Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. februar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum 2014 - Vengebåten eidsvollmennene frå Bergen reiste med



Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss, union med Sverige. Viktigast var Grunnlova. – Eidsvoll-møtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og militæravdelingane. Den 25. mars la ein vengebåt ut frå Bergen med fem utsendingar som skulle til Eidsvoll.

<p>Illustrasjonen &rdquo;Vengeb&aring;ten &aring;t bergensarane&rdquo; i Nordahl Rolfsens <em>Lesebok for folkeskulen </em>(utg&aring;ve 1921)</p>

Illustrasjonen ”Vengebåten åt bergensarane” i Nordahl Rolfsens Lesebok for folkeskulen (utgåve 1921)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Vengebåt

Båten bergensarane reiste med kallast vengebåt. Namnet kjem av veng, eit anna ord for kahytt, som var plassert akterut. Båten var ein femkeiping, 5 par keipar for fem par årar. Det sat ein rorskar ved kvar åre. Elles var dei rigga for seglføring. Vengebåtar vart gjerne brukte til å skyssa ”fint folk”.

Godt kjend

Vengebåten eidsvollsmennene frå Bergen reiste med vart godt kjend. Signaturen "blu" fortel om båten og reisa i avisa Sogn og Fjordane, mars,1964. Han fortel at reisa og båten høyrde med til "barnelærdomen":

Det er den 30 mil lange sjøreisi frå Bergen til Lærdal som gjorde denne vengebåten så kjend – reisi var ”barnelærdom” i dei eldre utgåvene av m.a. Rolfsens lesebok [t.d. landsmålsutgåva 1921], med bilete av båten.

Båten var opphavleg frå Sunnfjord, truleg bygd på Svanøy i siste helvti av 1700-talet. Bernhard Færøyvik som granska og skreiv mykje om dei gamle båttypane på Vestlandet, fortel m.a.: "Den mest kjende Sunnfjordbåten er den som Eidsvollsmennene, president Christie og fleire brukte på ferdi frå Bergen til Lærdal. Denne båten var bygt på Svanøy i futen J.W Nagell si tid (han døydde i 1780). Etter 1814 må båten vera ombygd med bakke framme og ein tung gallionsfigur fremst. Som han no er utspjåka kunde dei ikkje bruka han til skyssbåt, men som ”Paradebåt” på Puddefjorden var han staseleg å sjå til"

Etter at vengebåten hadde gjort teneste som skyssbåt for futen i Sunnfjord kom han til Damsgaard hovudgård ved Bergen. Det var derfrå han vart gjeven til rådvelde for den historiske turen for 150 år sidan. [Frå] 1890 stod vengebåten i "opplag" på Marineholmen, og i ein lauseld der 24. februar 1940 strauk denne historiske minnetingen med. [Frå]1895 var det Bergens Museum som åtte vengebåten med di eigar av Damsgaard, H. D. Janson, testamenterte han til museet. Tanken var visst å plassera han i samlingane "Gamle Bergen", Nå er det bygt ein 70 cm modell av denne båten og som vert å sjå på Eidsvoll nå i jubileumsåret.
 

Modellen

Det var Bergens Sjøfartsmuseum som kort tid etter brannen løyvde pengar til ein modell av Eidsvollsbåten i storleiken 1 : 10. Modellen vart laga av Ph. Sudmann i 1942 etter teikningar av Bernhard Færøyvik. Han står utstilt i Bergens Sjøfartsmuseum.

Skyssbåt i Alværa

Eidsvollmannen, kaptein Ole Elias Holck i Lavik, slapp den  tidkrevjande reisa frå Vestlandet til Eidsvoll i marsdagane 1814. Han var vald som utsending av BergenhusiskeInfanteriregiment og han låg på den tida i felten på Austlandet. Heime i Alværa hadde han sin eigen skyssbåt. Holck kom heim til Lavik i september, men fekk i oktober snøggbod om straks å møta i Bergen. Han reiste då truleg med sin eigen båt. Holck sin båt står nå på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum.

”I denne Kahyt”

Jacob Neuman var biskop i Bjørgvin i åra 1822-1848. I 1823 la han ut på si første embetsreise i "Sogns og Søndfjords provstier." I innberetninga har biskopen eit avsnitt om å vera passasjer – i vengen.
 

”I denne kahyt, hvor ethvert rum er omhyggeligen benyttet til gjemmested [lagringsplass] for mundprovision og andre småfornødenheder, sidder man på bepudede benker omkring et lavt bord, nokså hyggelig, ser gjennem de små vinduer landet fare forbi ved hvert åredrag, holder dørene åbne for den friske lufts indstrømmen under godt veir, men lukker dem til betryggelse for uveirs overlast, når regnen strømmer ned. Der gives ingen mageligere måde at reise på, fast for magelig, thi foruden det at der i en vengebåd, idet man fristes til enhver mødende leilighed at underdrage sig uveirets, vel somme tider hårde, men dog gavnlige hærdende, innvirkninger.

I en sådan båd, behandlet med 10 rorskarler og en styrmand, og prydet med flag og gjøs og stander, lagde jeg den 23. mai 1823 ud fra Triangelen inderst i Bergens Våg for at gjøre min første embedsreise i Sogns og Søndfjords provstier.”
 

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, mars 1964
Nordal Rolfsen og Bernt Støylen: Lesebok for folkeskulen. 1921
Bernhard Færøyvik: Eidsvollbåten. I Bergens Tidende 18.01.1941