Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. desember 2009

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Sogn og Fjordane fylke - det første ”Statens Hus”



Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i det nybygde Statens Hus på Hermansverk. I åra 1939-2007 heldt fylkesmannen til i kommunen sine tinghus attmed kyrkja og andre stader, og før 1939 var fylkesadministrasjonen i eit av husa i den gamle Fylkesmannsgarden.

<p>Fylkesmannsgarden p&aring; Leikanger, 2009. Huset kloss i riksvegen var fylkesmannen sitt kontor fr&aring; 1862 til 1939.</p>

Fylkesmannsgarden på Leikanger, 2009. Huset kloss i riksvegen var fylkesmannen sitt kontor frå 1862 til 1939.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

 

Amtskontor/fylkeskontor i 77 år
Fylkesmannsgarden er namnet på fem hus på nedsida av riksvegen om lag midt mellom Leikanger kommune sitt tinghus (kommunehus) ved Skrivareiki og sentrum på Hermansverk. Dei ligg på garden Nybø som i 1863 vart staten sin gard for fylkesmannsembetet. Leikanger kommune overtok Fylkesmannsgarden i 1972. Det vesle huset nærast vegen var fylkesmannen sitt kontor i 77 år, frå fylkesmannen kom til Leikanger i 1862 til 1939. Huset har vore nemnt med fleire namn: kontoirbygning (branntakst 1851), fylkeskontoret (1939) og paktarbustaden. I 2013 er det offisielle namnet Amtskontoret.

(Merknad:
Ved endringa av fylkesnamnet i 1919, frå Nordre Bergenhus amt til Sogn og Fjordane fylke, vart tittelen amtmann endra til fylkesmann. Her brukar me fylke og fylkesmann heile vegen.)

Fylkesmannen til Leikanger i 1862
Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763. Den første fylkesmannen, Joachim de Knagenhjelm, hadde sete på Kaupanger. Seinare heldt fleire fylkesmenn til i Bergen. Dette vart det etter kvart misnøye med, at fylkesmannen var busett utanom embetsdistriktet. Eit innlegg i Morgenbladet i 1833 er ikkje til å misforstå:

"Da amtmands-Embedet i Nordre Bergenhus nu igjen er ledigt, saa vilde det være ønskeligt, om regjeringen lod Aspiranterne [søkjarane] vide, at Amtmanden ikke for Fremtiden kan vente, at der vorder seet gjennem Fingre med, at han bosætter sig udenfor sin Embedskreds i den flere Mile fra Amtets Grændse beliggende Bye Bergen. Skeer ikke dette, saa vil det rimeligvis atter blive Tilfældet at denne Embedsmand, ligesom mange af hans Formænd, tager Bopel i Bergen hvor det er ret behageligt at være, og naar der saa ankes paa denne Uskik, saa kan han med nogen Føie paaberobe sig, at der heller ikke kunde være noget imod at han holde paa samme sted som disse."

Fylkesmannen som overtok embetet i 1833, C.U. Kastrup, tok også bustad i Bergen, men flytte til Lærdal i 1843. Etterfølgjarane hadde skiftande adresser før fylkesmann J.C. Falsen i 1862 flytte til Leikanger og busette seg på Nybø. Han kjøpte garden av sorenskrivar Hjorth. Året etter kjøpte staten garden til embetsgard for fylkesmannsembetet.

Alder
Amtskontoret vart etter alt å døma bygt i 1851 av sorenskrivar Hjorth. I ein branntakst datert 3. september same året står huset notert som ein «fra nyt opførte bygninger», nemleg «Kontoirbygningen», bygd av tømmer på grunnmur med kjellar, under sutak og teglsteintak. Omrekna frå alner og tommar var huset 8,5 meter langt, 7 meter breitt og 2,5 meter høgt til taket (gesimsen). Første høgda hadde fire rom utanom gang og kleskott. Det eine rommet er nemnt som «Kontoirværelset». I ein branntakst 1863 står nemnt at to rom er slegne saman til eitt og det er notert to kakkelomnar med jernrøyr til skorsteinspipe opp frå loftet. Utvendig var huset bordkledd og «oljemalet».

