Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. november 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinar og vardar på Kjeringafjellet



Frå Skarseggi, høgdedraget mellom Dalseteskard og Rypeskard, reiser fjellmassivet Kjeringafjellet - også kalla Leireggi - seg i nord. Godt synleg på lang lei står på austsida ein veldig stein som frå gamalt er kjend som Kjeringi. På høgaste punktet 1314 moh i nord står ein varde som i ruteinformasjonen til rennet/løpet Kjeringi Open også er kalla Kjeringi. Noko lenger aust står ein kring to meter høg "bautastein".

Kjeringi eller også nemnt Kjeringasteinen på Kjeringafjellet. Steinen ligg på vel 1100 moh på austsida i sør. I bakgrunnen Hermansverk og Fresvik.

Kjeringi eller også nemnt Kjeringasteinen på Kjeringafjellet. Steinen ligg på vel 1100 moh på austsida i sør. I bakgrunnen Hermansverk og Fresvik.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

"Bautasteinen"

Mange vegar fører opp på Kjeringafjellet. Ein går frå Fivelhola i Henjadalen om stølen Sevi opp til Blankavatna vest for Sevihovden og det siste stykket opp ein smal rygg. Ein gamalt namn på denne ryggen er Skjenstå. Om lag hundre meter nedom ein liten varde på 1311 moh her, på kanten av brattlendet ned mot Friksdalen, står ein kring to meter høg "bautastein". Steinen er 55 cm brei nede og smalnar berre lite mot toppen. Tjukna nede er kring 20 cm og lenger oppe kring 10 cm. Høgda er kring 190 cm. Det står ingen ting innhogge på steinen.

Uvisst når han vart reist

Fleire spørsmål melder seg: Kvifor er ein så høg stein oppsett her, eit stykke frå den naturlege gangvegen? Når vart det gjort? Kven reiste steinen? Har steinen noko namn?
Ein "teori" går ut på at steinen vart reist av ein mann med namn Arne Myklebust. Myklebust kom til Leikanger som dagleg leiar ved Sygna Ullvarfabrikk A/S som starta opp i 1913.
Trygve Rishovd, fødd 1916, meiner steinen må vera mykje eldre. Han minnest ein gammal mann sa til han: "Eg er sikker på dette må vera ein gammadl bautastein".
Den eller dei som reiste steinen gjorde godt arbeid. I 2005 står steinen framleis temmeleg rett og rak. På spørsmål om namn eller nemning på steinen, svarar Rishovd at han ikkje kjenner til noko eige namn. Han vart berre nemnt som bautasteinen ved fremste varden (sjå nedanfor).

Steinen Kjeringi
Frå Skarseggi i sør og frå stølen Sevi i nordaust viser den veldige steinen Kjeringi i synsranda. Han ligg på austsida av Kjeringafjellet i sør, på nokså nøyaktig 1115 moh i hamralaga opp mot platået på Kjeringafjellet. Kjeringi, også nemnt som Kjeringasteinen, ruvar i landskapet, særleg når ein er tett attmed. Steinane rundt blir berre småtteri. Kjeringi må vera minst fem-seks meter høg, og ikkje heilt lett å koma oppå.

Johannes Henjum, f. 1936, fortel i 2005, at Kjeringi var eit kjent turmål frå før hans tid. Dei gjekk på ski opp til Kjeringi og hadde derifrå fine unnabakkar heimover. Det er såleis tradisjon å renna på ski frå Kjeringi.

Ordforklaring: hamralag - lende med berghamrar.

Varden på Kjeringafjellet - "Kjeringi"
Varden på høgaste punktet på Kjeringafjellet er sylinderforma, halvannan meter høg, og oppsett som trigonometerisk merke av Statens Kartverk, tidlegare Norges Geografiske Oppmåling (NGO). Han har aldri hatt noko eige namn på offisielle kart. Rishovd fortel at dei to vardane på 1314 og 1311 moh, og som ligg nokså nær kvarandre, vart nemnde som heimste varden og fremste varden (på Kjeringafjedle).

Vårens vidlaste eventyr, Kjeringi Open, startar ved varden på det høgaste punktet, heimste varden. Arrangørane, deltakarane og media måtte ha ei "adresse", eit stadnamn. "Varden på Kjeringafjellet" er langt, og "Heimste varden" kjende dei kan henda ikkje til. "Kjeringi" høvde betre, ikkje minst til namnet på konkurransen. I aviser og trykksaker finst fleire variantar: "frå fjellet Kjeringi", "Kjeringi 1314 m.o.h.", "Kjeringifjellet." På Internett bruka arrangørane i 2005 "fremsta Kjeringi" på heimesida si.

Nytt stadnamn?

Stadnamn oppstår når det er bruk for dei som adresser eller referansar. Skiftande tider gjer at gamle stadnamn kjem bort og nye blir til. Likelydande stadnamn er ikkje uvanleg. Nærare presisering vert ofte gjort ved tilleggsord, t.d. Øvre Njøs og Nedre Njøs, Ytre Hamre og Indre Hamre, Svartavatnet og Vetla Svartavatnet. Det same skjer med personnamn, t.d Store-Olav og Vetle-Olav.
Arrangørane av Kjeringi Open har laga seg eit nytt stadnamn. Dei har "kopiert" Kjeringi, skøytt på "Fremsta" og "limt inn" det nye namnet "Fremsta Kjeringi" på den heimste varden på Kjeringafjellet.

Kva med Kjeringavarden?

Somme tykkjer at Kjeringi Open si nemning Fremsta Kjeringi på varden på det høgaste punktet på Kjeringafjellet er heilt forkasteleg. Eitt synspunkt er at ein stein og ein varde ikkje kan sidestillast på same måten som to stølar, to elvar, to vatn, to fjell, eller to dalar. Ein stein og ein varde er to ulike objekt. Tenkjer ein seg at namnet på fjellet, Kjeringafjellet, har fått namnet sitt etter steinen Kjeringi, ville det logisk rette vera å kalla varden på høgaste punktet på Kjeringafjellet for Kjeringavarden. Å bruka det gamle innarbeidde namnet Kjeringi, på varden, smakar av "å stela" eit stadnamn.

To namn på Kjeringafjellet

Kjeringafjellet, Kjeringafjell eller Leireggi? Kartblad 1317II, utgjeve 1995, har Kjeringafjell som namn på fjellmassivet mellom Henjadalen og Grindsdalen. Folk i "indre Systrondbygdi" brukar bunden form, Kjeringafjedle.
Hans E. Hamre i "ytre Systrondbygdi" fortel at heile massivet høyrer til utmarka til Hamre og for han er fjellmassivet mellom Grindsdalen og Henjadalen Leireggja. Foreldra hans sa det og besteforeldra. Dessutan har han høyrt gjete at det på eit gamalt kart frå 1800-talet står Leireggen.
Slik er det. To bygdelag brukar kvar sitt namn. Kjeringafjellet ligg an til å bli det dominerande ved at Leireggi er borte frå dagens kart.

kjelder:

Munnlege opplysningar frå:
Johannes Henjum, Leikanger.
Trygve Rishovd, Leikanger.
Hans E. Hamre, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR