Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. mars 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Konglomerat til plage, nytte og pryd



Isbreen nådde ikkje ut på dei aller ytste øyane i Solund. Til gjengjeld la han rikeleg att med konglomeratstein på øyane innover, til meins og til nytte for dei som slo seg ned her.

"Steinhavet" nedfor ein av gardane i Steinsund. Då gardshusa her vart oppsette i 1920, var det berre råd å køyre til sjøs med hest og slede, der bakkane i dag er oppdyrka. Men Hans O. Steinsund, saman med borna, hadde godt mod på steinen. Det minste snøkast var nok til at hesteselen kom på. Stor eller liten, mest kvar einaste stein me ser her, er transportert frå dyrkingsfelt og urer, til sjøs med hest og steinslede.

"Steinhavet" nedfor ein av gardane i Steinsund. Då gardshusa her vart oppsette i 1920, var det berre råd å køyre til sjøs med hest og slede, der bakkane i dag er oppdyrka. Men Hans O. Steinsund, saman med borna, hadde godt mod på steinen. Det minste snøkast var nok til at hesteselen kom på. Stor eller liten, mest kvar einaste stein me ser her, er transportert frå dyrkingsfelt og urer, til sjøs med hest og steinslede.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2002.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Ikkje nett legoklossar

Studerer ein grunnmurane under eldre hus på øysamfunna vestom Straumsfjorden, ser ein snart at mykje av steinen er tilførd. Og når dei likevel måtte føre stein langvegs frå, valde dei frå område med skapleg murstein.

Det siste kneip det med lenger innover i kommunen, endå det var rikeleg av lausstein. Konglomeratet er ikkje lagdelt og er dermed lite eigna til å mure med. I eit såpass vêrhardt område ville det gjort seg både med steinløer og vernemurar på drevsidene. Men klumpet og uformeleg som konglomeratsteinen er, var det uråd å leggje ein mur slik at vatnet mot veggen heile tida rann ut. Stein med god vis, flat framside, lyt ein leite etter. Å kløyve konglomeratstein går, men han sprekk som han sjølv vil. Den knudrete, fargerike forma gjer likevel ein slik mur særs vakker, og steinslaget ligg godt både i murar og vegskråningar.

God steinavsetnad ved sjøen

Langs dei fleste fjærer der det bur folk, ligg i dag ein jar av ryddestein som folk ein gong har maksla til sjøs, anten no slåttebøen skulle dyrkast betre, eller utvidast.

Tidleg la dei vinn på å rydde til ei høveleg stø for robåten, gjerne med ein liten steinvòr på eine eller begge sidene, til ly for vindskavlen. Nye generasjonar utvikla sjødrifta og brukte større båtar. I hamna kom mura sjøhusgrunnar, steinbryggjer og til sist moloar. På somme gardar kom kvar einaste stein til nytte på ei eller anna vis. Steinslaget sat godt i iletau og laksenotstreng, i småelvar og sjøbordfjærer fanst glattare utgåver til not- og garnsøkke.

Stubbebrytaren vinn terreng

Mykje av ryddesteinen hamna og i grunnmurar under våningshus og fjøsar, likeins til gjerde på inn- og utmark. Det fanst òg dei fiskarbønder som gjekk laus på myr-dyrking. Steingrøftene trakta godt væte or jorda, men kunne bli reine steinsluk når myra seig og veitene gjekk seg att.

Vinteren 1909-1910 gjekk ein ungdom frå Steinsund på Mo jordbrukskule. Der fekk han kjennskap til eit arbeidssparande vedunder på tre bein: steinbrytaren. Straks skaffa han og broren seg beslag og blokker og laga første steinbukkane i Solund. Andre gjorde sameleis då dei såg kor hendig denne reiskapen var til dyrking, steinkøyring og muring.

Hellerar til ly

Mange stader i Solund ligg svære flyttblokker så overraskande til at ein kunne tru dei var plasserte for moro. Ikkje har dei komme langvegs frå heller, sidan dei er av same bergarten som fjellgrunnen elles her. Litt rart kanskje, når bergarten vart kitta saman under høgt trykk, langt under jordoverflata eingong.

Særleg når isbreen har tørna mot dei nord-sør-gåande fjellrekkjene, har han lagt att rikeleg stein på begge sider av fjella. Vintersdagen i snøvêr sette utegangssauene stor pris på alle desse hellerane og steinhusa som naturen stilte til rådvelde. Her samla dei seg, og her var dei greie å finne når eigaren tok seg fram med høysekken. Og når striregn og torebyer tok laust i sommarhalvåret, stod mang ei ku i ly her for verste drevet.

Konglomerat til pryd

Mange meinte at det fargeike steinslaget kunne utnyttast til pene bruks- og prydgjenstandar, og i 1981 vart Buskøy Steinindustri skipa. Bak stod Harald Bontveit og Herman Færøvik. I produksjonslokala kom etter kvart alle maskiner som måtte til under prosessen. Råmaterialet henta dei berre nokre meter frå produksjonsplassen, med boring og skyting. Produkta var lamper, bordplater og gravminne m. m.

Etter ein tiårsbolk låg drifta nede nokre år til unge Einar Bontveit år 2000 starta opp att, etter først å ha teke fagbrev i steinindustrifaget. Saman med faren, Harald, driv han no under namnet Veststein ANS. Dei produserer etter kunden sine ynske, og utvidar stadig varespekteret. Kundane er private, firma og byggvarebutikkar.

kjelder:

Munnlege opplysningar frå:
Einar Bontveit og Hanna Færøy, Solund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR