, har innskrift med eit bibelsitat og namna på gjevarane. Ei gammal altertavle med utskoren sol på blå botn, og eit måleri av nattverdsinnstiftinga laga av H. Reusch, er no på det bakre galleriet.

Orgelet frå 1917 har 11 stemmer, og er laga av Olsen og Jørgensen. Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå 1837, og har innskrifta "Støpt i Bergen af Wingaard & Bouilly tilhørende den i 1837 ved Henrik D.E. Friis ny oppførte Rugsunds kirke i Nordfjord". Den andre er frå 1911, laga ved O. Olsen & Søns Klokkestøberi Nauen i Tønsberg, har innskrifta "Våg og bed, dig Bered. Snart jeg ringer dig inn til fred".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR