Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Holestøylen



Holestøylen er støl for Hole, gard nr.88. Stølen ligg ca. 673 m o.h. eit stykke innpå fjellet. Her er 7 sel, delvis nye, og 5 fjøs. I tillegg nokre fine fjøsmurar og restar etter steingard ved stølskvia.

Holestølen med eldre og nyare sel. Fin stølsvoll.

Holestølen med eldre og nyare sel. Fin stølsvoll.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag er det ca 2 km rås frå riksvegen over Utvikfjellet. Den opprinnelege stølsråsa går frå tunet med ca 1 times gange opp til stølen. Om vinteren er det stor friluftsferdsle ved stølen, og mange småbarnsfamiliar brukar den som mål for dagens tur.

Bruk av stølen

Johanna Hole Paulen fortel: "Eg gjekk til støls i 5 år fram til 1951. Då hadde fleire bruk slutta for fleire år sidan. Dei kyrne som ikkje mjølka gjekk på fjellet og overnatta ofte nær stølskvia. Vi flytta til støls 1. juli og var der i to månader til 31 august. Det var stor kvie rundt stølen og alle brukarane hadde slåtteteigar som vart slått fram til ca 1944. 2-3 dagar brukte vi på stølsslåtten. Høyet vart lagt inn på fjøslemmen og køyrt heim på snøføre om vinteren.

Vi ser ikkje ned i bygda frå Holestølen, men ikkje nokon stad ser ein Breimsfjella så vakre som ein augustkveld i solnedgang. Vi ser Bøafjellet, Eggenipa, Vora og innover Jostedalsbreen mot Snønipa. Går vi burt på Karibakken ved sida av stølen, har vi utsyn mot Strynefjella og fjella på nordsida av fjorden med Hornindalsrokken i bakgrunnen.
Vest for Holestøylen ligg Kjerringsteinen. Ei gamal segn fortel at ei kjerring berga seg opp på den steinen då ho hadde bjørnen etter seg. Mange er det som har prøvt det seinare, men så vidt eg veit, er det ingen som har greidd det med eiga hjelp. Steinen er smalare nede enn oppe og vanskeleg å klatre.
Stølsgjestebod og stølshans (gutane som spanderte) var det slutt med før mi tid. Men vi hadde mykje besøk i helgene, då var vi ofte oppe om sundagen og."

Nokre fakta

Hole, gard nr. 88, Breim sokn, hadde 7 bruk i 1890.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.