 Takstforretning 1856
Utgreiinga om kontorbygningen gjev nøyaktige opplysningar om storleik, bygningsmaterialer, vindauga og innreiing. Måla er oppgjevne i det eldre lengdemålet alen (1 alen var delt i 2 fot a`12 tommar, 1 alen = 0,6275 meter). Nemninga dyb vil seia breidd og betrukket vil seia trekt med papp.

”En Contoirbygning i en Etage opført af Tømmer, anført i Taxtforretning af 3die Sept 185[1] under No 2 staaende paa Grundmuur, hvori Kjælder; under Su- og Teglstenstag. Kjælderen er indvendig 10 ¾ Al lang, 6 ¾ Al dyb, 3 Al 15” [teikn for tommar] høi; med 2de Vinduer og 1 Dør. – Bygningen er 13 Al 14 ½” lang, 11 Al dyb, 3 [?] høi til Gavlen og 4 ¼ Al til Gesimset, I samme er følgende Rum eller værelser:

a) Contoirværelset [utheva her], 7 Al 17”, 8 Al dybt og 4 Al høit, betrukket og malet, en 8 Etage Kakkelovn med 1 Alen jernrør, der gaar til Skorstenspibe paa Loftet, hvilken gaar over Taget, 3de dobbelte Fag Vinduer og 3de Døre.

b) et Rum, 5 Al 13 ½” dybt, 4 ¾ Al langt, heri en 2 Etage Kakkelovn med 2 Alens Jernrør, 1 dobbelt Fag Vindue, betrukket og malet,

c) Et Do 4 ¾ Al langt, 4 Al 7” Høiden i begge disse Rum er 4 Alen, 1 Fag dobbelte Vinduer, betrukket og 2de Døre.

d) et Do Klædekammer d) – 4 Al 1” 2 Al dybt, 4 Al høit, 1 enkelt Vindue.

e) Gangen, 3 ¾ Al langt, 2 Al dyb, 4 Al høi.

f) Loftet, 13 ½ Al langt, 11 Al dybt, 4 Al 2” med 2 dobbelte Fag Vinduer.

Bygningen er udvendig bordklædt og oljemalet; den taxeredes enstemmig for 300 Spd”

Personalet i 1937
I 1997 skreiv fylkesfullmektig Leiv Revheim ein interessant artikkel om fylkesmann Hans Seip, fylkesmann 1930-1941/1945. Han fortalde óg noko om fylkeskontoret:

"Hausten 1937 vart eg tilsett som ekstrabetjent ved Sogn og Fjordane fylkeskontor, med kr. 150 i månaden i løn. Kontoret heldt då til i det gamle uthuset på fylkesgarden [utheva her]. Eg fekk då plass nedst ved bordet, som rett og rimeleg var. Øvst ved bordet, på same sida, sat fylkesfullmektigen, under telefonapparatet, som hang oppe på veggen. På den andre sida av bordet sat den kvinnelege kontorfullmektigen øvst, og nedst den kvinnelege kontorbetjenten av klasse II. Og han far sjølv sat i kottet ved sida av. Ja, dette var heile fylkesadministrasjonen den gongen.

Og fylkesmannen var óg fylkesrådmann. Han var såleis ikkje berre staten sin mann i fylket, men og fylket sin mann overfor staten. Så sat han der, ofte med tøflar på beina. Det var golvkaldt i den gamle skykkja [utheva her]. Døra stod open, og røyken frå krumpipa hans kom sigande lett inn til oss i storstova. det var ei fin stemning rundt det store bordet, og me vart mest som ein familie, me fire som sat der."

”Gode arbeidsvilkår”
Hausten 1939 flytte fylkesmannen inn i Leikanger kommune sitt nye tinghus (kommunehus) midt i bygda. Fylkesmann Seip uttrykte uttala seg om dei nye kontora i avisa Sogn og Fjordane 20.10.1939. Han kom og inn på spørsmålet om lokalisering, om kvar i fylket fylkesmanns-administrasjonen burde liggja:

”Det har vori strid om kor kor sentraladministrasjonen skal vera. Og mykje kan seiast om det. Fylket har ikkje noko naturleg og sjølvgjevi sentrum. Det skal då mykje til å flytta administrasjonen frå ei bygd der han har vore i 80 år. Eg vonar at striden ikkje vil setja merke i framtida; men at dei gode arbeidsvilkår administrasjonen nå får, vil vera til gagn for heile fylket.”

Etter kvart som oppgåvene auka og staben voks, kom det opp nye ”tinghus” tett attmed Tinghus I, og med åra vart kontortilhøva på ny ”til meins for ein god og effektiv administrasjon.” Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inn i det nye Statens Hus Sogn og Fjordane på Hermansverk.

Frå fylkesmannsgarden til Hermansverk
Etter dette kan me setja opp følgjande kontorutvikling for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i tida 1862-2009 (Leikanger-perioden):

1. 1862 - 1937 I eige hus på fylkesmannsgarden.
2. 1939 - 2005 I tinghusa ved kyrkja og andre stader.
(1976: fylkeskommunen fekk eigen administrasjon og nytt fylkeshus 1991)
3. 2005 - 0000 I Statens Hus Sogn og Fjordane på Hermansverk.

Lite brukt etter 1939
Etter 1939 vart den gamle kontorbygningen på Fylkesmannsgarden lite brukt. Under krigen 1940-1945 disponerte Universitetet i Bergen huset ein periode. Seinare vart bygningen teken i bruk som bustad for paktarfamilien på Nybø og då noko vølt. Etter at paktaren flytte ut, stod huset ubrukt, og etter kvart prega av manglande vedlikehald.

På tale å flytta huset
På slutten av 1980-talet var det planar om å gjera Fylkesmannsgarden til kulturtun der området vest for bygningane skulle utgjera ein viktig del. Nett innom der Risagrovi renn i sjøen var det snakk om å byggja ny molo som skulle skjerma ”lagune med sandbotn”, og det skulle lagast ”amfi med scene”. Det var og tanken å flytta den gamle kontorbygningen lenger ut og ned i bakken under parkeringsplassen.

Plan for Kulturtun på Fylkesmannsgarden blei sendt ut til fråsegn. I eitt av svara står det noko om den påtenkte flyttinga av kontorbygningen, då nemnt som paktarbustaden:

”Det er rett å flytta paktarbustaden, slik at den kan takast i bruk til høvande aktivitet. Bygningane [paktarbustaden og andre] er ikkje så spesielle at det trengst å ta vare på opphavelege innvendige planar og utforming. Difor bør innvendig planløysing tilpassast aktuelle bruksinteresser:”

Det blei ikkje noko av Kulturtun på Fylkesmannsgarden rundt 1990 og dermed heller ikkje noko av den påtenkte flyttinga av kontorbygningen.

”Viktig kulturminne i kommunen”
På føresumaren 2009 sette Knut Henning Grepstad søkelys på det første "tinghuset" i Leikanger i sogebladet Systrendingen. Han fortel om kva slags hus det er, og tek til orde for at huset bør vernast. Det er eit viktig kulturminne i kommunen. Grepstad viser til at offentleg forvaltning er den viktigaste næringsvegen i Leikanger, og at offentleg forvaltning i lang tid har sett sitt preg på kulturliv og arkitektur i bygda. "- Det bør difor vere ei naturleg oppgåve og ansvar å ta vare på det første Tinghuset i kommunen", skriv Grepstad.

Amtskontoret 2013
I 2012 gjekk Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens Vegvesen, Region Vest saman om å setja Amtskontoret i stand. Huset vart demontert og sett opp att på ny grunnmur omlag 6 meter lenger vekk frå vegen. Det «nye» amtskontoret vart opna 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år.

kjelder:

Grepstad, Knut Henning: Det ”første” tinghuset forfell. I Systrendingen nr. 1-2009. Statens gamle bygninger. Side 82, post 289, Leikanger.
Leikanger kommune. Kommunearkivet. Diverse dokument/teikningar/foto i arkivboks merka Fylkesmannsgarden.