Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juli 2007

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Olav den heilage - Olsokstemna i Korssund



Søndag 28. juli 1929 strøymde folk til Korssund. I alt 6-800 menneske samla seg til den første olsokstemna ved den store steinkrossen der. - Artikkelen er todelt, første delen handlar om bakgrunnen for olsokstemne kring 1930, den andre om olsokstemna i Korssund.

Steinkrosssen i Korssund sett mot nordvest. Han er nøyaktig 384 cm høg.

Steinkrosssen i Korssund sett mot nordvest. Han er nøyaktig 384 cm høg.

Eigar: Per Birger Lomheim

Datering: 1999.

Fotograf: Per Birger Lomheim.

Kong Olav Haraldsson - Olav den heilage

Olav den heilage (ca 995-1030), av Hårfagreætta, var son til Harald Grenske og Aasta. I ung alder drog han i viking både i austerveg (Russland) og vesterveg (England, Frankrike og andre stader på hi sida av Nordsjøen). Han vann stor rikdom, fekk mykje krigserfaring og god innsikt i vesteuropeisk riksstyring. Olav gjekk over til kristendomen og skal ha vorte døypt i Rouen i Frankrike.

Hausten 1015 reiste han frå England til Noreg. Målet var å vinna kongsmakta i landet og fullføra kristningsverket Olav Trygvason hadde byrja på slutten av 900-talet. Olav hadde stor framgang. Han oppnådde å verta einekonge og gjorde slutt på den openlyse dyrkinga av Odin og Tor og andre gudar i den gamle norrøne religionen, åsa-religionen (ein ås (gud), fleire æser).

Men Olav sat ikkje trygt. Han hadde vunne makta i landet mot stormenn som stod i samband med den mektige danskekongen Knut som også rådde over store område i England. Hausten 1028 kom Knut den mektige til Noreg med ein stor styrke. Målet hans var å innlemma Noreg i eit stort Nordsjø-velde. Knut fekk tilslutning av stormenn og vart teken til konge på Øyretinget i Trøndelag. Olav hadde ikkje noko anna val enn å røma landet. Han for austover til Sverige og Russland. I 1030 gjorde han eit nytt forsøk på vinna att kongsmakta. Han rykte inn i Trøndelag frå Sverige. Ei stor hær leia av hovdingane Tore Hund og Kalv Arnesson møtte Olav på Stiklestad, 29. juli 1030. Olav Haraldsson tapte slaget og vart sjølv drepen.

Men så skjedde det merkelege ting. Det byrja å versera forteljingar om underlege hendingar knytta til Olav. Sola hadde kome bort frå skyfri himmel same dagen som slaget stod. Kongen sitt blod hadde lekt såra til Tore Hund. Liket til Olav var like friskt då dei grov det opp eitt år etter slaget. Den 3. august 1031 erklærte biskop Grimkjel kong Olav som helgen. Dei la liket i eit sølvskrin og sette det i Klemenskyrkja i Nidaros. Berre eitt år etter at kong Olav Haraldsson hadde vorte drepen i slaget på Stiklestad, vart han omskapt til Olav den heilage, perpetuus rex Norvegiæ - Noregs evige konge.

Det utvikla seg snart ei omfattande Olavsdyrking som heldt seg gjennom heile mellomalderen - og endå lenger. Folk trudde på det som vart fortalt. Det kom opp Olavskjelder mange stader som gav lækjande vatn. Det danna seg Olav-segner. Det vart bygt kyrkjer som fekk Olav sitt namn, og laga Olavs-bilete i tre og tekstilar. Straumen av pilegrimar til Nidaros og Olavsskrinet fekk stort omfang. Olavsdyrkinga nådde langt utanom Noregs grenser.

Olsok-renessanse - Bjørnstjerne Bjørnson 1897

I katolsk tid (1030-1536) hadde den norske kyrkja mange minnedagar om helgenar. Det var Olavsmesse 29. juli og 3. august, den første til minne om dagen då Olav vart drepen, den andre om dagen då han eitt år seinare vart erklært helgen (kanonisert). Ved reformasjonen (etter 1536) vart dei katolske minnedagane rydda bort frå kyrkja i Noreg saman med anna katolsk innhald, framfor alt bilete av helgenar i kyrkjene.

Olsok - Olavsdagen - fekk ein renessanse på slutten av 1800-talet, og då særleg ved ein kraftfull tale Bjørnstjerne Bjørnson heldt på Ilevollen i Trondheim i 1897. Bjørnson heldt fram Olavsdagen og Olav den heilage som samlingsmerke i kampen for norskdom og frigjering frå framanvelde (mynta på unionen med Sverige). Han mana kyrkja til å løfta Olavsdagen fram frå gløymsla.

"Op med Kirken på Olavsdagen! Det gjælder nu som paa Olavs Tid: Norge ligger under for fremmed Magt, bare saa længe det ikke er enigt. Et enigt Norge faar, hvad det har ret til, jævnsides andre selvstændige Folk.

Norske Bymænd og Bønder: Andre tør nu ikke (..) ud med Nøklerne til de forskjellige Kirkeporter på Olavsdagen, men blir I bare enige, saa husk at I har Hovednøkkelen! Til Kirkerne som til mere. (..) Leve det gamle, det nye Norge!"

Olsok-renessanse - H.R.J. Nagell 1913

H.R.J. Nagell på Njøs i Leikanger hadde 21. juli 1913 ein større artikkel i Fjordenes Blad om "Olsokdagen". Nagell er her sterkt oppteken av å gje Olsok større plass som minnedag. Han viser til at i 1911 hadde 40 byar og fleire hundre landkommunar vedteke gjera "Olsokdagen" til flaggdag. Nagell var også begeistra for at den gamle skikken med å brenna bål "Olsokkvelden" var teken opp att, og han var viss om at Olsok, "vor betydeligste nationale og kirkelige mindernes stordag" for all framtid ville koma til å få plass ved sida av 17. mai og 7. juni.

Olsok-renessanse - 900 årsdagen, tysdag 29. juli 1930

Merksemda om Olsok nådde ein topp i 1930, 900 år etter slaget på Stiklestad. Den norske staten og kyrkja - gjekk sterkt ut med rundskriv frå Det kgl. Kyrkje- og Undervisningsdepartement der det vart oppmoda om "å halda kyrkjeleg minnefest" på olsokdagen, tysdag 29. juli, eller søndagen etter på.

Rundskrivet gjev greie for kvifor det er viktig å halda minnefestar, og kva kristendomen har hatt å seia for folk og land. - Minnefestane skal haldast for "å takka Gud for dei store velgjerningar mot vårt folk i 900 år i og med kristen tru og kristen samskipnad. Kristendommen hev i sanning vore ein livande og livgjevande straum gjenom desse hundreåri. Soga vil aldre klara å fortelja um den store hæren av lidande og stridande menneskje som drakk av evangeljiekjelda [Bibelen - nytestamentet] og derav fekk trøyst og styrke i livsens vanskar og i dødsens strid.(..) Paa minnedagen for kong Olav Haraldsson bør difor grunntonen i vår takk vera: Gud åleine æra.! "Han sende sitt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde."

Olsokstemna i Korssund

Dette er bakgrunnen for den første olsokstemna i Korssund som vart halden dagen før olsokdagen, søndag 28. juli 1929. Dei hadde arbeidd i fleire år for å koma i gang med ei olsokstemna ved den 8-900 hundre år gamle steinkrossen. Det var ein stor høgtidsdag. Florøavisa Firda Folkeblad hadde eit langt stykke om tilskipinga.

Stemnefolket samla seg på bakken ved steinkrossen. Det var bygt opp eit alter med preikestol og "kor"av bjørkelauv. Songkoret i Våge krins var med. Stemna var delt i to bolkar med matøkt mellom. Lærar Mads Flokenes opna og helsa velkomen. "Ingen veit kven som reiste krossen", sa han. "Men kvifor han vart reist, veit me. Han hev vore eit kristeleg samlingsmerke. Kross var jamstelt med kyrkje. Der det var langt mellom kyrkjorne, heldt dei messe ved slike krossar."

Deretter heldt sokneprest Lyngstad høgmesse. "Det var ei mektig preika under det gamle krossmerket", står det i bladstykket, " ei av dei gildaste og beste preikor soknepresten hev halde. (..) Og han - bergensaren - tala fulltonande og lytelaust nynorsk." Soknepresten innleidde med nokre tankar om kor sterkt soga grip menneska, og nemnde særleg at soga gjev eit møte med våre eigne folk før oss.

"So samlast me um denne krossen, ikkje berre fordi han minner um fedrene, men fordi han er noko sjølv."Um alle vitni tegjer, skal steinane tala". Og so kjem og ein dag då liding og sorg og daude ikkje skal vera meir. Dette er bakgrunnen for Olavs kristningsverk. Han var eit døme på Jesu ord um kveitekornet, som fell til jordi og ber frukt."

Etter matøkta tala lektor Nils Løkkebø om olsok som minnedagen framom alle andre minnedagar på den måten at han sameinar det kristelege og det nasjonale. "Kunde me faa att den serlege evne som dei hadde i mellomalderen til å undra oss mykje og tru sterkt, daa fyrst skynar me til fullnads Olav Haraldson. Han var ikkje den fyrste og ikkje den siste som fall for Kristi sak. Men for det norske folk var det grunnleggjande," sa Løkkebø, i talen sin. Han trekte liner gjennom 900-årsbolken 1030-1930 med vekt på nasjonalsoga og kyrkjesoga. Løkkebø tala om gjenreising, liv og vokster opp gjennom hundreåra, og nemnde mellom anna målsaka som ein del av gjenreisinga.

Olsokstemne ved steinkrossen i mange år

Dei hadde spurt sogemannen Albert Joleik om å halda eit lokalhistorisk foredrag på olsokstemna i 1929. Joleik hadde svara at han ikkje kunne det, men at han skulle koma "næste aar". Og - neste år - var det store jubileumsåret 1930, 900 år etter Olav Haraldsson fall.

Albert Joleik kom ikkje til stemna i 1930 heller, men det kom mykje meir folk enn fyrste året, ein stad mellom 800 og 1000. Det var talar av sokneprest Lyngstad og skulestyrar Huseklepp. Folkestad songkor deltok dette året.

I 1935 heldt dei den 7. stemna. Spesielt dette året var at sokneprest Lyngstad forretta den fyrste dåpen i det fri. Med løyve av biskopen vart eit barn som fekk namnet Olav Harald døypt ved krossen.

Olsokstemna i Korssund var årviss fram til krigen 1940-1945. Det lukkast ikkje å ta stemna opp att etter krigen. No (2006) vert det halde olsokgudsteneste ved steinkrossen når vêret er lagleg.

kjelder:

Sturlason, Snorre: Kongsesogur. Kristiania 1900.
Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660.1961.
Bjørnstjerne Bjørnsons tale på Ilevolden i Trondhjem Olavsdagen 1897. HUN, div. avisutklipp etc.
Nagell, H.R.J.: Olsokdagen. I Fjordens Tidende. 30.07.1913.
Firda Folkeblad. 30.07.1929, 31.07.1930.
Sogns Tidende.23.07, 26.07, 30.07, 02.08.1930.