Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Indre Sogn Automobilselskap



I 1916 vart det første ruteselskapet skipa for rutekøyring i kommunane Sogndal, Hafslo, Luster og Jostedalen. I byrjinga var bilrutene mynta på turistar. Framleis var hest og kjerre det daglege transportmidlet for folk flest. Rutekøyring var inga lett oppgåve på smale kjerrevegar, teleløysing om våren og ubrøytte vegar om vinteren. Det tok tid før "bussen" vart eit reelt tilbod i lokalsamfunna.

Dette er den første turbilen i Indre Sogn Automobilselskap A/S,  ein Chandler med sju seter, kjøpt i Bergen i juni 1916. Sjåføren er Anton Andersen som og var bilmekanikar. Han var såkalla garantisjåfør den første tida. Ingen andre kunne køyra bil i Sogndal. Passasjerane er truleg jenter frå Sogndal. Fartsgrensa var 30 km/t, og selskapet måtte stilla garanti for mogeleg skade før køyringa tok til, sjølv om det ikkje var sjåføren si skuld.

Dette er den første turbilen i Indre Sogn Automobilselskap A/S, ein Chandler med sju seter, kjøpt i Bergen i juni 1916. Sjåføren er Anton Andersen som og var bilmekanikar. Han var såkalla garantisjåfør den første tida. Ingen andre kunne køyra bil i Sogndal. Passasjerane er truleg jenter frå Sogndal. Fartsgrensa var 30 km/t, og selskapet måtte stilla garanti for mogeleg skade før køyringa tok til, sjølv om det ikkje var sjåføren si skuld.

Eigar: Sogndal Sogelag. SFFf-1988010.0395

Datering: 1916

Fotograf: Ukjend

Indre Sogn Automobilselskap A/S blir skipa

I 1916 sende eigaren av Hofslund hotell og skysstasjon, Per S. Ness, saman med andre i distriktet, ut innbyding til å teikna aksjar i Indre Sogn Automobilselskap A/S. Tanken var at aksjane skulle fordela seg nokonlunde likt på dei dåverande kommunane Luster, Jostedal, Hafslo og Sogndal. Dei som underteikna aksjeinnbydinga var folk som Drægni, Døsen, Knagenhjelm og Walaker. Den første bilen selskapet kjøpte inn var ein Chandler med sju sitteplassar, innkjøpt frå Bergen. Liknande selskap var alt skipa i Lærdal, Nordfjord og for strekninga Vadheim-Sandane.

På prøvetur

Vegane var ikkje berre smale, men og svært svingete og bratte. Ein av prøveturane den første månaden gjekk til Luster. Raunereset innanfor Nes i Luster var ein plass sjåføren, Anton Andersen, frykta. Men selskapet hadde ein avtale med importøren om at dersom bilen ikkje greidde å komma forbi der, skulle dei få levera han tilbake. Det var ein spent sjåfør som starta opp saman med styret i selskapet. Turen gjekk bra, men før dei nådde toppen av bakken vart det saluttert så kraftig at sjåføren trudde bilen eksploderte. Vel oppe på bakketoppen var det hengt eit stort banner over vegen med "Velkommen over Raunereset." På tilbakevegen skulle dei prøva vegen opp Jostedalen. Her møtte ordføraren fram med slegge for å slå sund eventuelle hindringar i vegen.

Faste sommarruter

Oppstarten var i juni 1916, og ut på sommaren vart det sett i gong faste ruter. Bilen gjekk fire gonger i veka Sogndal-Fortun-Sogndal, og ein gong i veka Sogndal-Jostedalen-Sogndal. Rutekøyringa slutta 4. september, og om hausten var det berre tilfeldig køyring. Selskapet hadde det same ruteopplegget heilt til 1930/31. Då først gjorde snøbrøytinga det mogleg med heilårsrute mellom Sogndal og Fortun. Snøbrøytinga gjorde dei sjølve med selskapet sine lastebilar. Snøbrøytinga starta først i 1936 i Jostedalen, medan det tidlagere var private sjåførar som brøytte vegen. Det var ikkje alltid like lett, då bilane var for lette og plogane ikkje gjekk djupt nok. Det skapte mykje is i vegen som vart eit problem under teleløysinga.

Dyr transport - ruter for turistar

Det var dyrt å reisa den første tida. Første året var billettprisen 35 øre per km for "almindelige reisende", medan bygdefolk betalte berre 20 øre. Først i 1926 var taksten lik for alle, og då var prisen 20 øre. Ein tenestekar måtte i 1916 spara opp fire gode dagløner for å ta ein tur mellom Sogndal og Fortun. Rutene var nok i all hovudsak tenkte som turistruter for ein stadig aukande turiststraum til sognebygdene.

Teleløysing skapte vanskar

Det var mange praktiske vanskar med rutekøyringa. Om våren var teleløysinga eit stort problem. Det var særleg dei eldre vegane med dårleg vegdekke som var mest utsette. Motorvognlova av 1926 gav høve til å avgrensa eller forby køyring med motorvogn når det var teleløysing. Lette bilar kunne få køyra. Både Sogndal og Luster kommunestyre vedtok forbodet, og Sogndal forbaud til og med lette bilar. Forbodet galdt heile rutestrekninga.

I 1926 vedtok Stortinget at den delen av motorvognavgifta, som fall på dei 18 landfylka, kunne nyttast til vedlikehald av viktige gjennomgangsvegar, mot at vedkommande distrikt betalte 1/3 av utgiftene. I Sogn galdt dette vegane Lærdal-Husum og Sogndal-Marifjøra-Skjolden.

Frå turisttrafikk til lokaltrafikk

Selskapet hadde vanskar med å halda fram, grunna dårleg økonomi. Årsaka var nok nok at turiststraumen i denne delen av Sogn var langt mindre enn til dømes i Lærdalsområdet, der fleire selskap dreiv rutetransport. Sjølv om Indre Sogn Automobilselskap A/S i 1920 fekk eit årleg statstilskot på 4000 kroner vart det vedteke å avvikla selskapet. Men sjåførane, leia av Samuel Berge, kjøpte selskapet og heldt fram med rutekøyringa. I 1923 eigde selskapet tre vogner, og i 1926 fem vogner.

Sogn Billag L/L blir skipa

Men det var inga stort forteneste, og for å betra økonomien og sikra betre korrespondanse mellom bilrutene og båttrafikken, tok Fylkesbaatane i 1933 over Indre Sogn Automobilselskap. Eit nytt selskap vart skipa: Sogn Billag L/L. Det primære var no å tena lokaltrafikken. Mot andre verdskrig auka persontrafikken monaleg, og godstrafikken vart og etter kvart ei viktig inntektskjelde. Sogn Billag var komme for å bli, og fekk etter kvart ein stor marknadsdel av rutekøyringa i fylket.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Sogn Billag L/L 1936-1986. Sogndal 1985.
Førsund, Finn Borgen: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s Verbum Grafiske 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR