Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tverrsamband mellom Sogn og Sunnfjord om Fjærland



Alt i 1908 vart det føreslege eit tverrsamband mellom Sogn og Sunnfjord via Fjærland. Rettnok som jernbane, men tanken var sådd. Dei fleste såg på dette som utopi, og det tok nesten 90 år før planen resulterte i eit ferdig samband, men då eit vegsamband.

Fjærland var ei av mange veglause bygder i fylket, og kampen for veg var langvarig. Biletet viser den fruktbare Fjærlandsbygda før vegen kom, med Bøyadalen og Supphelledalen. Eit kryss viser kvar Fjærlandstunnelen vart  lagd.

Fjærland var ei av mange veglause bygder i fylket, og kampen for veg var langvarig. Biletet viser den fruktbare Fjærlandsbygda før vegen kom, med Bøyadalen og Supphelledalen. Eit kryss viser kvar Fjærlandstunnelen vart lagd.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1950-1986

Fotograf: Ukjend (Haram?)

Jernbane Leikanger-Gloppen via Fjærland

Alt ved hundreårsskiftet hadde fylkesingeniør E. Borch teke til orde for jernbane mellom Fjærland og Gloppen. I 1908 sende han, saman med prost Sverdrup i Balestrand, saka til fylkestinget, som i 1911 bad om at alternativa Leikanger-Fjærland-Sandane med arm til Førde, og Vadheim-Førde-Sandane vart granska. Fylkestinget slutta seg til det siste framlegget med arm til Florø. I 1912 løyvde Stortinget kr 500,- til synfaring av desse strekningane. Då jernbaneplanen for Sogn og Fjordane kom i 1923, stod framleis jernbane mellom Leikanger og Skei gjennom Fjærland som eit alternativ.

Samling av "et splittet fylke"

Sverdrup hadde 12. oktober i 1929 eit langt innlegg i Morgenbladet. "Byg en forbindelse - jernbane eller bilvei - fra bunden av Fjærlandsfjorden til Skei i Jølster, og dette nu saa tungvinte og splittede fylke vil bli saa lettvint og bekvemt som noget andet, og kommunikasjons-spørsmaalene, som nu volder slik strid, vil løse sig saa at si ved sig selv." Vegdirektør Baalsrud kommenterte denne ideen med at "den ærlig talt ligger utenfor min beskjedne tankekreds". Ein så lang vegtunnel, over 7 km, verka nok både teknisk vanskeleg og svært kostbar.

Bilveg til Fjærland

17. januar 1930 sende Jølster kommunestyre ein søknad til vegadministrasjonen om å byggja bilveg Fjærland-Skei-Sandane. Samstundes sende Fjærland soknestyre ein søknad om at ein slik bilveg måtte bli kostnadsrekna. Dåverande vegsjef Knud Knudsen kommenterte dette prosjektet med at det høyrde heime i ei fjern framtid. Då fylkestinget i 1930-åra drøfta bruken av vederlagsmidlane som dei skulle få i staden for jernbanar, tok dei atterhald om at kostbare prosjekt som tunnelar måtte haldast utanfor vederlagsmidlane.

Fire alternativ

I 1940 la vegkontoret fram ein ny vegplan for Sogn og Fjordane. Når det galdt veg til Fjærland var det fire alternativ. 1. Veg langs vestsida av fjorden til Vetlefjorden i Balestrand. 2.Veg over Stølaholmen-Berge-Sogndalsdalen. 3. Tunnel under Jostedalsbreen til Lunde i Jølster. 4. Veg innover Suphelledalen og over til Veitastrondi og Sogndal. Alternativ 1 var på den tida det mest realistiske. Striden kom til å stå om vegen skulle gå på austsida eller vestsida av Fjærlandsfjorden. Fleirtalet i Fjærland gjekk inn for veg på austsida, som ledd i tverrsambandet Hella-Fjærland-Skei. Fylkesmann Seip var samd i det.

Veg - meir lønsam enn båtruter

I 1954 kom den såkalla Rasjonaliseringsplanen, som gjekk ut på å gi statsstøtte til vegar i visse kystdistrikt, slik at ein kunne leggja ned subsidierte båtruter som gjekk med underskot. Sogn og Fjordane sette opp nokre slike anlegg, og eitt av desse var veg til Fjærland. Fylkesbaatane hadde der eit årleg underskot på rundt kr 70.000 på båtruta inn til Fjærland. Problemet var at slike vegar ikkje måtte kosta meir enn 7 mill. kroner, og ein veg på austsida av Fjærlandsfjorden ville kosta mykje meir. Vegen måtte difor gå på vestsida. Det ville truleg bli rimelegare. Fylket hadde fått ny fylkesmann, som ikkje delte Seip sitt syn.

Folkemøte i Fjærland

Eit folkemøte i Fjærland i 1954 overlet til fylkesadministrasjonen å arbeida vidare med vegspørsmålet. Fylkestinget laga eit framlegg om vestsidevegen som rasjonaliseringsanlegg. Samferdslekomiteen i Stortinget var på synfaring i 1955 og såg positivt på saka. I 1960 vart første biten av Fjærlandsvegen på vestsida påbyrja, bygdevegen mellom Ulvestad og Menes med 60 % statstilskot. Men mange var skeptiske. Kom vegen på vestsida vart han fylkesveg, og det betydde høgre kostnader for Balestrand kommune, som Fjærland tilhøyrde, og eit anlegg som ville ta lang tid grunna små løyvingar.

Veg på vestsida av fjorden

I 1959 oppmoda Balestrand kommune vegkontoret om å stikka og kostnadsrekna veg på begge sidene av Fjærlandsfjorden. Kostnadene var rekna til 9,75 mill. kroner for veg på austsida og 7,9 mill. kroner på vestsida. I 1960 var saka oppe i fylkestinget, og fylkesmann Nikolai Schei og vegsjef Egil Abrahamsen gjekk inn for vestsidevegen som einaste moglege løysing. Det vart peikt på at då ville Fjærland få samband med resten av Balestrand kommune utan ferje. Men fleirtalet i Fjærland ville ha samband til Hella.

Vegsjefen snur

I 1963 snudde vegsjef Egil Abrahamsen og gjekk inn for veg på austsida. Han såg tverrsambandet Hella-Skei som eit alternativ til heilårsveg over Strynefjellet, som også var ei brennaktuell sak. Dette var stikk i strid med det fylkesmannen meinte. I arbeidet med prioriteringar til Norsk vegplan i 1967, prioriterte fylkestinget samrøystes Hella-Skei. Hella-Fjærland skulle byggjast i første femårsperioden (1970-74), og Fjærland-Skei med tunnel i perioden 1976-79.

Eit steg tilbake?

I drøftingane om tverrsambandet mellom Sogn og Sunnfjord var det tre alternativ; ei opprusting av Gaularfjellsvegen, Balestrand-Kongsnes-Høyanger og Hella-Fjærland-Skei. Korkje vegplankomiteen på Stortinget eller Samferdselsdepartementet tilrådde Hella-Skei, men at ein bygde ut Gaularfjellet til mellombels heilårsveg og byrja arbeidet med Høyanger-Kongsnes. Då saka på nytt kom opp på fylkestinget i februar 1973, tilrådde eit knapt fleirtal å prioritera Høyanger-Kongsnes. Fylkestinget hadde snudd. Balestrand-Kongsnes vann fram etter hard dragkamp, både i fylket og på Stortinget, som vedtok dette i 1975. Stortinget følgde her vegsjefen si tilråding om "Sognefjordslina". Men samstundes vart det vedteke at Fjærland skulle få vegutløysing, men då til Skei og ferje mellom Fjærland og Hella. Arbeidet med vegen byrja i 1977.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Tveit, Norvald: Eit vegopprør i Bygde-Noreg: Fjærland. Oslo 1973.
Fylkestingsforhandlingane, 1940-1949.
NRK Sogn og Fjordane, Fylkesatlas:
http://www.nrk.no/sfj/fylkesatlas

PERMANENT IDENTIFIKATOR