Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Innvik kyrkje



Innvik kyrkje er ei åttekanta kyrkje i tre som står i bygda Innvik i Stryn kommune. Kyrkja, som har 350 sitjeplassar, vart vigsla 28. juli 1824 av biskop Jacob Neumann. Byggmeister var Elling Olsen Waldboe. Innvik kyrkje er soknekyrkje i Innvik sokn i Innvik prestegjeld.

Den åttekanta kyrkja i Innvik er eit særsyn. Samanlikna med Loen kyrkje er det nok ingen tvil om at dette er ei litt finare utgåve.

Den åttekanta kyrkja i Innvik er eit særsyn. Samanlikna med Loen kyrkje er det nok ingen tvil om at dette er ei litt finare utgåve.

Eigar: Stryn fellesråd.

Datering: 2003.

Fotograf: Svein F. Rønne.

Staseleg åttekanta kyrkje

Då Innvik kyrkje vart vigsla i 1824 hadde ho alt vore i bruk i to år. Kyrkja stod ferdig i 1822, og fyrste preika var 1. juledag same året. Ho er ei av to åttekanta kyrkjer i Stryn prestegjeld, og rekna for å vere staselegare og meir forseggjort enn systerkyrkja i Loen. Ein kan seie at dei har kvart sitt preg. Men den kvitmåla kyrkja i Innvik er utan tvil staseleg, og dei mange vinklane gir henne eit mjukt drag.

Slik interiøret i kyrkja er i dag er resultatet av arbeidet som vart gjort til 75-årsjubileet i 1899. Då vart det bygt til sakristi i forlenginga av koret, delt i to i 1927. Det vart laga ny himling i taket og det kom på plass lause benker i staden for dei gamle innebygde kyrkjestolane. På same tida vart galleriet utvida med tanke på at der ein gong skulle koma orgel. Dei gamle glasa og dørene vart også skifta ut kring 1900, og kyrkja vart måla om innvendig.

Det viktigaste for mange var kanskje likevel at det kom vedomnar i kyrkja. For etter ein lang tur over fjorden på kalde vinterdagar, var det eit stort framsteg for kyrkjelyden at dei i alle fall slapp å fryse den stunda dei var i kyrkja. I tillegg til Innvik, Frøholm og Årholen, tilhøyrde fleire bygdelag på nordsida av fjorden dette soknet. Det var Blaksetbygda, Robjørgane, Sætren, Faleide, Svarstad og Sør-Markane (Sindre krins). Dei kryssa fjorden til alle årstider, tilliks med naboane på Fjelli og i Randabygda som reiste til Utvik.

Fargane på interiøret

I 1914, same året som der kom orgel i kyrkja, vart det også innstallert elektrisk lys. Vedomnane vart skifta ut med elektrisk oppvarming i 1961.

Fargane i kyrkja er mykje like dei opphavlege. Veggene er gule, i skipet har dei brystning. Benkene er brunmåla og er i same utføring som dei tidlegare kyrkjebenkene i Loen kyrkje. Dei vart sist pussa opp i 1994. Både i skipet og koret er der boga vindauga med småruta glas, og dei bakerste gir også lys til galleriet. Taket i skipet er delt inn i kvite felt, og delt opp av raudmåla bjelkar med gulldekor. Også i koret er taket inndelt i felt, men desse har ein enklare dekor. I koret er der dessutan eiga inngangsdør på nordsida, det som tidlegare var presteinngang. Fire kraftige søyler er plasserte i midtskipet, medan to tilsvarande søyler markerer korskiljet. Galleriet er frambygt på sidene og har traleverk som er dekka til på innsida med panel.

Grenseendringar

Det åttekanta tårnet skal vere bygt opp av til dels svært gammal material som skriv seg frå den førre kyrkja. Derifrå kjem også ein god del av inventaret, som t.d. preikestolen, ei gåve frå Meister-Jo, mannen som er rekna for å ha vore ein av dei verste norske prestane gjennom tidene.

Kyrkjelyden i Innvik er av dei som har merka store endringar på grunn av endringar i soknegrensene. Nedslagsfeltet vart eit heilt anna etter 1967, då store delar av nordsida av fjorden vart overført til Hornidal prestegjeld. Etter den tida gjekk alle kyrkjelege handlingar for nordsida føre seg anten i Hornindal kyrkje eller Randabygd kyrkje. Unntaket var eldre menneske som ønskte å bli gravlagde ved ei av kyrkjene på sørsida, fordi ektefellen var gravlagd der. I 1977 vart Hornindal skild ut frå Stryn kommune. Samstundes vart Nordsida kapelldistrikt, som var skipa i 1973 av nordsida av Innvik sokn og delar av Utvik sokn, omgjort til Nordsida sokn.

Kunst og inventar

Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne av ulik årgang. Døypefonten er frå 1923. Dåpsfatet i messing er frå kring 1600, medan dåpsmugga er udatert.

Her er to måla treskulpturar frå 1660, dei framstiller Jomfru Maria og apostelen Johannes og er plasserte på søylene mot koret. Dei var opphavleg del av Gabelsen-epitafiet. Dei to skjolda i tre med utskjeringar er frå mellomalderen. Dei to kyrkjeklokkene er udaterte.

Steinkrossen, frå mellomalderen, står ute ved hovudporten. Han er av kleberstein og er forma som ein solkross i keltisk stil. Krossen vart funnen på den gamle kyrkjestaden Hilde. Truleg har han vore del av lòket på ei klebersteinskiste.

Frå Innvik kyrkje stammar ei av dei største minnetavlene i landet, over 5 m høg. Epitafiet frå 1647 er laga til minne om presten Peter Gabelsen.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR