Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. mars 2021

Sist oppdatert 30. april 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Fotograf Elen Loftesnes



Elen Loftesnes (1905-1979) var fotograf i Sogndal frå 1930 til 1962. Ho er ein av få kvinnelege fotografar frå Sogn og Fjordane som det er bevart arkiv etter, og var også i ein periode den einaste yrkesfotografen i Sogndal og omland.

Sjølvportrett av Elen Loftesnes, ukjend datering.

Sjølvportrett av Elen Loftesnes, ukjend datering.

Eigar: Fylkesarkivet i Vestland

Fotograf: Elen Loftesnes

 

Barndom i Sogndalsfjøra

Elen voks opp der ho skulle leve omtrent heile livet sitt, på eigedommen Solheim i Sogndalsfjøra. Solheim er ein del av den tette trehusklynga ved kaien, og bestod då av eit lite tun med våningshus, uthus og stall, og naust ved fjorden. Her vart Elen fødd vinteren 1905 som nummer seks av åtte born, der to ikkje levde opp. Foreldra var Eli Jakobsdotter, f. Fjæren, og Ola Olson Loftesnes, som vart kalla Tang-Ola då han kom frå ei grein av Loftesnes-slekta som heldt til på Nestangen i Sogndal. Faren hadde hest og arbeidde som skysskar.

Familien var ikkje velståande, men hardt arbeidande. Den yngste systera Gunnhild har fortalt frå oppveksten at dei ein gong hadde grisungar, som dei tok inn på kjøkenet om vinteren for at dei ikkje skulle fryse i hel. Den eldste i syskenflokken, Dortea, var ifølgje folketeljinga 1910 «fabrikpige» som 18-åring, ho var då i Høyanger. Seinare skulle Elen sine to andre systre også flytte til Høyanger og etablere seg der. Broren Johan kjøpte eige hus i Sogndalsfjøra og hadde arbeid på kaien.

Elen og storebror Olav var begge ugifte heile livet, og kanskje grunna dette var dei tett knytte til kvarandre. Dei var begge også aktive i Frelsesarmeen. Olav hadde jamvel yrkeslivet sitt i Frelsesarmeen, og vart på folkemunne i Sogndal i seinare år berre kalla Brigaderen. Han kjende alle og var godt likt over alt, og var mykje meir omgjengeleg enn systera, som har vorte skildra som ei som det var lite prat i. Olav var mykje på reise og flytta rundt med arbeidet, men var ofte i Sogndal og budde då fast på arken i barndomsheimen.

Med resten av syskenflokken etablert andre stader, var det Elen som vart buande med foreldra. Ho overtok eigedommen då dei gjekk bort i 1944 og 1952, og her fekk ho etter kvart mogelegheit til etablere eiga verksemd.

Første kontakt med fotografyrket

Det er ikkje kjend kvifor Loftesnes valde å verte fotograf. Som ugift kvinne trong ho inntekt, og ho kom frå ein arbeidarfamilie. Ho hadde tilgang på lokale etter faren, og ho hadde ei god plassering i det veksande regionknutepunktet Sogndal. Ho hadde difor gode føresetnader for å drive verksemd.

Det kan hende at ho vart nysgjerrig på fotografi gjennom urmakaren i Sogndal, Olav Vatlestad. Han var ein allsidig mann, som også bestilte delar og bygde sine eigne fotoapparat på fritida. I Vatlestad-familien har det vore ei kjensgjerning at det var han som lærte Elen å fotografere. Vatlestad var også ein god ven av fotografen Gerhard Einan, som budde i Sogndal fram til han flytte til Øvre Årdal i 1915, og dei tok begge mykje bilete av landskap, brukt til dømes på postkorta som Einan produserte. Postkort har også tidleg vore sentralt i Loftesnes sin produksjon. Noko av det tidlegaste fotomaterialet etter ho som er bevart er frå 1929, året før ho gjekk i lære, og har motiv av landskap og bygningar på Barsnes i Sogndal. Om dette var i samarbeid med Vatlestad eller ikkje, er usikkert.

