Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

1905 - 7. juni 1905



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om det historiske vedtaket.

Stortinget sitt møte 7. juni 1905. Biletet er teke under avrøystinga som føregjekk ved namneopprop. På presidentplassen: Stortingspresident Carl Berner.

Stortinget sitt møte 7. juni 1905. Biletet er teke under avrøystinga som føregjekk ved namneopprop. På presidentplassen: Stortingspresident Carl Berner.

Eigar: I Unionens opløsning 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Ukjend amatørfotograf.

Fire 7. juni

Datoen 7. juni er knytta til fire "store" hendingar i Noregssoga, - to "sorgens kapittel" og to "gledens budskap". Første nederlaget knyter seg til 7. juni 1895 då Stortinget vedtok å leggja til sides krav om eige norsk konsulatstell etter at Sverige hadde truga med å bruka krigsmakt.

Den andre triste merkedagen var 7. juni 1940 då kong Haakon og den norske regjeringa gjekk om bord i det britiske krigsskipet "Devonshire" i Tromsø og drog i eksil til England etter at Norge hadde kapitulert i krigen mot Tyskland.

Den første lysande merkedagen - flaggdagen - er 7. juni 1905 då Stortinget gjorde vedtaket som innebar at unionen med Sverige var oppløyst.
Den andre er 7. juni 1945 då kong Haakon kom til landet etter fem år i eksil under den tyske okkupasjonen. Jubelen var stor i hovudstaden og utover i heile landet.

Konsulatsaka

Bakgrunnen for 7. juni 1905 var at langvarige forhandlingar mellom Norge og Sverige om eigne konsulatverk stranda 7. februar 1905. Norge valde då å oppretta konsulatverk for Norge på eiga hand. Utover våren samla heile landet seg om dette målet.

Stortinget vedtok lov om norsk konsulatstell samrøystes 18. og 23. mai. Lova skulle tre i kraft 1. april 1906 og frå same dato skulle det felles konsulatstellet seiast opp.
Den 27. mai vart lova førelagt kongen til sanksjon. Då kongen nekta å sanksjonera, leverte regjeringa avskjedssøknad. Kongen nekta å ta imot avskjedssøknaden av di det var uråd for han å danna ei anna regjering.

"Krisen akut. Sanktion negtet!" var overskrift i avisa Sogningen 2. juni. "Kong Oscar II synes saaledes allerede at være langt paa Vei til at have frasagt sig den norske Trone."

Varsel til kong Oscar

Natt til 7. juni reiste statsministeren sin sekretær, byråsjef Paulsen, med toget frå Kristiania til Stockholm. I kofferten sin hadde han eit brev til kong Oscar frå den norske regjeringa. Det skulle avleverast til kongen om føremiddagen dagen etter.

I brevet synte regjeringa til sanksjonsnektinga 27. mai, at kongen hadde nekta å ta imot regjeringa sin avskjedssøknad og grunngjeve med at det var uråd for han å danna ei anna regjering. Etter grunnlova var det Kongen si plikt å skaffa landet ei konstitusjonell regjering. Når kongen førde ein politikk som hindra han å danna regjering, var kongemakta sett ut av funksjon.

Brevet varsla kongen om at regjeringa kom til å leggja ned embeta sine og gje melding om dette til Stortinget. Det slutta med å forsikra kongen om at regjeringa hadde full forståing for den vanskelege stillinga kongen var komen i, men at regjeringa måtte la pliktene andsynes fedrelandet gå føre alt anna. Brevet var underskrive av alle regjeringsmedlemmene.

Møtet i Stortinget 7. juni 1905.

Klokka 10.35, onsdag 7. juni 1905 opna stortingspresident C. Berner det historiske møtet i Stortinget. Referatet opnar med desse orda: "Præsidenten: Regjeringens chef vil afgive en meddelelse til stortinget".

Statsministeren oppsummerte kva som hadde hendt i konsulatsaka frå regjeringa vart innsett den 15. mars til sanksjonsnektinga 27. mai. Han viste til regjeringa sin avskjedssøknad og at kongen hadde erklært seg ute av stand til å skaffa landet ei anna regjering.

Konklusjonen var at regjeringa ikkje kunne halda fram, og såg det som si plikt "i dag" å leggja ned embeta. Han opplyste og at Kongen var varsla om dette. (Det skjedde omtrent på same klokkeslettet).
"Jeg tillader mig," slutta statsminister Michelsen, "at fræmlegge denne meddelelse paa præsidentens bord."

Presidenten føreslo deretter for Stortinget å gjera fylgjande vedtak:
"Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder,
da Hans majestæt kongen har erklæret sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering og da den konstitutionelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed, bemyndiger stortinget medlemmerne af det i dag aftraadte statsraad til indtil videre som den norske regjering at udøve den af kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge."

Ingen ba om ordet. Voteringa føregjekk ved namneopprop. Representanten Knut A. Taraldset, Sogn og Fjordane, var den fyrste, - han svara ja som alle dei 116 andre. Vedtaket var samrøystes. Stortingspresidenten las deretter opp framlegg til ei adresse til Kongen som vart vedteken mot 5 røyster.

Stortingsmennene reiste seg då stortingspresidenten til slutt heldt ein kort tale. "Vi kan faa store vanskeligheder", sa han, "men jeg er forvisset om, at vi i fast tro paa vor ret, ved enighed og trofast samhold mellem regjering og storting, mellem disse statsmagter og det hele folk vil formaa at overvinde disse vanskeligheder." Han ba alle vera med i ynskjet: "Gud bevare fedrelandet!"

7. juni-vedtaket i aviser i Sogn og Fjordane same dag

Både Fjordenes Blad og Nordre Bergenhus Amtstidende melde om 7. juni-vedtaket same dagen som det skjedde!

Glede og begeistring utover i heile landet

"Gud signe fædrelandet og dets styre! Her flager vi af glede over dagens beslutning. Tusen tak!"

I Lavik sende kommunestyret helsingstelegram på fyrste møtet sitt etter 7. juni. Telegrammet hadde denne ordlyden:
"Lavik heradsstyre samlad fyrste gong til møte i eit heilt sjølvstendig Norig sender med største høgvyrdnad stortinget sin takk for godt arbeid. Vanskarne vil nok melda seg, allvist ni i fyrstningi, men eit folk, somvilsin fridom, skal nok i stødug samhelde rygg mot rygg vinna over dei. Gud signe vaart frigjorde, kjære fedreland."

I Sogndal sende dei telegram til regjeringa og Stortinget den 13. juni. Det hadde denne ordlyden:
"Sogndals herredsstyre og større del af bygdens folk, i dag samlet til møde, hilser regjering og storthing, idet vi udtaler som vort faste haab og vor sikre tro, at de tagne skridt vil blive til held og lykke for Noregs land og folk. Gurvin, ordfører. Arctander, sogneprest. Lem, lensmand."

"Administrative forføininger"

Som fylgje av 7. juni-vedtaket iverksette styresmaktene ei rekkje "administrative forføininger". Det gjekk ut ei kunngjering til "Det norske folk" om kva som hadde skjedd. Det vart gjort endringar i kyrkjebøna, - orda konge, dronning, kronprins og kronprinsesse, vart tekne ut, og "kongens raad" endra til "vort lands regjering". Det unionsmerka orlogsflagget vart skifta ut med reint, norsk flagg på alle festningane og orlogsskipa 9. juni. Det vart oppretta utanriksstyring med statsråd Løvland som fyrste norske utanriksminister 15. juni.

Karl Birknes (Gåta) frå Gulen var i 1905 mannskap på D/S "Raftsund". Den 9. juni var båten i Bergen og Karl Birknes fekk vera vitne til flaggskiftet på Bergenhus festning. Han skreiv i dagboka si:
"I dag nedtoges unionsflaget og heistes rent splitflag på Bærgenshus fæstning, med 21 Kanonskud for det gamle og 21 ditto for det nye flag. Unionen er foreløpig død. Kirkebønnerne fordandres. Norge styres av en regjering med statsminister Michelsen som Norges høieste regent."

Etter 7. juni

Edvard Liljedahl skreiv fylgjande i brev til Andreas Vamraak i Kyrkjebø (Høyanger): "Lad os nu haabe den bedste Udgang - jeg tror paa Fred."

I korte trekk skjedde dette fram til 13. august då det vart halde folkerøystinga om unionsoppløysinga:
Kong Oscar protesterte i svensk statsråd 9. juni på Stortinget sitt vedtak. Han såg det som grunnlovstridig. Sverige kalla inn til ein "urtima" [ekstraordinær] Riksdag. Begge landa heldt militære styrkar i beredskap. 28. juli vedtok Riksdagen framlegg til "Kungl. Majts. Proposition" i høve den unionelle situasjonen. Eitt vilkår for å godkjenna Norge som ein stat løyst frå unionen var folkerøysting, eit anna vilkår var nærare forhandlingar mellom dei to landa.

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens opløsning 1905. Kristiania 1906.
Nielsen, Yngvar: Norge i 1905.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv: Vamraak, Andreas