Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Strid om tverrsambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord



I 1950-åra var det ein heftig debatt om kvar tverrsambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord skulle gå. Tre alternativ peika seg ut: veg langs Sognefjorden til Høyanger og Vadheim, heilårssamband over Gaularfjellet med tunnel og vegsamband via Fjærland/Jølster.

Ferjesambandet Kongsnes-Nordeide var eit stort framsteg i heilårssambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord. Men den 14,8 km lange ferjeturen Kongsnes-Nordeide var ikkje særleg populær i fylket. Turen tok tre kvarter, men ein kunne aldri vera sikker på å komma med ferja. Slik vart ofte reisetida mykje lengre. Mange måtta venta 2-3 timar før dei kunne køyra om bord.

Ferjesambandet Kongsnes-Nordeide var eit stort framsteg i heilårssambandet mellom indre Sogn og Sunnfjord. Men den 14,8 km lange ferjeturen Kongsnes-Nordeide var ikkje særleg populær i fylket. Turen tok tre kvarter, men ein kunne aldri vera sikker på å komma med ferja. Slik vart ofte reisetida mykje lengre. Mange måtta venta 2-3 timar før dei kunne køyra om bord.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Sognefjordslina

Arbeidet for eit heilårs tverrsamband mellom Sogn og Sunnfjord byrja alt ved hundreårsskiftet 1800/1900 med planar om jernbane via Fjærland. Tanken om veg dukka opp på 1950-talet saman med krav om vegutløysing for Fjærland. Alternative sambandsliner vart raskt fremja. Ei av desse var å føra vegen langs Sognefjorden vidare til Høyanger. I 1956 vart trekantsambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes sett i drift, og mange såg det då som naturleg med veg vidare frå Balestrand til Høyanger og Vadheim.

Fjærlandslina

Vegutløysing for Fjærland var med alt i vegplanen for fylket i 1940, og vart vedteke av fylkestinget i 1960 (veg på vestsida av fjorden). Men vedtaket vart ikkje ståande. Spørsmålet vart om dei skulle byggja vegen langs aust- eller vestsida av Fjærlandsfjorden. Dernest vart det ein debatt om kva prioritering veg til Fjærland skulle ha i høve til vegen langs Sognefjorden. Den 8. november 1962 vedtok fylkestinget at Kongsnes-Høyanger skulle opptakast som hovudveganlegg.

Gaularfjellslina

27. september 1965 vart riksveganlegget Balestrand-Kongsnes-Høyanger teke opp til ordinær løyving over statsbudsjettet for 1967. Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide skulle byggjast ferdig på to år. Vedtaket i fylkestinget kom etter at Samferdselsdepartementet hadde sendt eit skriv datert 18. september 1965, om at fylkesutvalet måtte prioritera ombygging av Gaularfjellsvegen som heilårsveg. Akergruppa hadde nemleg planar om å etablera ein motorfabrikk i Førde med 250 arbeidsplassar.

Ein tunnel gjennom Gaularfjellet ville gi eit svært raskt samband til Austlandet. Fylkesutvalet drøfta saka på møte i Oslo 26. oktober 1965 saman med representantar frå Akergruppa, Distriktenes utbyggingsfond, Samferdselsdepartementet og Kommunaldepartementet. Vegsjef Alf Torp meinte at ein kunne få eit sikkert heilårs vegsamband gjennom Vetlefjorden og over Gaularfjellet for 6 mill. kroner. Med det ville ein få eit tverrsamband i fylket med ein gong. No vart Akergruppa sine planar skrinlagde, og Gaularfjellslina hadde få tilhengjarar mellom politikarane.

Ikkje semje

Striden kom difor til å stå om Sognefjordslina eller Fjærlandslina. Begge alternativa hadde taleføre aksjonsgrupper og begge sende delegasjonar til Oslo. Det var ikkje semje mellom politikarane i fylket. Begge sambanda var tenkt bygde, usemja gjekk på kva samband som skulle byggjast først. I november 1967 vedtok fylkestinget prioriteringsplan for riksvegar for perioden 1970-85, der dei gjekk inn for Sogn-Sunnfjord via Høyanger. Då Norsk vegplan kom i 1970, vart det ikkje teke stilling til linevalet.

Vegetaten for Sognefjordslina

Alt i 1960 gjorde vegkontoret undersøkingar for vegsambandet mellom Lånefjorden og Høyanger. Alternativa var veg med fleire korte tunnelar langs fjorden, eller ein lang tunnel tvers gjennom fjellet. Dersom ein valde at vegen skulle gå langs fjorden, ville det gi den vesle bygda Måren i Høyanger vegutløysing. Det vart laga ei vegteknisk og økonomisk analyse som vart lagt fram i 1972. Vegetaten gjekk inn for å byggja Høyanger-Kongsnes før 1980, og vegutløysing for Fjærland til Skei med ferje mellom Hella og Fjærland. Vidare ville dei rusta opp Dragsvik-Høyanger-Vadheim før 1988 og byggja veg Sogndal-Skei via Fjærland i 2000.

Fjærland sigra

Fylkesutvalet drøfta tverrsambandet på eit møte i Bergen i 1973, og avisa Sogn og Fjordane skreiv etter møtet: "Det var ikkje semje på dei viktigaste punkta, då fylkesutvalet på siste møtet hadde føre ein revisjon av Norsk vegplan. I spørsmålet om tverrsambandet mellom Fjordane og Sogn heldt fire på Fjærland-Skei, to på Kongsnes-Høyanger og ein på Gaularfjellet." I Fjærland var det jubel.

Endeleg avgjerd i Stortinget

Men politikarane skifta syn. I 1973 vart saka handsama på eit ekstraordinært fylkesting på Hopstock Hotell i Vik. Sognefjordslina vart då vedteken med 15 røyster mot 14 for Fjærlandslina. Den endelege avklaringa kom med stortingsvedtaket 17. april 1975, som stadfesta vedtaket i fylkestinget, men gav samstundes vegutløysing for Fjærland med tunnel til Jølster.

Kvifor vann Sognefjordslina fram stikk i strid med vedtaket i fylkestinget? Årsaka var nok i stor grad at planlegginga av vidareføringa Skei-Fjærland einsidig var knytt til lina Fjærland-Hella (austsida). Dette alternativet såg både vegstyresmaktene og Stortinget på som svært kostbart, grunna dei mange rasfarlege stadene langs den svært bratte fjellsida.

Vegkomiteen av 1968

På lokalplanet vart det gjort mykje arbeid for å fremja vegsamband mellom Kongsnes og Høyanger. I 1968 vart det skipa ein vegkomite i Høyanger. Oppgåva var å gjera ein del forarbeid slik at ein kunne forsera bygginga av Høyanger-Kongsnes. Komiteen skulle og greia ut om ein skulle skipa eit tunnelselskap for å finansiera prosjektet. Komiteen fann at vegutbyggjinga var ei statleg oppgåve, særleg av di kommunane og næringslivet ikkje ville vera i stand til å ta på seg renteutgiftene med eit så stort prosjekt.

Komiteen engasjerte fleire i arbeidet, mellom anna sivilingeniør Gabriel Frøholm, frå Nordfjord, som var føregangsmann når det var spørsmål om å byggja lange tunnelar. I 1971 var prosjektet teknisk utgreidd. Per Vike, dåverande kontorsjef i Høyanger, og sivilingeniør Erik J. Larssen i Årdal og Sunndal verk (ÅSV), utgjorde den første komiteen. Då begge flytta frå Høyanger, vart det oppnemnd ein ny komite med ordførar Einar Lavik og kjøpmann Johan Øren i spissen. Også andre arbeidde for Sognefjordlina. Stortingsmann Paul Svarstad var ein ivrig støttespelar for komiteen.

Ferjesambandet var ein bremsekloss

Då vegen var ferdig fram til Kongsnes i Balestrand i 1970, vart ferjesambandet Kongsnes-Nordeide sett i drift. Den 14,8 km lange ferjeturen Kongsnes-Nordeide var ikkje særleg populær i fylket. Turen tok tre kvarter, men ein kunne aldri vera sikker på å komma med. Ventetida kunne vera opp til fleire timar for dei som ikkje fekk plass på dei to små ferjene som trafikkerte sambandet. Yrkessjåførane hevda at veg/tunnel var eit klart betre alternativ i vegsambandet mellom Sunnfjord, Nordfjord og Sogn og austover, når Gaularfjellsvegen var stengd om vinteren. Dei som køyrde fast transportrute mellom Oslo og Sunnfjord måtte starta frå Oslo klokka tolv for å nå siste ferja. Med vegsamband kunne dei starta om ettermiddagen.

Næringslivet gjekk inn for tunnel

Alle kommunane og dei største næringsdrivande i ytre Sogn/Sunnfjord gjekk inn for Høyangertunnelen. For Høyanger Verk var det viktig å få tunnelen også for å sikra meir stabil arbeidskraft frå nabokommunen Balestrand. Sjølv om hovudtransporten med råaluminium frå Høyanger Verk gjekk med skip, vart 4500 tonn halvfabrikata med tuber og boksar, i tillegg til 270.000 aluminiumsfelgar til SAAB, Volvo og BMW sende med trailarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Handeland, Olav: Tverrsambandet Kongsnes-Høyanger. I Vegstubben, s. 3, nr. 1-1973.
Handeland, Olav: Gjennomslag i tunnelen Høyanger-Lånefjorden. I Vegstubben, s. 34-36, nr. 2/3-1980.
Firda. 14.05.1982.
Fjordenes Tidende. 24.05.1982.
Sogn Dagblad. 25.05, 02.06.1982.
Aftenposten. 26.05.1982.
Sogningen/Sogns Avis. 27.05, 03.06.1982.
Lotsberg, Gunnar: Tunnelfylket Sogn og Fjordane. I Kommunalteknikk, nr. 3-2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR