Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. august 2014

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum – 1814 i Davik Prestegjeld



1814 – «det utrulege året» i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med Sverige. - Davik prestegjeld heldt bededag og val 18. mars. Om hausten var hovudkyrkja vallokale for andre gong.

 I 1814 var hovudkyrkja i Davik ei korskyrkje: i stil og storleik nokså lik den gamle kyrkja i Loen. Kyrkja vart bygd i 1750 og riven i 1885.

I 1814 var hovudkyrkja i Davik ei korskyrkje: i stil og storleik nokså lik den gamle kyrkja i Loen. Kyrkja vart bygd i 1750 og riven i 1885.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fotograf: Teikning i boka På Kyrkjeferd.

Davik prestegjeld 1814

Davik prestegjeld vart utskilt frå Eid i 1740. I 1814 omfatta Davik prestegjeld hovudsoknet Davik og annekssokna Rugsund og Ålfoten. Rugsund-soknet låg/ligg vest i prestegjeldet, ut mot kysten, Ålfot-soknet i aust.. Hovudsoknet omfatta område både på sørsida og nordsida av Nordfjorden. Prestegjeldet hadde skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798.

Soknepresten i Davik 1814

Sokneprestane hadde på fleire måtar ei hovudrolle i grunnlovsåret 1814. I Davik var Claus Frimann sokneprest; han var og prost i Nordfjord prosti.

Claus Frimann, fødd 25. mai i 1746 i Selje, død 11. oktober 1829 i Davik, var eldste son til presten P. Harboe Frimann og Sara Cold. Han tok teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1768, og var frå 1771 personell-kapellan hjå presten Hans Strøm i Volda. I 1780 vart vart utnemnd til sokneprest i Davik, og var der til han tok avskil i 1822. Siste leveåra sine budde han på eigedommen Frimannslund som han hadde dyrka opp og bygt for seg og kona Anna Margrethe, fødd Meldahl (1746-1829) og det einaste barnet deira, Peder Harboe Frimann (1782-1845).

Claus Frimann er kjend som diktarpresten i Nordfjord. I biografien i heftet «Davik kyrkje 100 år» (1986) står det mellom anna:

«Av dei mange dikt han gav ut, var det helst dei gudelege songane [og] sjømannssongane, men serleg «Almuens Sanger» som vart sers omtykte av folket, og hev livt på folkemunne til i dag. Som ein veit fekk han premie for diktet sitt um «Hornelen» [1777].

Folketal i kyrkjeboka

Ministerialbok (kyrkjebok) 1742-1815 for Davik prestegjeld har noteringar om folketalet i åra 1759, 1801, 1815, 1825 og 1845. Oppgåvene viser at områda lengst ut mot kysten hadde flest innbyggjarar. (Årstal for folketellinga i parentes):

  • Davik hovudsokn:  739(1801), 756(1815), 836(1825), 933(1845)
  • Rugsund annekssokn: 983(1801), 990(1815),  1163(1825), 1290(1845)
  • Ålfoten annekssokn::  262(1801)  277(1815),  288(1825)
  • Prestegjeldet samla: 1726(1759), 1984(1801),  2023(1815), 2287(1825), 2576(1845)

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Davik brevsending frå biskopen i Bergens Stift. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges Regent, om at det skulle haldast særskild bededag i heile landet fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten, prins Christian Frederik og biskopen. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte der det skulle veljast tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 av «Menighedens Agtverdigste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjene. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Hovudkyrkja

Kyrkja i Davik var vallokale i det første valet på nasjonalforsamling i Noreg. Det var ei korskyrkje bygd 1750 med plass til 350 menneske, visstnok nokolunde i stil og storleik som Olden gamle kyrkje (bygd 1759). Kyrkja stod om lag på same staden som kyrkja i dag. Ho vart riven då ny kyrkje vart teken i bruk i 1886.

Bededagen våren 1814 i Davik

Vi har ikkje funne innførsler knytt til dei rikspolitiske hendingane i 1814 i kyrkjeboka (ministerialboka) for Davik. Derimot nemner soknepresten den særskilde bededagen i eit brev til biskopen i Bjørgvin, datert 9. mai 1814. Her går det fram at bededagen vart halden 11. mars. Det står: «Bededagen, den 11. Martii, blev i min Kirke holdt med største Høitidelighed og Orden.» Fullmakta frå Davik er likevel underskriven og datert 18. mars, og dessutan står det særskilt at valet vart halde i hovudkyrkja fredag, 18. mars.

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet der utsendingane avleverte fråsegna. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Davik prestegjeld har denne ordlyden:

Underdanigst Adresse til Deres Kongelige Høyhed Prins Christian Frederik Norges Regent fra Davigs Præstegields Meenighed, under Nordre Bergenhuus-Amt og Nordfjords provstie.

En Dag, saa høitidelig som denne haver aldrig været fejret i denne Davigs Hovedkirke; thi hvilken herlig Fædrelandsk Stemning! – hvilken skjøn Orden! – hvilken Dyb Andagt undr Gudstjenesten! – hvilke varme Følelser under Eedens Aflæggelse om at hævde Norges Selvstændighed – o! hvor mange Taarer nedrindende over rynkede (alderrynkede) Ansigter!

Intet kunde have forhøyet Dagens Høytidelighed, undtagen Deres Kongelige Høyheds personlige Nærværelse. O! hvor vi misunde mange vore norske Brødre denne Lykke. Dog Stedets Præst, bekjendt med vor Regents herlige Talenter og Høye Aand, har ikke undladt, som ellers stedse, saa især paa denne Dag, at trøste Folket her med det klippefaste Haab, vi kunne gjøre os om vor Christoan Frederik; - vi sagde vor, ja! Norges synlige Skydsengel! – vor er De; - vor var De allerede førend De satte Fod paa Norges Grund; og vor skal De blive.

Gjennem hundrede Leed skal De, vor dyrebare Regent, takkes og velsignes, som med ægte Norsk mandig Bestemthed vilde gjentage det forladte Statsroer, hvilket Naturen og Forsynet berettigedet Dem til at føre. Det hvile i saa værdig en Haand, længe, længe! og stedse urystet og urokket.

Som dette er alle Menigheders eenstemmige Røst, saa er det og denne Meenigheds.

 I det at vi helligen forsikre dette, bevidne vi tillige følgende: Udi denne Davigs Præstegjelds Hovedkirke er, efter Gudstjenesten, paa denne Dag foretaget det naadigst befalede Valg af tvende Meenighedens Mænd. Hvilke Valg er faldet paa disse Efterskrevne, nemlig:

1) Bondemand og Gaardbruger: Anders Pederssen Otteren, og
2) Bondemand og Gaardbruger: Martinus Pedersen Levdal, begge boesatte Mænd, og begge over 25 Aars Alder.

Disse tvende Mænd befuldmægtiges til, paa Meenighedens Vegne, saavel at aflevere denne underdanigste Addresse, som og at møde i Amts-Forsamlingen for at deltage i Valget af de tvende Mænd fra dette Nordre Bergenhuus Amt, der skulle møde og stemme ved den berammede Rigets Central-Forsamling paa Ejdsvold den 10de April, betreffende Kongeriget Norges bestemmende og antagende Regjeringsform.

Den gode Gud velsigne denne forehavende høystvigtige Rigets Sag til sin Ære, samt Regentens og Folkets gjensidige Lyksalighed!

Dette udfærdiges og underskrives herved af os Undertegnede, i Davigs Hovedkirke, Fredagen 18de (attende) Marts, Aar 1814.

 Claus Frimann, Provst i Nordfjord og Sognepræst til Davigs Præstegjeld, Ridder af Dannebroge.

 Thomas Friis Giæstgiver
Christian Glad
Peder Gregoriussen Kiøllesdal, Lensmand.
Jørgen Waldemarsen Møchllebust.
Hans Olesen Møchllebust.
Hans Peders. Henøen.
Anders Olsen Isehoug.
Abel Olesen Homborstad.
Rasmus Halstensen Møclebust.
Mons Samuelsen Skorpen.
Anders Abelsen Møchllebust.
Rejel Antonsen Indredavig.
 

 Dei to valmennene frå Davik

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Davik valde to bønder:

1. Anders Pederssen Otteren. I følgje bygdebok for Bremanger var han gardbrukar på garden Otteren som ligg om lag midt mellom Davik og Rugsund. Han var fødd 1776 på Otteren og døydde 1820. I 1802 vart han gift med Kari Kristiansdotter, fødd 1779, frå Indredavik.

2. Martinus Pedersen Levdal. Etter folketeljinga 1801 var han fødd kring 1769, og var bonde og gardbrukar på garden Levdal som ligg på nordsida av Nordfjorden. I teljingsåret var han ugift.

Dei som skreiv under

Eidsvollsfullmakta frå Davik er underskriven av 13 personar; 1 embetsmann, 1 lensmann og 10 utan tittel. Det er rimeleg å tru at dei 10 er bønder, sameleis at lensmannen er bonde. Såleis er 11 bønder av 13 i Davik. Det tilsvarar ca 85 % som er over snittet for amtet under eitt. Begge valmennene skreiv under. Underskriftslista inneheld namn frå heilt prestegjeldet. Ingen står oppført med påhalden penn.
 

Brev frå soknepresten til biskopen tidleg i mai

Ovanfor er nemnt eit brev frå soknepresten i Davik til biskopen i Bjørgvin, datert 9. mai 1814. Når Claus Frimann skriv og sender brevet sitt, har grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll vore i arbeid nokså nøyaktig ein månad, og keisar Napoleon har kapitulert (7. april) og er vorten forvist til Elba. Av brevet går det fram at nyhende både om grunnlovsarbeidet og krigens gang på kontinentet har nådd Nordfjord og Davik. Frimann takkar vyrdsamt for «den tilsendt Førstegrøde af Rigsdags-Nyheder», og som han ikkje heldt for seg sjølv, men «iilsomst delte med andre Venner her.» Nyhendet om Napolons fall kommenterer diktarpresten med eit vers:

 At selv Napoleon
Er sat paa Pension, -
Og denne de Parisers Gud
Skal, som et andet Skrumpelskud, [utskot]
Paa Øen Elba kastes ud
Hvo skulde saadant troe og tænke

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow budde ei tid på Askelund i Balestrand. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

« [Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow»

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

  • Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
  • Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme).
  • Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)
  • Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer Nils J. Loftesnes, Davik prestegjeld.

«Takke- og Bøn-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»
Den nyvalde kongen sende kunngjering til det «Elskede norske Folk» gjennom kongeleg «Rescript»til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. Venteleg følgde presten i Davik opp kunngjeringa om bønne- og takkefest, men vi har ikkje funne skriftlege spor i prestearkivet.

Ny amtmann

Konstituert amtmann, futen Rasmus Endresen, busett i Balestrand, styrde amtmannsembetet frå Treschow gjekk av våren 1814 til ny amtmann, Christian Magnus Falsen (betre kjend som Grunnlovens far, enn som amtmann i Nordre Bergenhus amt), tok over embetet ca 20. oktober. Falsen styrde embetet frå Bergen.

Val til omframt storting om hausten

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga. No førelåg det valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit storting skulle koma saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad: Kristiania, 7. oktober. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede"; 0-100, ein valmann, 100-200, 2 valmenn osb.

Representantar på omfram-stortinget

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvolls-mennene vart valde til omframstortinget.
Dei valde vart:

  • 1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
  • 2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
  • 3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
  • 4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Mobilisering og krig

Boka Syvårskrigen for 17. mai 1807-1814 (1914) av Henrik Angell, fødd i Luster ???, handlar om krigstilstand og krigshandlingar fleire periodar denne tida. Siste akt var krig mellom Sverige og Noreg i dagane 27. juli – 14. august 1814.. Krigen enda med våpenstillstand og avtalen kjent som Konvensjonen på Moss, datert 14. august. Mange frå Sogn og Fjordane var med, og fleire miste livet.

Minnesmerke

Fram mot hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914 vart det mange stader reist 1814-minnesteinar. Nordfjord har 3 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814. Dessutan vart det i Hornindal reist ein 1814-minnestein i 2009.

Området Davik prestegjeld 1814 har eitt 1814-minnesmerke. Det står ved kyrkja i Ålfoten og vart reist i 1914. Dessutan står det ein minnestein over Claus Frimann ved kyrkja i Davik. Steinen vart reist i 1936.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914.

Statsarkivet i Bergen:
Bjørgvin biskop: korrespondanse/saksdokument 1814