 

Læretid i Bergen: "Dei veit å koma på det"

Det er uvisst akkurat kor tidleg Loftesnes byrja å fotografere, men det er stadfesta på ho gjekk i lære i Bergen vinteren 1930. På same tid budde broren Olav der. Han hadde alt vore i Bergen som bakarlærling tidlegare, og gjekk i 1930 Frelsesarmeen sin krigsskule for å bli offiser.

Elen og Olav hadde syskenbarn som budde på Loftesnes i Sogndal, som dei hadde god kontakt med heile livet. I februar 1930 skriv nokre av syskenbarna brev til syster si i Granvin for å gratulere henne med dagen. Maria Loftesnes har då nettopp treft far til Elen, og ho skriv:

«Ho Elen kom til Bergen i januar og er byrja i fotograflære. Dei veit å koma på det. Læren var fire månad».

Syster hennar, Sofia Loftesnes, skriv ved same anledning at Olav har vore på besøk heime frå Bergen, og ho har fått nytt om Elen frå han:

«Ho Elen er i Bergen og, ho var i eit slags lære, sa han, ho skal vera eit halvt år. Eg spurte ikkje meir etter kva slags lære det var».

Om Maria og Sofia hadde vore meir nyfikne på kva slags lære dette var, hadde det kan hende også gått fram av desse breva hjå kven Elen gjekk i lære. Dette er elles ukjend. Det som heller er mogeleg å lese av desse breva er at dersom Elen hadde særskilt interesse for foto før 1930, var det lite kjend for omgangskretsen hennar. Slektningane på Loftesnes verkar nesten forbausa over avgjerda om å gå i lære, og dei tek det heller ikkje for gitt at det er akkurat fotograflære ho skal gå i.

I Elen Loftesnes sine etterlatne brev er det i lag med kunde-korrespondansen også eit brev frå hennar kollega Samson Brathole, ein sogning som dreiv verksemda 'Fotograf Skagen & co' i Strandgaten i Bergen. I 1956 skriv han eit personleg og hyggeleg brev for å ynskje godt nyttår, takke for lån av ein film, samt melde si uro for større konkurranse frå nye fotografar i Bergen. Det er ikkje mogeleg å seie om det var hjå han ho gjekk i lære, men dette er den einaste kjelda som viser at Loftesnes hadde kontaktar i Bergen. Om ikkje denne kontakten stammar frå læretida hennar, kan ho og Brathole også ha blitt kjend seinare då han kom til Sogn eller ho til Bergen, der ho var ofte.

Fotoforretning i Sogndal

Sommaren 1930 kom Loftesnes attende frå Bergen, og sette umiddelbart inn ein annonse i Sogns Tidend der ho melder at ho er vorten fotograf. Tenestene ho tilbydde - framkalling, kopiering og fotografering - går att i eit stort tal annonsar i lokalaviser gjennom heile 1930-talet, etter kvart supplert med tilbod om forstørringar, «utført på moderne aut. (automatisk, forf. anm.) forstørrelsesapparat i alle storleikar». Også tilbod om sal av film, og seinare kamera til sal og utleige, går att i annonsane. Loftesnes må også ha arbeidd med kolorering i læretida, då fargelagde positiv tidleg var noko ho tilbydde kundane sine.

Når ho startar opp forretninga si er Loftesnes 25 år og bur i barndomsheimen i lag med foreldra, som ho har hovudomsorga for. Stallen er gjort om til forretningslokale og mørkerom for Loftesnes, og det kan også virke som at ho nytta ei stove i våningshuset til atelier.

Loftesnes var ikkje åleine om å vere fotograf i Sogndal, og delte marknaden med forretninga Næss og Co som vart driven av den 10 år eldre fotografen Hans Talle. Talle avvikla verksemda mot slutten av 1940-talet. Han hadde ei godt etablert verksemd då Loftesnes starta si, men det ser ut til at det var nok arbeid for to fotografar. I ein kort annonse frå tampen av 1931 er det naudsynt for Loftesnes å melde at ho vil vere bortreist i ein månads tid, noko som tyder på den nystarta forretninga hadde eit jamt tilfang av oppdrag. Seinare skulle Loftesnes, som var svært glad i friluftsliv, kjøpe seg ei hytte ved Dalavatnet i Sogndalsdalen. Då vart det også ofte annonsert på byrjinga av sommaren at forretninga vart feriestengd i lengre tid.

Hytta var ein viktig stad for Loftesnes, og mange som hugsar henne fortel at ho var der ofte i helgene, og så mykje som mogeleg om somrane. Utifrå annonsane kosta ho etter kvart på seg kring ein månads samanhengande ferie, men ho tok med fotoapparatet og me finn ei mengd bilete frå opphald på hytta saman med vener og familie.

Landskapsfotografen

Frå den tidlegaste perioden i verksemda til Loftesnes er berre fragment av arkivet hennar bevart, men det kan synast som at ho utførte same type arbeid frå byrjinga av, som ho gjorde seinare i karrieren. Oppdraga bestod oftast av portrett, enten i atelieret i Sogndalsfjøra eller heime hjå kundar. Etter 1941 skulle også alle vaksne ha ID-kort med foto, og denne typen oppdrag vart nok meir og meir vanleg attmed andre portrettoppdrag. Ho fotograferte også store livshendingar som bryllaup og feiringar, og gravferder, inkludert noko post mortem-fotografi. I arkivet er det mykje bilete av kundar sine hus og heimar, og landskapsbilete nytta i postkortproduksjon og til andre salsføremål.

Foto frå vakre landskap, og naturfenomen som store snøfall, fossar, og måneskin, går att i produksjonen til Loftesnes, og det er tydeleg at ho var interessert i å fotografere naturen. Fleire fotoseriar er også tekne på lengre bilturar i Sogn, der bilen ofte har måtta stoppe opp for å verte fotografert i landskapet.

Særskilt når det gjeld landskapsfotograferinga er det vanskeleg å skilje motiva som ho tok for å bruke i verksemda, frå dei som var reint private. Ofte er vener og familie med på desse bileta, og dei har kanskje vore tekne like mykje for Loftesnes sin eigen del. Ho er også ofte sjølv med på desse bileta, og let andre ta kameraet.

Samlivet med Mathilde Pettersen

Det er ei kvinne som går att på svært mange bilete i arkivet etter Loftesnes. Dette er Mathilde Pettersen frå Bergen, som i Sogndal vert hugsa som ei hushjelp som budde saman med Loftesnes. Mathilde vart i 1922 med i det same korpset i Frelsesarmeen i Bergen som Olav Loftesnes, og det er antakeleg gjennom han at ho vart kjend med Elen. Av bileta går det fram at dei to var mykje i lag på 1930-talet, mellom anna på turar med familien Pettersen. Frå 1940-talet av bur Mathilde i Sogndal, fram til ho døyr av sjukdom i 1953.

Det er ikkje mogeleg å i ettertid definere kva relasjon dei hadde, men bileta vitnar om eit nært samliv og ein sterk venskap, både i kvardagssituasjonar og på turar åleine eller saman med vener og familie. Det er også eit stort tal portrett av Mathilde der ho poserer for fotografen i eit vakkert landskap eller heime på tunet, og ho går att på mange av bileta frå aktivitetar i Frelsesarmeen. Etterkommarar i slekta til Mathilde fortel om ei oppfatning i familien av at dei to var meir enn nære vener, utan at dette vart gitt særskilt merksemd. For familien i Bergen var dei tante Elen og tante Tilly, som deltok saman på ferieturar, konfirmasjonar og bryllaup.

At Mathilde vart oppfatta som ei hushjelp, passar inn i eit bilete av Elen Loftesnes som ei kvinne med eit travelt og krevjande liv. Som fulltids yrkeskvinne, og med åleineomsorg for eldre foreldre som budde heime, er det lett å tenkje seg at det var ei god ordning at Mathilde slo seg ned i Sogndal og vart ein del av denne hushaldninga. Ordninga skulle også vere permanent, dette kjem fram av protokollen frå Frelsesarmeen i Sogndal der Mathilde blir formelt overført frå korpset i Bergen til korpset i Sogndal nokre år før ho døyr. I gravferdsannonsen hennar er Elen Loftesnes oppført først av dei etterlatne.

Desse kjeldene, og biletmaterialet, gir eit verdifullt innblikk i kvardagslivet til Loftesnes og i kven som var hennar familie og næraste. Dei er også interessante fordi dei seier noko om livet og mogelegheitene til ei ugift yrkeskvinne i eit lite bygdemiljø, og særskilt ettersom informasjon om hennar sivilstand ikkje er å finne i offentlege arkiv. Loftesnes levde eit på mange måtar alminneleg liv, og det har heller ikkje komme fram at ho vart sett på som særskilt ualminneleg lokalt. Men livet ho skapte seg hadde likevel rom for å ta utradisjonelle val og leve etter eigne ynskje.            

 

Ettermælet i Sogndal

Dei fleste som hugsar Elen Loftesnes i dag, kjende ho først på 1950-talet då dei sjølve var born og ungdom. Ho levde då åleine i huset i Sogndalsfjøra. Broren Olav bur der når han er på besøk som tidlegare, ho har nære vener i Sogndal og er stadig på hytta, og er aktiv i Frelsesarmeen, der ho spelar mandolin i strengemusikken. Ho har tett kontakt med slekt i Høyanger, og også med Mathilde sine systre og deira familiar i Bergen. Hjå svigerinna i Sogndal er ho fast gjest for å sjå tippekampane i fjernsynet i seinare år.

Dei som hugsar henne frå bygdemiljøet på denne tida beskriv henne som godt likt og respektert, men ho var tilbakehalden, og gjorde lite ut av seg. Av dei som kjende henne betre kjem det fram at ho kunne vere kjapp i replikken, og likte å fleipe. Smågutane som dreiv rundt i geilene i Sogndalsfjøra hugsar henne først og fremst som myndig, då ho ikkje likte at dei tok ein snarveg gjennom tunet hennar. Fleire hugsar at om vinteren fekk småungane hjelpe ho med å fjerne is frå troppa utanfor butikken, i byte mot at dei etterpå vart høgtideleg fotografert, oppstilt med spadane.

Ein karakter

Samstundes skilde Loftesnes seg ut på somme måtar, og ho kan nok ha vorten sett på som ein karakter som levde dels ukonvensjonelt. Mange dreg fram at ho røyka, jamvel om det var berre heime på tunet, og med ei hårnål til hjelp for å ikkje verte gul på fingrane. Dette var uvanleg for kvinner i Sogndal. Ein slektning hugsar ho som ei som alltid hadde solbriller på seg, som var til hjelp når ho gjekk inn og ut av mørkerommet.  

Loftesnes gjorde også visse ukonvensjonelle val i levemåten, i det at ho føretrekte eit nøkternt og enkelt liv. Dette kan også ha samanheng med at fotografyrket kunne vere lite lønsamt og ikkje førde med seg noko luksus, men friluftsliv- og hytteentusiasten Loftesnes levde antakeleg godt med det ho hadde. Ho fiska til dømes mykje, både frå båt og på isen på Dalavatnet ved hytta, og ho var hendig og utførte sjølv utbetringar på eigendommen sin. Ho kunne også i periodar leige ut delar av huset, og både då og om Olav var heime kunne ho føretrekke å flytte ut i uthuset eller også naustet, der ho begge stader hadde fått innreia rom som det gjekk an å bu i. Fleire som hugsar dette, både naboar og slekt, held fast på at dette ikkje nødvendigvis var av økonomiske årsaker, men at det var noko ho sjølv kunne få lyst til, og dermed gjorde utan noko meir om og men.

Fotoforretninga i seinare år

Fotoforretninga til Loftesnes vart driven uendra utover 1950-talet, med hovudvekt på portrettfotografering. Det er også frå desse åra som størstedelen av det bevarte fotomaterialet er frå. I arkivet finn me spor av Loftesnes sitt eige pragmatiske bestillingssystem, der negativa vart lagra i konvoluttar med informasjon om bestillar, dato og pris. Utvalde negativ vart lagt i ein ny konvolutt inni den gamle.

I 1956 annonserer Loftesnes med at forretningslokalet er til leige i Fjøra, og det vart på eit seinare tidspunkt brukt som blomsterforretning. På denne tida tok ho gradvis færre oppdrag, men det er somme enkeltbestillingar heilt fram til 1962 i det bevarte arkivet. På dette tidspunktet var Leiv Bergum godt  etablert som konkurrerande fotograf, etter å ha leigd atelierplass hjå Loftesnes i byrjinga av 1950-åra, og han tok sakte over marknaden etter kvart som Loftesnes trappa ned. Ho hadde lite med Bergum å gjere, men tok interesse av fotograf Per Ingar Sviggum, som etablerte seg på 1970-talet lenge etter at ho sjølv hadde pensjonert seg. Sviggum fekk også tilbod av Loftesnes om å overta arkivet hennar. Overtakinga vart ikkje noko av, og det som var att av arkivet kom eit tiår seinare til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (no Fylkesarkivet i Vestland).

Takk for alt

Dei siste leveåra sine bur Loftesnes på gamleheimen i Sogndal, og har overlete huset i Sogndalsfjøra til slektningar. På hausten i 1979, 74 år gamal, får ho ein alvorleg kreftdiagnose. Kort tid etterpå har ho bestilt fotografering hjå fotograf Sviggum. Resultatet vart eit verdig atelierportrett av Loftesnes, der ho sit omgiven av Sviggum sitt eige fotografutstyr. Dette portrettet vart mellom anna sendt til syskenbarna på Loftesnes. På baksida står det skrive:

Til Anna og Gudrun. Dette kjem som helsing og takk for alt.

Loftesnes døydde eit par månader seinare, men rakk med dette å syne korleis ho ville bli hugsa og korleis ho såg på seg sjølv: som ei stolt yrkeskvinne og fotograf.

 

Opplysningane nytta i denne artikkelen er samla inn i samband med at fylkesarkivet i Vestland digitaliserte fotoarkivet etter Elen Loftesnes i 2019-2021. Gjer søk i materialet her: Fylkesarkivet

Det blei i prosjektet intervjua eit stort tal privatpersonar, der hovudbidragsytarar har vore slektningar til Elen Loftesnes i Sogndal og til Mathilde Pettersen i Bergen. Fylkesarkivet vil rette ein særskilt takk til Liv og Knut Eldholm, Arne og Anne-Karin Haaland, Rune Mossestad, Jan Talsethagen, Per Ingar Sviggum og Frelsesarmeen i Sogndal ved Astrid Hansen, for å ha lånt ut bilete til prosjektet og bidrege med nyttige opplysningar.

Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd og Arkivverket.  

kjelder:

Annonsar i avisa Sogns Tidend: 11.06.1930, 04.11.1931, 05.04.1938. Frå Nasjonalbiblioteket.no.

 

 


Annonsar i avisa Sogn og Fjordane:  17.10.1950, 13.07.1951, 11.06.1952 og 03.08.1956. Frå Nasjonalbiblioteket.no.


"Frelsesarme-offiser i Sogndal ville verta bakar". Artikkel om Olav Loftesnes i avisa Sogningen, 07.08.1959. Frå Nasjonalbiblioteket.no.


Dødsannonsen til Mathilde Pettersen i avisa Sogn og Fjordane, 27.05.1953. Frå Nasjonalbiblioteket.no.


Brev sendt til Elen Loftesnes frå Samson Brathole, 04.01.1956. Frå Elen Loftesnes sitt privatarkiv/fylkesarkivet i Vestland.


Brev sendt til Gudrun Loftesnes, Pederstol (22.februar) 1930. Frå arkivet til Liv og Knut Eldholm.


Medlemsprotokollar frå  Frelsesarmeen: Sogndal korps 1951 og Ladegårdens korps 1922. 


Familien Loftesnes i Digitalarkivet, folketeljinga 1910.


Timberlid, Jan Anders og Berit Selseng: Sogndal bygdebok. Bd. 1 og 2: Gardar og folk i Stedje sokn. Sogndal sogelag, 2007.


Talsethagen, Jan: Lokale fotografar/utgjevarar av postkort frå Sogndal. I: ...so han sa..., hausten 2006, s. 26-27

PERMANENT IDENTIFIKATOR