Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mai 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Indre Holmedal prestegjeld



1814 var eit dramatisk år, med mange store, nasjonale hendingar. Året vart innleia med Kielfreden i januar, og bandet mellom Noreg og Danmark var dermed brote. 19. februar kunngjorde statthaldar og prins Christian Frederik at det skulle veljast ei nasjonal forsamling med mandat til å vedta ei ny grunnlov og velje ny konge. Kvart prestegjeld skulle velje to valmenn til eit amtsmøte, og på amtsmøta skulle det veljast representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Sande kyrkje i 1905. Sande kyrkje var hovudkyrkja i Indre Holmedal prestegjeld.

Sande kyrkje i 1905. Sande kyrkje var hovudkyrkja i Indre Holmedal prestegjeld.

Datering: 1905

Særskild bededag – eidsavlegging og val

19. februar 1814 sendte prins Christian Fredrik, Noregs regent, brev til alle biskopane i Noreg. Brevet var eit påbod om å halde ein særskild bededag med gudsteneste og val fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet, og det var den einskilde biskop si oppgåve å sende brevet vidare til alle prestane i sitt stift.

I brevet vart det gjort greie for innhaldet i kyrkja denne dagen, og korleis det skulle gå føre seg. Kvar prest skulle lese opp kunngjeringar og halde «en kort, men kraftfull Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden om å sverje ein høgtidleg eid på å hevde sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for det norske folket, og halde ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, før han til slutt skulle runde av med «den anbefalede Bøn».

Vidare skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som igjen skulle velje tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Det skulle også setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til regenten. Fråsegna skulle underskrivast av «de tilstedeværende Øvrigheds-Personer og Embedsmænd, samt 12 af Menighedens agtværdige Mænd».

Det var opp til soknepresten å varsle folket i prestegjeldet om denne særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkjelyden. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars, med unntak av «Eivindvig» (Gulen) der han vart halden 11. mars.

I kyrkjeboka for Indre Holmedal 1785-1821 står følgjande innført om bededagen:

«Fredagen den 18de Martii blev den anordnede Bede-Dags Tjeneste forrettet i Sande, og efterpå Prædiken Almuens Eed avlagt, at ville forsvare Norges Selvstændighed, gjort Valg av 2de Mænd, siden at overlegge Almuens Tarv ved foreslagne Forandring i Regierings Førsteraad[?]»

Indre Holmedal prestegjeld i 1814

Indre Holmedal prestegjeld besto i 1814 av sokna Bygstad, Sande og Vik (Viksdalen). Prestegjeldet vart skilt ut som eige prestegjeld i 1755 då Holmedal prestegjeld vart delt i Indre og Ytre, og hadde i 1814 eiga skuleordning, fattigstell og forlikskommisjon. Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 vart kommunegrensa identisk med grensene til prestegjeldet. I 1911 skifta Indre Holmedal namn til Gaular.

Hovudkyrkja i Indre Holmedal prestegjeld var kyrkja på Sande. Kyrkja var bygd i 1620, og var mindre enn dagens kyrkje. Skipet målte berre 10 x 9,5 meter, mot 18 x 9,5 meter i dag. Koret var halvparten så stort som skipet, og våpenhuset var 2 meter langt og like breitt som kyrkja. Våpenhuset vart krona med eit tårn. Den gamle kyrkja vart riven for å gjere plass til ei større kyrkje. Den nye kyrkja sto ferdig hausten 1864, og vart vigsla 15. desember. Kyrkja på Sande er soknekyrkje for Sande sokn, i tillegg til å vere hovudkyrkje for prestegjeldet.

Soknepresten i Indre Holmedal

Sokneprest i 1814 var Hans Wiingaard. Han vart fødd i Jostedalen i 1728, og etter teologi-eksamen i Bergen i 1748 vart han personleg kapellan i Bolsøy i 1749. I 1763 kom han til Gaular, og virka som sokneprest her fram til 1820. I løpet av denne tida var han også prost i Sunnfjord i 1 år, frå 1817-1818. Han gjekk av i 1820, 92 år gammal, etter nærare 71 år som prest under 6 biskopar. Han døydde året etterpå. Som sokneprest var han også leiar av skulekommisjonen og fattigkommisjonen, i tillegg til å vere medlem av forlikskommisjonen.

Biskopane sette stor pris på Hans Wiingaard, sjølv om dei innrømte at han ikkje var nokon stor talar. Biskop Arentz kom på visitas i 1765, og uttalte om preika til Wiingaard: «Jeg kunde vel merke, at Flid var anvendt paa denne Tale, men fordi Manden verken har Tungen eller Hukommelsen til sin Vilje, kostede det ham Møie at faa sine paa Papiret affattede Tanker udførte.» I 1819 kom biskop Pavels på visitas, og heller ikkje han var imponert over talegåvene til soknepresten: «Taler har han vel aldrig været, og er det da naturligvis ikke nu, men meget sundt og godt var der i hvad han sagde om tidlig Gudsfrygt over Luk. 19, 38.»

Hans Wiingaard åtte mange gardar, men hadde rykte på seg for å vere hard mot leiglendingane. Han gifta seg to gonger, men fekk berre ei dotter. Ho gifta seg seinare med Etatsraad Jonas Ramus Petersen, amtmann i Nordre Bergenhus frå 1781 til 1788.
 

Underskriven adresse og fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre» på bededagen og valdagen. Det var han som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til prins Christian Fredrik, og adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på møtet, og alle fråsegnene vart så tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Indre Holmedal prestegjeld har denne ordlyden:

"Anno 1814 den 18de Martii, blev den befalede Bededag helligholdt av Indre-Holmedahls Indbyggere, efter Bekjendtgjørelse fra Prædikestolen og ved aabne Breve.
Bemeldte Dag indfandt sig den største Deel av Almuen til Sande Kirke, hvor der efter en Tale fra Prædikestolen, et hvert Sogns Almues Mænd særskilt aflagde den foreskrevne Eed. – Derefter bleve 12 Mænd udkaarede, 4 af hvert Sogn, for at vælge 2de Mænd til at indfinde sig paa Almuen Indre-Holmedahls Vegne, til det af Amtet bestemte Samlings Sted, hvilke ere –

Ludvig Jonsen Hoff
Lars Ellingsen Wallestad – Med paaholden Pen
Ole Olsen Torweseth
Gerdt Erichsen Hage – Med paaholden Pen
Søren Hansen Selle
Johannes Hanssen Helle – Med paaholden Pen
Bruse Larsen Løfald
Mads Olsen Grønhoug – Med paaholden Pen
Mads Larsen Skage
Johannes Nielsen Søre Fauske – Med paaholden Pen
Rognald Olsen Dyscheland
Torsten Sjursen Houge – Med paaholden Pen

Tvende følgende Mænd nemlig Ole Olsen Torweseth, og Mads Olsen Grønhoug, bleve af disse 12 Mænd, udvalgte til at reise til Wiigøren, og antog Valget med deres egen Underskrift. –

Ole Olsen Torweseth
Mads Olsen Grønhoug – Med paaholden Pen"

Testerer: Hans Vingaard – Provst i Søndfjord, Sogne-Præst til Indre Holmedal, og Senior ministerii Norvegici" 

Dei to valmennene frå Indre Holmedal

Ein regel for valet av valmenn var at minst ein måtte vere bonde. I Indre Holmedal kan det sjå ut til at begge valmennene var bønder.

Ole Olsen Torweseth (1777-1846) var frå garden Hestebeit og gifte seg i 1807 med Orlaug Johannesdotter (1768-1851) frå garden Tormodset. Begge desse gardane låg i Viksdalen. Orlaug var enkje etter Bernt Gregoriussen Øvrestrand som i 1801 står oppført som tenestedreng på Tormodset. Ole og Orlaug fekk tre born i lag.

Mads Olsen Grønhoug (1764-1833) var frå garden Kårstad i Bygstad og gifte seg med Kari Hansdotter (1766-1819) frå garden Grønhaug i 1792. Dei fekk ni born, men berre fire av dei levde lenger enn første leveåret. Mads Olsen vart enkjemann i 1819, og i 1822 gifte han seg med Anna Andersdotter Eide (1771-1857).

Dei som skreiv under

I Nordre Bergenhus amt var kring 75% av dei som skreiv under adressene bønder. Av dei tolv som signerte adressa for Indre Holmedal er alle oppført som bønder, men fire er oppført med andre titlar i tillegg. Ludvig Jonsen Hoff var korporal, Lars Ellingsen Wallestad var medhjelpar for presten, Johannes Hanssen Helle tente som livvakt for kongen i København, medan Rognald Olsen Dyscheland var forlikskommissær. Rognald vart vald inn i den første forlikskommisjonen i 1797, og i kraft av å vere medhjelpar for presten var han og med i skulekommisjonen. I 1787 er han og nemnt som lensmannen sin medhjelpar.

Amtsvalet i Vik

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus frå 1811 til 1814. Han var dansk embetsmann, og budde ei stund på Askelund i Balestrand. 1. mars sende Treschow rundskriv til alle prestegjelda om at amtsvalet skulle haldast i Vik 30. mars:

"Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeenstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned."
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velje tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vere frå bondestanden. Valet vart halde på garden Vange i Vik, og desse vart valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal (Indre Sogn sorenskrivarembete)
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

I tillegg valde også Bergenhusiske infanteriregiment to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane: kaptein Ole Elias Holck frå Lavik prestegjeld, og musketer Niels J. Loftesnes frå Sogndal prestegjeld.

Grunnlova av 17. mai 1814

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til konge i Noreg. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Krig og forhandlingar

Danskekongen Fredrik 6. hadde ved Kielfreden avstått Noreg til Sverige, og svenskekongen Carl Johan likte ikkje utviklinga i Noreg. Han prøvde å få dei europeiske stormaktene til å gripe inn, og i juni og juli vart det mekla mellom kong Christian Fredrik og kong Carl Johan. Kong Christian Fredrik forstod raskt at ein union med Sverige ikkje var til å unngå, og jobba i meklinga for at Noreg skulle få best moglege vilkår i unionen. Men kong Christian Fredrik og kong Carl Johan vart ikkje samde, og meklinga vart avslutta.

26. juli 1814 gjekk den svenske hæren til åtak på Noreg. Det svenske overtaket var tydeleg frå starten av, og alt 5. august inngjekk Noreg og Sverige våpenkvile. Resultatet av forhandlingane etter våpenkvila var den såkalla Mossekonvensjonen. Her forplikta svenskekongen seg til å godta prinsippa i den norske grunnlova, samstundes som Christian Fredrik måtte gå av som konge. Christian Fredrik skulle gi frå seg makta til statsrådet som skulle styre Noreg fram til stortinget kunne samlast. Stortinget si oppgåve vart så å forhandle fram endringar i grunnlova slik at ho vart tilpassa ein union med Sverige.

Omframt storting og grunnlova av 4. november

Riksforsamlinga på Eidsvoll fastsette at det første «ordentlige Storting» skulle komme saman «første Søgnedag [yrkedag]» i februar 1815. Etter at Noreg tapte krigen mot Sverige vart det i staden kalla inn til eit ekstraordinært storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august, fastsette at eit Storting skulle kome saman, og kongeleg kunngjering av 16. august fastsette tid og stad til 7. oktober i Kristiania.

Valet til omframstortinget var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga fordi ein no hadde eit valmanntal. Kongeleg reskript til biskopane datert 13. juni 1814, fastsette at det i samsvar med grunnlova, paragraf 51, skulle setjast opp manntal over røysteføre. I Nordre Bergenhus amt skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på «stemmeberettigede»: 0-100, 1 mann, 101-200, 2 valmenn osb. I kyrkjeboka står det ingenting om valet, eller kven som vart valde til å representere Indre Holmedal prestegjeld under amtsvalet.

Amtsvalet vart halde 23. september på garden Vange i Vik, nett som valet til Eidsvoll-forsamlinga. 58 valmenn møtte fram, og ingen av Eidsvoll-mennene vart valde. I staden for vart desse 4 valde:

• Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord

Det omframme stortinget møtte i Kristiania 7. oktober. 4. november vart stortingsmennene ferdige med å endre grunnlova. Paragraf 1 i grunnlova hadde no denne ordlyden: «Kongeriget Norge er et frit, udeleligt og uafhændeligt Rige, forenet med Sverige under een Konge». Same dagen valde omframstortinget Karl 13. til konge over Noreg.

 

kjelder:

Hjelmeland, Olaf, Gardssoga for Gaular, Gaular sogelag, 1955
Hjelmeland, Olaf, Gaularsoga II, Gaular sogelag, 1961
Timberlid, Jan Anders, Bygdebok for Gaular, band II, IV, V, VIa og VIb, Gaular sogenemnd, 1990-1999
Aaraas, Margrethe Henden et.al., På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord, Selja Forlag, 2000
Lyngby, Thomas og Jan Romsaas (red.), 1814 – Spillet om Danmark og Norge, Norsk Folkemuseum og Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg, 2014

PERMANENT IDENTIFIKATOR