Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. desember 2006

Sist oppdatert 22. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bjørkehagar i Kroken



Trea i slike hagemarker var som regel låge, og med regelbunden avkapping av greiner gjorde dette at det var gode lystilhøve og vekstvilkår for gras og urter. Kappflatene var kring 2-3 meter over bakkenivå slik at husdyra ikkje nådde opp og åt av det friske bladverket. Den opne strukturen gjorde også at nedbørsmengdene til jordbotnen var tilfredsstillande og at husdyra fekk skugge og ly for veret.

Bjørker var ganske kjenslevare for sterk attendeskjering. Ein måtte forme bjørkene over mange år, og stadig setje att livkvistar. På dette viset fekk mange bjørker ei vid krune, ofte med ein 'kandelaberstruktur' som dette.

Bjørker var ganske kjenslevare for sterk attendeskjering. Ein måtte forme bjørkene over mange år, og stadig setje att livkvistar. På dette viset fekk mange bjørker ei vid krune, ofte med ein 'kandelaberstruktur' som dette.

Eigar: Leif Hauge

Fotograf: Leif Hauge

Økologi

Men med noko skuggeverknad frå bjørkene gjorde at det her også kunne trivast artar som hadde vanskar med solinnstråling ute på dei opne engene. Såleis var det her mange randsoneartar, slike ein i dag finn i overgangen mellom opne enger og skog. Bladfelling gjorde også at det vart noko gjødsling gjennom nedbryting av blada. Hagemarkene fekk likevel mest gjødsel frå beitande husdyr.
Svært viktig var også vasshushaldninga. Bjørker har eit djupt rotsystem, slik at dei kunne hente opp vatn og næringsemne djupare nede i grunnen enn andre treslag. Såleis kunne ein utnytte område til fôrsank som elles var lite produktive. Bjørkehagane kan til ein viss grad samanliknast med olivenlundar og eikeskogar ved Middelhavet.
Samspelet mellom lauving (avkapping av greiner) og slått og beiting av graset i feltsjiktet var også viktig. Ved attendeskjering av trekruna trong ikkje treet plent så stort rotverk. Ein del rothår døydde, og gjennom forråtning gjødsla dette opp grunnen slik at gras og urter på overflata fekk litt betre næringstilhøve.

Styvingstre

Karakteristisk for Kroken er dei mange styvingstrea. Gjennom generasjonar har desse bjørkene vorte lauva, slik at dei etterkvart har tilpassa seg denne driftsforma. Bjørkene vart skorne attende med eit mellomrom på kring 5-6 år. Bjørkene tåler ikkje kraftig atttendeskjering, slik at ein måtte vere varsam med å kutte alle greinene. Det måtte som regel stå att ein eller eit par livkvistar. Med åra prøvde ein å forme eit så stort stammesystem som mogeleg. Såleis fekk bjørkene ofte form som fleirarma lysestakar av gamle greiner, og ein krans av friske unge greiner ut frå desse. Målet var å få produsert så mykje friskt lauv som mogeleg. Mykje handlag og erfaring frå lauvinga kom seinare til nytte i fruktnæringa. Her er det mange likskapstrekk både i form av økologi og struktur.

Bjørkehagen i dag

Bjørkehagar var tidlegare svært vanleg i Luster, som regel på marginal jordbruksmark, ofte også i urer og jamvel nesten på naken berggrunn. Ein ser desse karakteristiske strukturane langs heile fjorden, spesielt utover stranda mot Kinsedalen. Både som store samanhengjande hagemarker, men også som einskilde her og der.
Men bjørkehagen på Kroken er spesiell. Her dekkjer hagemarka heile den store grusterrassen og skredjord og formar eit spesielt landskapselement mellom fjorden og fjell. Trea er no ikkje lauva på mange tiår, slik at strukturen har endra seg litt frå korleis det tidlegare såg ut her. Trea har vakse i toppen, og sidegreiner har rotna bort. Dette gjer skogen noko tettare enn tidlegare, men ein kan enno tydeleg sjå gamle kappflater på stammer og greiner.

Målarkunst

Bjørkehagen var på sitt mest velutvikla då dei nasjonalromantiske målarane søkte til Kroken på slutten av 1800-talen. Ein kan kjenne att strukturen til bjørkehagane i måleria, spesielt når ein jamfører med terrengformasjonar i landskapet. Her ser ein kjente fjellformasjonar, spesielt med "Rivenosi" i bakgrunnen.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hauge, L. & Austad, I. 1989. Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Luster kommune. Rapport 5. Sogn og Fjordane DH Skr. 1989:8. 98s.

PERMANENT IDENTIFIKATOR