Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juli 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Krigsseglar frå Måløy busette seg på Island



I mai 1940 flykta Alf Øverby (1921-2001) til Storbritannia om bord på skøyta "Havørn". Han vart seinare krigsseglar i fraktfarten mellom Storbritannia og Island. Det var ei svært risikabel strekning med konstant fare for torpedering frå tyske ubåtar. Øverby vart gift på Island og busette seg der.

Vågsvåg sør på Vågsøyna. Herifrå stakk m/b "Havørn" til havs med Alf Øverby og 19 andre, 8. mai 1940.

Vågsvåg sør på Vågsøyna. Herifrå stakk m/b "Havørn" til havs med Alf Øverby og 19 andre, 8. mai 1940.

Eigar: Roald Bøe

Datering: 1925-1930

Fotograf: Postkort

Om Alf Øverby

Alf Øverby, fødd 3. april 1921, var son til Samuel Øverby, fødd 1886 i Kristiansund og Bertine Olsdotter, fødd 1887 på Oldeide i dåverande Davik kommune. Like etter konfirmasjonen drog Alf til sjøs og segla i fleire år om bord på svenske båtar. Då Tyskland gjekk til åtak på i Polen 1. september 1939, låg båten hans i Gdansk. Tyske fly kom inn over byen og bomba hamna, men båten greidde å koma seg ut og gjekk til Gøteborg. Kort tid før det tyske åtaket på Noreg 9. april 1940, kom Alf til Bergen. Han og fleire andre frå Måløy måtte halda seg i Bergen nokre dagar før det vart råd å reisa nordover til Måløy. No vart spørsmålet korleis det kunne la seg gjera å koma seg over til England.

Alf Øverby og Thor Andal spekulerte ei stund på å ta ein motorbåt som Merkevesenet (for fiskefarty) hadde liggjande ved Saltlageret (også kalla Kjølelageret), men då båten vart flytta, gjekk planen i vasken. Like etter laga det seg slik at dei fekk eit tips om at skøyta "Havørn" skulle gå vestover og at dei kunne få fylgja. Andal og Øverby let seg ikkje be to gonger. Dei rodde frå Måløy til Vågsvåg der "Havørn" låg klar.

Den første tida i Storbritannia var Øverby med i fiske på skotskekysten før han vart mannskap i fraktfarten mellom Island og Storbritannia. Det var ei berykta rute med store tap. Tyske ubåtar kunne torpedera når som helst. Sjøfolka var utsette for konstant påkjenning i farvatnet mellom Shetland og Island. Mange båtar gjekk ned i krigsforlis, ofte med store tap av menneskeliv. Øverby var ei tid mannskap på det norske skipet DS "Jan Mayen".

Alf Øverby vart gift med Halldora Likafronsdottir (1920-1978) i Isafjord der flåten hadde base. Dei hadde fire born. I åra 1951-1954 budde familien i Måløy, men flytte tilbake til Isafjord og vart buande der. Alf Øverby døydde 17. juli 2001 og vart gravlagd i Isafjord.

Mora og ein bror med til England etter Måløyraidet

Bertine, mor til Alf, og broren Oskar, budde i Måløy då allierte styrkar gjekk til åtak på Måløy 27. desember 1941. Bertine og Oskar var mellom dei 77 sivile som var med styrken tilbake. Det var stort behov for unge menn i dei norske styrkane i Storbritannia. Oskar må ha valt å bli med og Bertine hadde då knapt noko val. Den militære leiinga la vekt på at familiar ikkje måtte splittast. Dei rekna med nære slektningar til dei som på denne måten rømde til England, kunne bli arresterte, utsette for harde forhøyr og sette i fangenskap.

Om "Havørn"

Skøyta m/b "Havørn" med registreringsmerket SF 40 SV (Sogn og Fjordane - Sør Vågsøy kommune) reiste frå Vågsvåg 8. mai 1940 med 20 personar. Av dei var det 11 britiske soldatar som hadde kome frå Åndalsnes, to jødar frå Østerrike som var komne frå Oslo og sju nordmenn. Dei kom til Baltasound på Shetland.

Personane om bord var skipper og eigar av båten, Simon Holvik, Peder Ramnaberg, Thor Andal, Anton Berg, Odd Berg og Alf Øverby. Den sjuande nordmannen, som var reiseleiar for dei britiske soldatane, ville ikkje oppgje namnet sitt.

Om DS "Jan Mayen"

Asgeir Øverby fortel at Alf Øverby var mannskap på "Jan Mayen". DS "Jan Mayen" på 356 tonn grunnstøytte 17. januar 1943 ved Leirabodi i nærleiken av Reykjavik. Heile mannskapet blei berga, men båten blei broten ned. Øverby er ikkje på lista over dei 15 sjøfolka som var om bord då båten forliste.

"Jan Mayen" var bygd i 1915 for Johan Koppernes, Ålesund. Nettstaden www.warsailors.com har nærare detaljar om forliset.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 31.01.1966.
Tande-P og Sølvberg, Terje: Måløyraidet - starten på Hitlers nederlag. 2007
Opplysningar frå Asgeir Øverby, fødd 1944, busett på Island, son til Alf Øverby