Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gloppen Mølle



Gloppen Mølle kom i drift i 1917. Ho var ei av dei første større handelsmøllene på Vestlandet, og den første bygdemølla i Sogn og Fjordane. Mølla var også den første industrimurbygningen som vart reist på Sandane. Her kunne bønder frå heile Nordfjord få utført leigemaling, noko som førte til omfattande nedlegging av mange gards- og bygdekverner.

I dag er den gamle mølla eit staseleg bygg. Biletet er teke frå same vinkel som biletet til venstre. Framfor bygningen ser vi den rommelege kaia, som er "hagen" til dei tre familiane som bur i huset. Vekslinga mellom raud og okergul farge framhevar lisenearkitekturen.

I dag er den gamle mølla eit staseleg bygg. Biletet er teke frå same vinkel som biletet til venstre. Framfor bygningen ser vi den rommelege kaia, som er "hagen" til dei tre familiane som bur i huset. Vekslinga mellom raud og okergul farge framhevar lisenearkitekturen.

Eigar: Sigmund Vereide.

Datering: 1997.

Fotograf: Sigmund Vereide.

Bakgrunnen for bygdemøllene

Så seint som i 1927 var 4000 gardskverner godkjende her i landet som ledd i ny korntrygdeordning. Berre i gamle Gloppen kommune var det 145 kverner. Under første verdskrigen var kornmangelen stor, og staten greip inn for å sikre kornforsyninga. Eitt av tiltaka var korntrygd. For også å få kontroll med kvaliteten på kornet og sikre større reinsemd ved malinga, sette staten som vilkår for korntrygda, at malinga skulle skje ved ei godkjend mølle. Staten såg dermed gjerne at gardskvernene vart avløyste av bygdemøller. Om kornproduksjonen skulle aukast rundt i landet, noko som var eit nasjonalt mål, måtte det også satsast på bygging av fleire bygdemøller.

Gloppen mølle vert reist

I landsmålestokk var den mest utbreidde finansieringsforma større lutlag. Men på Sandane tilbaud den amerikanske millionæren William Henry Singer seg å finansiere mølla. Han gav henne så til Ole G. Rysdal på Sandane "for hans mange års oppofrende arbeide og tjeneste, med tanke på å gi han en inntekt på hans gamle dage". Heilt frå starten tok dyrlækjar Ejnar Sorterup seg av forretningssida, medan Ole G. Rysdal hadde ansvaret for drifta.

Arkitektur

Gloppen Mølle er det einaste lokale dømet på den engelskinspirerte lisene-arkitekturen som var typisk for industribygningar i Noreg kring hundreårsskiftet - 1900. Karakteristisk for byggestilen er dei framspringande høge og smale ledda i veggene. Lisenene, som dei vert kalla, skil seg frå søyler ved at dei manglar utspring oppe og nede. Lisenene tener til nødvendig avstiving av veggene. Opphavet til lisenene finn vi i romansk arkitektur, og byggestilen vart brukt på industribygningar i England, særleg møller og fabrikkar, frå midten av 1800-talet.

Lisenene på Gloppen Mølle er måla gule, medan veggene er raude. Til byggestilen høyrde også rundboga vindauge med rammer og sprosser av støypejern, plassert mellom lisenene. Desse finn vi også i Gloppen Mølle. Taket er tekt med hoggen skiferstein.

Mølledrifta

Hovudoppgåva til ei bygdemølle var å drive leigemaling. Gloppen mølle dreiv også handelsmaling, som innebar at dei kjøpte inn korn og selde det i fôrmalen tilstand. Mølla omsette fôrblandingar, importert og fôrmale kveitemjøl, og dessutan bygg og havre til matmjøl og fôrgrøpp. Som bygdemølle var dette ei storbedrift.

I 1955 kjøpte A/S Rieber og Søn i Bergen mølla. Firmaet dreiv verksemda fram til hausten 1981, då Stormøllen tok over. Sjølve mølledrifta, med maling av korn, tok slutt rundt 1975. I den siste tida, før mølledrifta vart avslutta, vart det berre male bygg til dyrefôr. Stormøllen heldt fram med å nytte huset som utsalsstad for kraftfôr, ensileringsmiddel o.a. til litt fram på 1980-talet. Lokala vart etter kvart lite tenlege. Dei låg vanskeleg til for inn- og uttransport med store bilar.

Eigarskifte

Etter eit mellomspel, der Rune Nordvik var eigar av huset frå1988 til 1996, kjøpte Elin Hesjevik og Sigmund Vereide mølla og starta prosessen med planlegging og restaurering. Dei fann fort ut at dei ville nytte huset til bustader, og bestemte seg for å selje ut to seksjonar på 150 m² kvar, til andre interesserte. I løpet av 1998 stod bustadene ferdige, og eigarfamilien og to familiar til kunne flytte inn i bygget.

Frå forfall til visuell hjørnestein

Før Hesjevik og Vereide starta restaureringa var meininga mellom folk flest at huset burde rivast. Mellom anna fekk kultursjefen i Gloppen fleire gonger oppfordringar om å ta initiativ til å sprenge "skampletten" i lufta. Etter eit imponerande restaureringsarbeid står bygget i dag fram som ein visuell og kulturell hjørnestein i sentrum av Sandane, vakrare enn nokon gong! Med dei særprega raude og gule fargane og dei småruta, boga vindauga, er Gloppen Mølle igjen ei pryd for auga og eit klenodium for både eigarane og bygda.
Det er ikkje hageareal knytt til mølla. For å kompensere for dette har eigarane bygt ei stor og flott bryggje på sjøsida av bygningen. Kaia er eit fint og viktig supplement til hovudbygget.
Elin Hesjevik og Sigmund Vereide har fått Sogn og Fjordane fylkeskommune sin bygningsmiljøpris for restaureringa av Gloppen mølle.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Eldbjørg Fossgard: Gloppen Mølle - eit teknisk kulturminne. I Årbok for Nordfjord. 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR