Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Biskopar i Bjørgvin bispedømme etter Reformasjonen - oversyn



Reformasjonen i Noreg - overgangen frå katolsk til evangelisk-luthersk kyrkje - skjedde ved kongevedtak på ein riksdag i København hausten 1536. Ved kongebrev vart Geble Pederssøn same året utnemnd til å styra Bergen stift (bispedømme). Året etter vart han ordinert til biskop. Biskopen i Bjørgvin år 2008, Ole Danbolt Hagesæther, er nummer 33 i bisperekkja. Oversynet nedanfor er laga med ein artikkel av Karl Martinussen (1948) som hovudkjelde.

<p>V&aring;penhuset i Bergen Domkirke er ogs&aring; eit bispegalleri. Rekkja nede p&aring; denne veggen fr&aring; h&oslash;gre: Ragnvald Indreb&oslash;, Per Juvkam, Thor With og Per L&oslash;nning.</p>

Våpenhuset i Bergen Domkirke er også eit bispegalleri. Rekkja nede på denne veggen frå høgre: Ragnvald Indrebø, Per Juvkam, Thor With og Per Lønning.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Bergen stift - bispedøme

I 1763 vart Bergenhus stiftsamt delt i Søndre Bergenhus amt og Nordre Bergenhus amt. I 1919 vart namna endra til Hordaland fylke og Sogn og Fjordane fylke. Geistleg heldt Bergenhus stift fram uendra. Namnet vart frå 1. januar 1919 endra til Bjørgvin bispedømme.

Karl Marthinussen

Karl Marthinussen (1890-1965), cand. theol, var frå 1932 sokneprest i Sandviken i Bergen og biskop i Stavanger i åra 1949-1960. Oversynet hans over evangelisk-lutherske biskopar i Bjørgvin bispedøme står i Skrifter IV (1949), utgjeve av Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme. Nokre biskopar er berre nemnde med namn. Forfattaren presiserer i ein merknad at artikkelen er manus til eit foredrag og har "ingen vitenskapelige pretansjoner." Difor manglar det kjeldetilvisingar. Grunnen til at Marthinussen sa ja til å la manuset koma i kyrkjesogelaget sitt årsskrift, var uttalte ynskje om det, for oversynet si skuld..

1. 1536-1557 Geble Pederssøn

Fødd kring 1490 på Hestad gard på Herøy i Nordland. Foreldra var Peder Simonsson og Margrethe, begge av gamal norsk adel. Peder Simonsson vart rådmann i Bergen. Etter studier ved Løwen universitet i Nederland, vart Geble Pederssøn utenmnd til rektor ved latinskulen i Bergen og vigsla til prest i Mariekyrkja. Ved kongebrev av 18. november 1536 vart han utnemnd til å styra Bergen bispedøme. Han fekk overta store jordeigedomar. Mykje av inntektene brukte han på å fremja biskopgjerninga si. Han sette Olavskyrkja (no Bergen domkyrkje) i stand, reparerte Gråbrødreklosteret, utvida katedralskulen og utdanna prestar. Han gav evnerike og lovande menn opplæring og kosta på dei studier i utlandet. Den mest kjende er Absalon Pederssøn Beyer.
Geble Pederssøn døydde 9. mai 1557.

2. 1557-1582 Jens Skjelderup

Fødd kring 1510 i landsbyen Skjelderup i nærleiken av Viborg i Danmark. Han studerte i Wittenberg og vart professor i fysikk ved Universitetet i København. Biskop Skjelderup hadde inga lett embetstid. Han kom både i strid med lensherre Erik Rosenkrantz og bystyret i Bergen. Det kom av at han heller einerådande og hardhendt hadde fjerna helgenbilete frå alteret i Domkyrkja med den grunngjevinga at "en del uoplyste mennesker viste dem avguderisk tilbedelse." Det vart kyrkjestreik ei tid. Rådmenn og borgarar heldt seg borte. Skjelderup hadde stor vyrdnad i Danmark. Han vart fekk påbod om å vera tilstades då Fredrik 2. vart krona.
Jens Skjelderup døydde i 1582.

3. 1583-1607 Anders Foss

Fødd 1543 i Danmark. Han studerte i fleire land, og vart ein mann av "sjeldnere studeringer." Foss utmerka seg seinare som historikar, "den første danske historiker, hos hvem man kan påvise en utviklet kritisk sans." Som biskop kalla han saman prestar der dei drøfta kyrkjelege spørsmål, og fremja bibelstudium i presteskapet. Han påla prestane å tala enkelt og forståeleg for folket. Dessutan gav han påbod om å halda kyrkjeinventaret i stand og syta få å kjøpa inn bibel, salmebok og alterbok til kvar kyrkje. Foss kom i eit spent forhold til lensherren ved at høgverdige bispinna vart innvikla i ein trolldomsprosess. Biskopen var sjølv i retten. Fru Foss vart frikjent.
Anders Foss døydde 25. januar 1607.

4. 1607-1615 Anders Kolding

Fødd i Danmark.

5. 1616-1636 Niels Paasche

Fødd i Danmark.

6. 1636-1649 Ludvig Hansen Munthe

Fødd i Danmark. Munthe bygde oppatt latinskulen etter brannen i 1640. Han var ein framståande predikant. Han hadde "en særegen gave til at predike, og hans predikener hadde kraft og virkning". Munthe gav ut ei forklaring til Luthers vesle katekisme. Han var oldefar til Ludvig Holberg (1684-1754) og bestefar til Ingeborg Grytten (1668-kort tid etter 1705), salmediktar i Sunnfjord.

7. 1649-1665 Jens Skjelderup

Soneson til Jens Skjelderup, den andre biskopen i bisperekkja. Han hadde teologisk utdanning frå universitetet i Wittenberg.

8. 1665-1711 Nils Enevoldsen Randulf

Fødd i Roskilde i 1630. Randulf hadde omfattande studier i teologi, filosofi og språk. Han eigde eit stort bibliotek som gjekk tapt i brannen i 1702. Han mista og "en efterretning om prestene i Bergens by og stift fra Reformasjonen til hans tid." Randulf var biskop i 45 år, lenger tid enn nokon annan før og seinare. Det var visstnok berre ein prest i heile bispedømet han ikkje hadde ordinert. Den seinare biskopen Erik Pontoppidan, omtalte Randulf som ein av dei "verdigste bisper i vårt land etter reformasjonen."

9. 1711-1716 Nils Persson Smed

Fødd i Bergen. Han var prest i Fana ved utnemninga. Smed hadde reist mykje, og var ein ivrig samlar, og elles, skriv Marthinussen, "synes han å ha vært en pengekjær mann, og satte ikke dypere spor etter seg."

10. 1716-1723 Clemens Scmidt

11. 1723-1731 Marcus Müller

12. 1731-1747 Oluf Cosmussen Bornemann

Prest i Fana ved utnemninga. Erik Pontoppidan, den neste biskopen i rekkja, fortel at han var ein "from og god mann, men temmelig flegmatisk."

13. 1747-1757 Erik Ludvigsen Pontoppidan

Fødd i Århus i Danmark, son til magister og stiftsprost Ludvig Pontoppidan. Erik Pontoppidan vart foreldrelaus ni år gamal, kom først til ein slektning, seinare til ei halvbror i Fredricia, Danmark, der han gjekk latinskule. Han vart student i 1716 og avla teologisk embetseksamen. Pontoppidan var på fleire reiser i utlandet, og studerte ei tid ved universitetet i Oxford. I Utrecht i Nederland vart han påverka av teologen Lampe, fekk eit kristeleg gjennombrot og vart sterkt gripen av den pietistiske kristendomsretninga. I 1734 vart han slottsprest i København og året etter hoffprest.

Pontoppidan studerte dansk kyrkjesoge og vart professor i teologi ved universitetet i København. Han fekk fleire tillistverv, m.a. medlem av ein kongeleg kommisjon til oversetjing av Bibelen og medlem i eit kgl. vitenskapsselskap til fremje av dansk historie. I 1737 gav Pontoppidan ut Sandhed til gudfrygtighed, den seinare mykje brukte forklaringa til Luthers vesle katekisme. Han gav og ut ei ny salmebok i pietistisk ånd.

Erik Pontoppidan var ein mykje lærd mann med utprega forskarnatur. Han hadde praktisk sans og dugleik. Han var ein maktfull og varm predikant, ein klok og myndig rettleiar for prestane. Pontoppidan sende fleire hyrdebrev til prestane. I eitt ba han om opplysningar om skulestellet. Tilbakemeldingane viste at det stod dårleg til. Pontoppidan gjorde mykje for å betra skulestellet. Han ivra for å få praktiske fag inn i skulen, han skipa seminar i 1752 med eit stort bibliotek, han sende årlege hyrdebrev til prestane der han kom med pedagogiske råd. Pontoppidans forklaring var i bruk i om lag 150 år.

Som ivrig granskar samla han på reisene sine eit rikt materiale om naturtilhøve, livsforhold, næringsvegar og arbeidsmåtar, dessutan norske ord, trykt i ordsamlinga Glossarium Norvagicum. Erik Pontoppidan døydde brått i København i desember 1764.

14. 1757-1762 Ole Tiedeman

Fødd i kristiania 1710. Han var domprost i Bergen då han vart utnemnd til biskop, og elles "ein studert teolog og eit godt menneske," skriv Marthinussen.

15. 1762-1774 Fredrik Arentz

Fødd i Stadsbygda ved Kristsiansund. Faren var landhandlar. 12 år gamal kom han til biskop Hagerup i Trondheim og tok familienamn etter Hagerup. Hagerup hadde fleire prestekall, vart dr. theol i 1760, og i 1773 biskop over Ribe Stift i Danmark. Han er omtala som ein dyktig teolog, heilhjarta pietist, og ivrig i si gjerning. Den seinare biskop Pavels karakteriserte Arentz som "en mann av erudition [lærdom], henrivende veltalende og fin levemåte."

17. 1778-1799 Søren Friedlieb

Fødd i 1740 i Danmark, men av norsk ætt. Friedlieb var rasjonalist. Som prest i Vestre Moland, Vestagder, var han føregangsmann i jordbruk og opplysningsarbeid. Han oppretta mange bygdeeskular på Sørlandet, særleg etter at han vart domprost i Kristiansand. Han ynskte seg bispestolen i Kristiansand, men fekk Bergen. "Han var en av sin tids dyktigste prester, som søkte å forene det beste i pietismen med det verdifulle i den nye åndsstrømningen som den gang gikk over Europa." (Marthinussen). Friedleb fekk berre eitt år som biskop. Han døydde i 1779.

18. 1779-1803 Ole Irgens

Fødd i Surnadal på Nordmøre. Faren var prest. Irgens var ein "usedvanlig begavelse", studerte dogmatikk, historie, orientalske språk og tok etter kvart ei rekkje glimrande eksamenar. Han var domprost i Trondheim då han vart utnemnd til biskop i Bjørgvin.

19. 1893-1816 Johan Nordal Brun

Fødd 1745 i Byneset ved Trondheim. Faren var kjøpmann, seinare gardbrukar. Brun studerte ved universitetet i Køenhavn. Med dårleg økonomi galdt å ta eksamen på kortast mogeleg tid. Han fekk karakteren non. Ingen biskop har hatt dårlegare karakter, men det mangla ikkje på evner. Brun slo gjennom som diktar, og vart etter kvart kjend som ein populær dramatikar og lyrikar.

"Og han ble ikke bare biskop, men den eneveldige hersker over vårt samfund, hans vilje var lov for alle som ville gjelde som anstendige borgere. Frisk og allsidig menneskelig, bred og festlig i omgang, radikalt nasjonalt instillet, frittalende - men også hensynsynsløs og ikke på noen måte nådig på dem som kom på kant med ham." Brun gjekk til åtak på den rasjonalististiske åndsretninga. Han var ein av dei store salmediktarane i Norden ved sida av Brorson og Grundtvig. Best kjend er kan henda påskesalma Jesus lever gravi brast. Brun døydde i 1816. Olsokafta 1970 vart det avduka ein minnevarde over han på fjellet Alreken ved Bergen.

20. 1817-1822 Claus Pavels

Fødd 1817. Karl Martinussen skriv om Pavels at han var den einaste tvers igjennom rasjonalistiske biskopen i bispedømet. Ha var ingen sterk personleg kristendom, men ein dyktig satirikar. Ikkje minst går det fram av dagbøker dottersonen gav ut mange år seinare. Martinussen avsluttar omtalen sin med denne karakteristikken: [Han var] "en intelligent, skarp kritiker og iaktager, i besiddelse av en formfullendt veltalenhet. Som embedsmann var han dyktig og bestemt, men ellers svært selvopptatt."

21. 1822-1848 Jacob Neumann

Fødd i Drammen 13. juli 1772. Neumann studerte moderne språk og estetikk, deretter teologi med eksamen i 1796, og tok i 1799 doktorgrad på ei avhandling om erkebiskopar i Lund. Res. kap. i Asker 1799, sokneprest same stad 1805 og prest i Drammen prosti 1819. Neumann var utprega rasjonalist og synte sterk interesse for folkeopplysning, skulestellet og jordbruket. På reisene sine samla han eit omfattande historisk materiale, og var saman med Christie ein av grunnleggjarane av Bergens Museum. Han arbeidde for å gjera prestane i bispedømmet interesserte i fornminne og bygdesoga. Neumann hjelpte fram, inspirerte og rettleidde evnerike bondegutar. Ein av dei var Ivar Aasen. Neumann døydde i Bergen, 25. januar 1848.

22. 1848-1857 Peder Christian Hersleb Kjerschow

Fødd 1804. Kjerschow var gruntvigianar. Han var biskop i Tromsø då han berre 44 år gamal vart utnemnd til biskop i Bjørgvin.. Kjerschow vart kjend som folkepredikant og av Martinussen karakterisert som "en av balansert og human personlighet."

23. 1858-1863 Jens Matthias Pram Kaurin

Fødd 1804 i Lårdal, Telemark. Kaurin vart cand.theol. 1826, deretter prest. I 1837 vart han lektor i teologi ved Universitetet i Christiania, i 1843 professor og i 1853 sokneprest i Lier. Han var ein nær venn av presten W.A. Wexels og utarbeidde saman med C.N. Keyser ei ny utgåve av Pontoppidans forklaring (sjå under Pontioppidan, biskop nr. 13). Kaurin interesserte seg for misjonsarbeidet, og det var i hans biskoptid den første norske misjonæren Hans Paludan Scmidt Shcreuder tok opp misjonsarbeid i Sør-Afrika.

M.B. Landstad har gjeve Kaurin fylgjande ettermæle: "Han var ingen skarpsindig tenker, ingen åndrik mann, men en mann med grundige kunnskaper i teologi, med levende tro og åndelig livserfaring, eiet et godt foredrag og dyp ærbødighet for Guds ord. Han vant som universitetslærer studenten for seg i høi grad og øvet stor innflytelse på deres åndelige utvikling."

24. 1864-1880 Peter Hersleb Graah Birkeland

Fødd 1807. Han hadde vikariert for Kaurin. Graah Birkeland var med og skipa Det norske Misjonsselskap (NMS) i 1842, og det var han som i 1868 ordinærte misjonær Schreuder til biskop over den norsk kyrkja i Afrika. "En varmhjertet, levende kristen personlighet og administrativt meget dyktig, "skriv Martinussen.
Graah Birkeland døydde i Oslo i 1896.

25. 1880-1898 Fredrik Waldemar Hvoslef

Fødd 17. mai 1825. Hvoslef vart først utdanna sjømann før han tok fatt på det teologiske studiet. I 1851 vart han sokneprest i Kautokeino der han vart innblanda i sameoppreisten hausten 1852. Hvoslef var seinare rektor ved Troms seminarium, stiftsprost og sokneprest same stad og 1868 biskop i Tromsø stift. Av helseomsyn søkte han seg sørover og vart i 1876 sokneprest i Lier. Martinussen oppsummerer biskoptida hans i Bjørgvin med desse orda: "Han har i enhver henseende det beste ettermæle i vårt bispedømme."
Hvoslef døydde 5. mai 1906.

26. 1899-1916 Johan Willoch Erichsen

Fødd 13. februar 1842 i Kristiansand og cand. theol 1864. Ved utnemninga var Erichsen sokneprest i Gjerpen. Martinussen skriv at Erichsen var rikt utrusta i alle retningar, som forkynnar, sjelesørgjar og administrator. Han var representativ og karakterfull.


Willoch Erichsen 22. august 1916.

27. 1916-1931 Peter Hognestad

Fødd 1866 i Time på Jæren. Hognestad var telogisk særleg interessert i Det gamle testamentet, og fekk i 1895 kronsprinsens gullmedalje for eit forskningsarbeid knytta til Det gamle testamentet. I 1896 vart han lærar på Notodden private lærarskule og kom der i samarbeid med teologen Bernt Støylen. Hognestad var føregangsmann i målreisingsarbeidet og nytta tidleg nynorsk skriftmål. I 1903 vart han tilsett som stiftskapellan i Kristiania med særleg oppgåve å halda gudstenester på nynorsk. Han var i desse åra mykje nytta som talar på ungdomsstemne rundt om i landet. I 1908 vart han lærar på presteskulen Menighetsfakultetet i Kristiania.

Saman med Støylen grunnla Hognestad det nynorske kyrkjemålet. I 1908 gav han ut Tekstbok og altarbok for den norske kyrkja. Han var hovudredaktør for den første utgåva av bibelen på nynorsk (1921) og saman med Anders Hovden og Bernt Støylen stod han bak Nynorsk Salmebok (1925). Peter Hognestad døydde 1. september 1931 i Bergen og vart gravlagd på Solheim kyrkjegard. To år seinare vart det reist minnestein på grava hans.

28. 1931-1948 Andreas Fleischer

Fødd 5. november 1878 i Hegra, Nord-Trøndelag. Far hans var jernbaneprest ved anlegget av Meråkerbanen. Fleischer tok teologisk embetseksamen i 1902 og reiste i 1903 til Kina som misjonsprest. Han vart sokneprest i Fitjar 1912, Stord 1917 og Brunlanes 1922.

Andreas Fleischer døydde 23. november 1957. Sokneprst Hove i Laksevåg heldt minnetale i gravferda. Han sa mellom anna: "Biskop Andreas Fleischer (..) hadde alltid noko godt å seia om dei bygdene og dei kyrkjelydane han hadde gjesta. Han hadde ei ljos og tillitsfull kristentru."

29. 1948-1961 Ragnvald Indrebø

Fødd 22. november 1891 på Os i Hordaland. Indrebø tok telogisk embetseksamen i 1918. Han vart sokneprest i Jølster 1922, styrar på Sunnfjord ungdomsskule 1927, generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund 1929, res. kap. i Jakobs menighet i Oslo 1934 og sokneprest i Vestre Aker 1946. Frå 1938 til 1948 var Indrebø redaktør i Luthers Tidende, og med i revisjonen av den nynorske bibeloversetjinga i åra 1934-1938.
Indrebø døydde i Bergen i 1984. Då han gjekk av som biskop i 1961, vart det avduka eit portrettmåleri av han i Bergen Domkyrkje.

30. 1961-1976 Per Juvkam

Fødd 21. mars 1907 i Sør-Aurdal, Valdres. Juvkam tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1936. Han vart fullmektig ved Hamar bispekontor i 1945, sokneprest i Vestre Slidre 1950, og res. kap. i Sinsen kyrkjelyd, Oslo, 1957.

31. 1977-1987 Thor With

Fødd 14. januar 1918 i Honningsvåg, cand. theol. 1943. Thor With var engasjert i samemisjonen. Han studerte samiske språk 1949-1950, var rektor ved den samiske folkehøgskulen 1950-1957, redigerte Samenes Venn 1961-1968, og var ei tid generalsekretær i Samemisjonen. Han vart sokneprest i Tana 1957 og domprost i Nidaros 1975.

32. 1987-1994 Per Lønning

Fødd 24. februar 1928 i Bergen. Lønning tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1949 og vart ordinert til prest i 1951. Han disputerte for den teologiske doktorgrad ved Universitetet i Oslo i 1955 og to år seinare for den filosofiske doktorgrad same stad. Lønning har skrive nærare 50 bøker og eit høgt tal artiklar.

Per Lønning var hjelpeprest i Lilleborg Menighet, Oslo, 1951-1953, lektor ved Oslo off. lærerskole 195-1964, domprost i Bergen 1964-1969, biskop i det nyoppretta Borg bispedømme 1969-1975, gjesteprofessor i Århus 1976-1977, dosent ved Universitetet i Oslo 1977-1987 og biskop i Bjørgvin 1987-1994.

33. 1994-2008 Ole Danbolt Hagesæther

Fødd 3. oktober 1941 i Bergen, cand. theol. ved Menighetsfakultetet 1965. Hagesæther har m.a. vore sjukehusprest ved Diakonissesykehuset i Oslo, lektor ved praktisk teologisk seminar Menighetsfakultetet (MF), feungerande rektor same stad, sokneprest i Holmen og Nordstrand kyrkjer og prost i Søndre Aker.

kjelder:

Martinussen, Karl: Biskopar i Bergen etter Reformasjonen. I Skrifter VI Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme. 1949.
Norsk Allkunnebok. Oslo 1948-1964
Norsk Biografisk leksikon.
Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening på Verbum forlag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR