Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Heimsetstøylen



Heimsetstøylen vart alltid kalla Fjellstøylen av dei på Heimseta. Den ligg på ein bakke ikkje langt frå Heimsetnipa, nordaust for osen på Storevatnet i ei høgd på ca. 475 m o.h. Stølen høyrde til Heimset, gnr. 23. Husa har for lengst falle ned. Det som står att er ein solid steingard rundt stølskvia og tufter etter 5 hus. Lyng og småskog omkring.

Tufter etter 5 hus og steingard rundt kvia.

Tufter etter 5 hus og steingard rundt kvia.

Tilkomst

Frå riksvegen er det kring 2 km i luftlinje og minst det doble til fots. Råsa er lite brukt og vanskeleg å finne for ukjente.

Bruk av stølen

Martin J. Ommedal fortel at det er lite dei veit om Heimsetstølen av di stølsdrifta tok slutt kring 1910 eller noko før. Dei hadde rikeleg med heimebeite for dyra og arbeidsmessig var dette mykje enklare. Ida Vonheim, fødd 1886, var stølsjente kring 1902 og skriv mellom anna:
"Så kom sumaren og kyr og geiter vart jaga til fjells, eg skulle vere stølsgjente. Det var mykje hardt og uvant arbeid for ein 15 åring. Eit lite sel utan glas. Ein røykomn. Senga stod i utselet. I taket var ein ljore, som måtte takast av kvar gong fløyta vart teken av ask og traug. Kvar kveld måtte eg vaska og skure 3 traug og 2 veldig store askar. Melke 11 kyr og 12 geiter. Kvar morgon opp kl 5, melke, moke 2 fjøs, jage kyrne over Heia og hente dei i fjellet om kvelden. Ofte hende det at eg la meg kl.12."
Stølstida var truleg som på dei andre stølane i Hyen.

Ei segn fortel om ein bjørn som kom heilt fram til selet og stakk hovudet inn gjennom ein glugge i veggen. Budeiene vart sjølvsagt vitskræmde, men ikkje verre enn at ei av dei tok ei brennande vedskie og drylte til bjørnen i hovudet. Bjørnen er som kjent redd for eld og denne vart avskræmd og for sin veg.

Nokre fakta

Heimseta, gard nr. 23, Hyen sokn, hadde 4 bruk i 1890. Det budde 29 personar på garden i 1865. I 1900 var talet redusert til 19.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 258. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR