Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gaupne kyrkje



Gaupne kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunesenteret Gaupne i Luster kommune. Kyrkja, som har 230 sitjeplassar, vart vigsla 29. august 1907. Arkitekt Hans Jakob Sparre laga teikningane. Gaupne kyrkje er soknekyrkje for Gaupne sokn i Jostedal prestegjeld.

Gaupne kyrkje er teikna av same arkitekt og bygd av same byggmeister som Sæle kyrkje. Ein ser difor lett att dei har mykje til felles. Biletet er teke på ein grå regnvêrsdag.

Gaupne kyrkje er teikna av same arkitekt og bygd av same byggmeister som Sæle kyrkje. Ein ser difor lett att dei har mykje til felles. Biletet er teke på ein grå regnvêrsdag.

Eigar: I Luster lokalhistorisk årbok 1995.

Datering: 1995.

Fotograf: Oddrun Marie Dyrdal.

Diskusjon om bygging av ny kyrkje

Gaupne kyrkje har det typisk høgreiste og lyse preget som dei mange nyare kyrkjene våre har, og er ein stor kontrast til gamlekyrkja nokre hundre meter lenger aust i bygda. Ei tid var det strid om den gamle skulle utvidast eller erstattast. I dag er folk i Gaupne glade for at dei har begge.

Diskusjonen om ny kyrkje starta mot slutten av 1890-åra. På den tida var det tydeleg for alle at gamlekyrkja var i ferd med å bli ubrukeleg. Der var folk i bygda som meinte at det einaste rette var å rive kyrkja. Berre på nokre få tiår hadde det komme opp heile fire nye kyrkjer i det som i dag er Luster kommune, og også i andre kommunar i Sogn var det stor byggjeaktivitet. Det store fleirtalet samla seg etter kvart om ny kyrkje som det beste og einaste alternativet i Gaupne. I samråd med Fortidsminneforeininga vart det samstundes bestemt at den gamle skulle få stå, og at foreininga skulle ta over.

Svært lik Sæle kyrkje

Kyrkjetilsynet diskuterte byggjeplanane, og etter ei tid var det gjort avtale med ein bonde i bygda om å få kjøpte tomt. Sokneprest Halvorsen fekk låne teikningane til Sæle kyrkje, som var under oppføring. Ikkje lenge etter vart det vedteke at same arkitekten og byggmeisteren skulle nyttast i Gaupne. Det er lett å sjå at dei to kyrkjene har mykje til felles. Også den utvendige fargen er mykje lik. Hovudfargen i Gaupne er kremgul, medan listverket er guloker-farga.

Seint på året i 1905 starta byggjearbeidet i Gaupne, og halvanna år seinare vart kyrkja vigsla. Det vert fortalt at bønder i bygda gav skogen som trongst til bygginga. Steinen vart henta ein stad i Gaupnehagen. Elles vart nok ein del av grunnarbeidet utført på dugnad, men byggmeisteren hadde med seg faste arbeidsfolk som reiste kyrkjebygget. Her som i Sæle kyrkje ser ein at arkitekten har nytta detaljar som skal minne om våre tidlege kyrkjebygg, stavkyrkjene, og handverkarane har gjort ein fin jobb. Det fyrste som møter oss ved inngangen er drakehovuda på sidene, som strekkjer seg både mot nord og sør. Tårnfoten er høg og uvant brei i forhold til lengda. Spiret har form som ein takryttar og er plassert oppå det heller bratte taket på tårnfoten. Inne i kyrkja er det søyler med kapitél, også klart inspirert frå kyrkjer som har ein heilt annan alder. Det same gjeld bogane i vindauga. Til den tidlege dekorasjonen i kyrkja høyrde dessutan blomsterrankar som var måla over heile korbogen, men dei er seinare overmåla.

Interiøret

I fargevalet er kyrkja prega av lette fargar. Langs alle veggene er der brystning opp til vindauga, måla i ein lys grønfarge. I benkene er det ei blanding av gammalrosa og beige, med den øvste delen av ryggen i grått. Dei same fargane går att i gallerifronten og søylene under galleriet. På kvar side i skipet er der tre store vindauge. Øvst er dei dekorerte med ringar i lillafarga glas, elles er dei i farga småruta glas med blyinnfatning. I det firkanta koret er der eit vindauge bak altertavla, inndelt i fem felt. Taka både i skip og kor er skrådde på midten.

Gaupne kyrkje ligg fint plassert på ei flate litt ovanfor sentrum. På taket er framleis pipa som tidlegare gav signal til folket frå tidleg morgon av om der var preike eller ikkje. Og framme i kyrkjeskipet er omnen som i si tid varma opp kyrkjerommet. Omnane var i bruk dei fyrste 40 åra, men til nyttår i 1958 vart det lagt inn elektrisitet både til lys og omnar. Kyrkja har dei vanlege sakristia på kvar side av koret. Tidlegare var prestesakristiet nytta som dåpssakristi, og framleis heng det eit vove teppe med dåpsmotiv over inngangsdøra til prestesakristiet.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1907 er laga av Hans Ødegaard og er ein kopi av Eilif Petersen sitt bilete, truleg frå Johanneskirken i Kristiania 1878. Biletet framstiller Jesus på krossen og heiter "Det er Fuldbragt", som er innskrive under biletet (Joh. 19,30).

På alteret står to trearma lysestakar i messing. Dei er udaterte og truleg frå gamlekyrkja. Alterduken i hardangersaum har salmestrofa "Kjærleik det er ljosens kjelde". Duken er truleg laga på Kunstindustriskulen i Oslo. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk, begge udaterte; samt ei brødøskje i sølv frå 1957.

Preikestolen er frå 1907. Det same er døypefonten som har åttekanta fot, med fire søyler som ber skåla. Dåpsfatet, frå 1600-talet, er i messing, og har prega bilete av speidarar med drueklasar i botn, og med vinrankar med drueklasar rundt randa på fatet. Ei gråmelert dåpsmugge i steinty med svart kross er udatert. Ho skal tidlegare ha vore brukt i gamlekyrkja. Biletveven frå 1908, er laga av Kjerstina Holum Vangsnes (1867-1915), og er ei gåve frå Thea Tørvi. Motivet er "Barnet og engelen". I åtte vindauge er der glasmåleri med stiliserte krossmotiv.

Orgelet frå 1977 har 14 stemmer, og er eit Jørgensen-orgel. Her er to kyrkjeklokker, som begge tidlegare har vore brukte i Gaupne gamle kyrkje. Den eine er frå 1600-talet, og den andre frå 1828 har innskrifta "Af Her H.O. Døsen Kirkeeier Kremer Handler og Gestgiver er denne Klokke bekostet. Omstøbt i Bergen 21. Sept. 1828 af H.A. Quarme og V.S. Berge.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR