Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bergheimsstøylen



Bergheimsstøylen ligg i Våtedalen, ca 3 km sør for Egge, i ei høgd på ca. 180 m o.h. Stølen er for brukarane på Bergheim, gard nr. 105. Beitetida, sjå nedanfor, var delt mellom Bergheim og Egge i samsvar med avtalar og rettsavgjerd. No står det att berre eit sel i ly av ein stor stein. Tidlegare var her mange fjøs medan sela delvis var felles. Våtedalen har svært gode vilkår for gras. Den har då og i all tid vore godt utnytta til beite og slått.

Bergheimstølen med nyvegen.

Bergheimstølen med nyvegen.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: ??.

Tilkomst

Riksvegen går rett ved sida av stølen. Denne vegen kom i 1889.

Bruk av stølen

Frå Bygdeboka: " I nær sagt uminnelege tider har her vore til dels skarp strid om støl, beite og slåttemark i Våtedalen, med fleire gardar i området som partar. --- Vi ser fleire gonger i gamal tid at hovudpartane var Bergheim, Hjelle og Egge på eine, og Klakegg i Jølster på andre sida (m.a. i 1563). Men i fleire høve vart her teke rettsavgjerder som einast galdt Bergheim og Egge.
I semje og bruksavtale i 1651 og 1693 fekk Egge såleis bruksrett til beite fram til 8 dagar før botolvsdag (17. juni) og etter barsok (24. august) - seinare endra slik at beitetida for Bergheim vart 17. juni til 10. august. Egge sine beiterettar vart avgrensa til anmark (storfe). I dette hundreåret hadde stølen veg. Brukarane samarbeidde om å køyre med hest, kvar sin kveld inn på stølen. I fjøset hadde dei hestebås der hestane stod om natta, før turen gjekk tilbake neste morgon. Alle dei gamle bruka hadde fjøs, men samarbeidde om sel. Fleire av bruka slutta stølsdrifta i 1930-40 åra, men Inngardsbruket heldt fram heilt til 1965."
Som nemnt står det no att eit sel.

Nokre fakta

Bergheim, gard nr 105, Breim sokn, hadde 3 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR