Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sorenskrivargarden Volden



Sorenskrivargarden Volden er den einaste embetsmannsgarden i Førde som framleis husar ein embetsmann, men no er det presten som bur her. Kontorbygningen på tunet kan vere det eldste huset i Førde sentrum. Ti sorenskrivarar budde på Volden frå 1855 til 1971, og dessutan ein kjend diktar.

Volden i 1860-åra, medan sorenskrivar Christen Elster budde her. Han utvida huset mykje.

Volden i 1860-åra, medan sorenskrivar Christen Elster budde her. Han utvida huset mykje.

Eigar: Ukjend.

Datering: 1860-1869.

Fotograf: Ukjend.

"et gjæstfrit hus"

Volden vart skild ut frå Indre Skei i 1811 og husa både militære og ein sakførar før staten i 1858 kjøpte garden som embetsbustad medan Christen Elster var sorenskrivar i Sunnfjord. Elster var gift med Elen Sophie Alstrup, og dei hadde tre born, m.a. den kjende diktaren Kristian Elster senior, som voks opp her og omtalar embetsmiljøet på Volden i fleire av bøkene sine.

I Elster si tid var det eit livleg og spennande miljø på Tåene og Skei, med tette band mellom fleire av embetsfamiliane: "Sorenskriver Elster og hustru førte på Volden i Førde et gjæstfrit, efter vestlandske bygdeforhold ganske stort hus. Foruden selve familien, omfattede menagen ogsaa fuldmæktig og kontorister, en tid huslærer, videre husjomfru og tjenerskab (i almindelighed to gaardsdrenge og tre piger). Men desuden var der ofte tilreisende gjæster for kortere eller længere tid og jevn omgang med flere av bygdens familier (f.eks. dr. Aabels)", skriv Hjalmar Christensen.

Eldste hus i Førde

Hovudhuset på Volden er frå 1840-åra, men utvida og reparert fleire gonger seinare. Meir interessant er den vesle kontorbygningen på tunet, som Elster flytta hit i 1855. Dette huset kan vere det eldste i Førde sentrum, men om det er frå 1600- eller 1700-talet er uklart. At det er gamalt ser ein m.a. av at tømmerveggene er handtelgja, ikkje saga eller høvla. Gerhard Fischer skriv i Årbok for Fortidsminnesforeningen 1913 at bygningen "før har været brukt til prestegaard og skal da ha staat tilhøire for alleen til den nuværende hovedingang. Den er utvendig ganske enkel, men koselig og har indvendig adskillige gode snekkerdetaljer."

Prestebustad frå 1975

Volden vart brukt som skrivargard heilt til 1971, då kontoret flytta til det nye postbygget ved Langebrua. I 1986 flytta dei inn i Hjelmelandsgården på sørsida av elva. Kommunen tok over skrivargarden og gjorde han om til prestebustad. Anders Myklebust vart i 1975 den første presten på Volden, og i 2001 er det sokneprest Sigurd Vengen som bur her. Det gamle huset på tunet vart brukt til kyrkjekontor for Førde fram til 2001. To andre bygningar på tunet er tekne i bruk som barnehage, vognhuset og paktarstova.

kjelder:

Christensen, Hjalmar: Skeid (yttre) 1821-1921. Bergen 1922.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Fischer, Gerhard: Fra Førde. I Årbok for Fortidsminneforeningen 1913 s. 168-77.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager (upubl.).
Opplysningar frå:
Anders Myklebust.

PERMANENT IDENTIFIKATOR