Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vårstølen under Vettisfossen



Vetti har hatt to fjellstølar, Fleksnosdalen/Fleskedalen og Vettismorki. Garden hadde òg ein vårstøl, ''oppunde fossen''. Sommaren 2003 var Morkagjengen komen langt med å setja opp ei bu på ein attgrodd grunnmur. Dei ynskte å få ein gammal støl fram or gløymsla. Det stod nemleg eit stølshus her for kring hundre år sidan.

Ein del av Morkagjengen i arbeid. Morkagjengen er ein flokk livlege årdøler i alle aldrar og fasongar. Storparten av fritida si bruker dei på Vettismorki og Fleskedalen, der dei i tillegg til sosialt samvære, jakt og fiske syter for at sel, bruer og anna er i god stand. Også den gamle saga ytst i Vettismorki har dei restaurert på ein førebiletleg måte. I tillegg har dei hatt meir enn ei hand med i drifta av turisthytta Ingjerdbu, og med oppattbygginga av denne etter brannen.

Ein del av Morkagjengen i arbeid. Morkagjengen er ein flokk livlege årdøler i alle aldrar og fasongar. Storparten av fritida si bruker dei på Vettismorki og Fleskedalen, der dei i tillegg til sosialt samvære, jakt og fiske syter for at sel, bruer og anna er i god stand. Også den gamle saga ytst i Vettismorki har dei restaurert på ein førebiletleg måte. I tillegg har dei hatt meir enn ei hand med i drifta av turisthytta Ingjerdbu, og med oppattbygginga av denne etter brannen.

Eigar: Bjørg Karin Eldegard og Inge Ruud.

Datering: 1998.

Fotograf: Inge Ruud.

Sette opp att ''bui unde fossen''

Inge Ruud er ein av fleire ivrige karar som i bygda går under namnet Morkagjengen. Saman med Jørgen Vetti var han ein gong i området nær Vettisfossen for å undersøka om ei gammal løe kunne settast i stand att. Det prosjektet vart det ingenting av, men i staden kom dei over restane etter Fossebui og vart einige om at her var det arbeid å gjera. Ikkje lenge etter gjekk Jørgen Vetti på tragisk vis bort, men Morkagjengen sytte for at arbeidet vart gjort. Tufta vart rydda, torvtak lagt, og ''bui unde fossen'' stod fram i nygammal drakt.

Fram or gløymsla

Ikkje berre har Fossebui lege i skuggen av høge fjell, stølen har òg lege i skuggen av dei langt meir kjende stølane Vettismorki og Fleskedalen. Vakre bilete av desse stølane har pryda prospektkort og flotte bøker, medan ikkje ein gong årdøler flest har kjent til den vesle vårstølen der elva frå Vettisfossen møter Utla. Men knapt nokon støl i Noreg kan skryta av meir dramatiske omgjevnader enn smålåtne Fossebui i Utladalen, med ein av verdas flottaste fossar som næraste nabo.
Det kan elles nemnast at vårstølen under Vettisfossen er utegløymd i den nasjonale stølsregistreringa i 1930-åra.

I bruk fyrst på 1900-talet

Kor gammal stølen er, og kven som bygde han, veit ingen noko om i dag. Kari Eldegard, som sjølv kjem frå Vetti, kan ikkje hugsa at stølen var i bruk, og ho vart fødd i 1912. Gerd Berget, fødd 1924, fortel at mor hennar, Brita Vetti (1887-1963), sat som budeie ''unde fossen'' då ho var ung. I 1915 gifte Brita seg med Erik Offerdal og flytte frå Vetti. Ein kan såleis gå ut frå at stølen vart nedlagd rundt hundreårsskiftet, truleg ikkje seinare enn i 1915.

Vårstøl for geiter

Etter det Kari Eldegard meiner å vita, har Fossebui berre vore nytta som vårstøl for geiter. Både terreng og beite høver godt for geiter, men mindre for kyr. Om hausten beita geitene gjerne i same området, men utan at stølen var i bruk. Kari har òg høyrt at farnesingar ei tid brukte stølen til liks med dei frå Vetti. Det var dei i Håvardsgarden (bruk under Hestetun) som var der med geiter om vårane.

Brita Vetti var budeie

Dei store stølsgrendene var òg møteplassar, med liv og moro for gammal og ung. Slik var det nok ikkje ved Fossebui, og dagane blei lange for den som budeie skulle vera. Vesle Brita Vetti fekk med seg ein rokk ein av somrane ho sat der framme. Tida skulle nyttast, ein skulle ikkje sitja gjerandslaus i dei dagar! Mange år seinare sukka Brita til dottera Gerd Berget: ''At e ikkje kasta heile rokken pao elvi!''

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Årdal Før og No. 1/2003.
Munnlege opplysningar frå:
Kari Eldegard, Årdal.
Gerd Berget, Årdal.
Bondesamfunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo - Sætrar og sæterbruk i Noreg.

PERMANENT IDENTIFIKATOR