Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Koleragravstader i Gulen



På 1800-talet braut det ut to koleraepidemiar i Norge, i 1831 og 1848. Den fyrste nådde ikkje Vestlandet, men den andre herja stygt i Bergen og Sunnhordland. I Sogn og Fjordane døydde 14 menneske i Gulen. Dei vart gravlagde på særleg utpeika gravstader. Vel 150 år seinare er det framleis spor etter to av desse koleragravstadene.

På koleragravstaden på Klauvnes 2001.

På koleragravstaden på Klauvnes 2001.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Kolera

Kolera er ein akutt, smittsam og svært vondarta tarminfeksjon framkalla av bakterien vibrio cholera. Bakteriane vert utskilt med pasienten si avføring og særleg overført ved drikkevatn og matvarer. Inkubasjonstida er 12 dagar. Sjukdommen er prega av voldsame risvatnliknande diarear som gjev væsketap på 10-15 liter i døgnet. Dette væsketapet er vanskeleg å erstatta og pasienten døyr av uttørking. Tidlegare døydde 40-70 prosent, medan dødsprosenten i dag er under ein takka vere effektiv medisin.

Kolera-epidemiar i Norge på 1800-talet

Kolera finst permanent i Asia og Afrika, og har sidan 1990 spreidd seg over heile Sør-Amerika. Norge var heimsøkt av to koleraepidemiar på 1800-talet. Den fyrste nådde landet i 1832, og kravde mange menneskeliv i Oslofjord-området.
Den andre epidemien braut ut hausten 1848 og no gjekk ikkje Vestlandet fri. Det fyrste offeret var ei fattig vektarkone i Bergen som døydde 10. desember. Fram til april året etter var talet på dødsfall kome opp i over 600. Utanom Bergens-området herja epidemien stygt i Sunnhordland. Sogn og Fjordane gjekk fri med unntak av Gulen der minst 14 personar døydde av sjukdommen. Dessutan døydde to gulingar andre stader.

Tiltak mot sjukdommen

Styresmaktene sette i verk tiltak mot den trugande koleraepidemien hausten 1831. I kvart prestegjeld vart oppretta "Sundheds-Commissioner" som skulle syta for lokale tiltak. Eitt tiltak var å peika ut eigne gravstader for eventuelle koleradøde, og syta for gravlegging etter særskilde føresegner. Tiltaka søkte så langt det var råd å halda sjuke og døde unna folk. Vanleg gravferd med mykje folk samla, var såleis strengt forbode.
Liknande tiltak vart sette i verk hausten 1848 då den andre epidemien braut ut. Det vart utferda kongeleg "Provisorisk Anordning angaaende Foranstaltninger mod den ondartede Cholera."

Bilete av den provisoriske anordninga fra det kongelege departement.

Orientering om behandling av "ulægekyndige"

25. oktober 1848 sende det kongelege norske regjeringsdepartementet for "det Indre" ut ei rettleiing til menigmann om kolerasjukdommen og kva ein kunne gjera utan legehjelp. Fyrst står det om symptom:
"..Cholera giver sig tilkjende ved Brækninger af en tynd Vædske og tynde hyppige Stolgange [avføringar], brændende Tørst og Trykning for Brystet, Kramper i Been og Arme, forandrede Ansigtstræk, slap, kold Hud, standset Urinladning, hæs Stemme, svag Puls og stor Svækkelse uden Tab af Bevidsthed."
Så fylgjer ei rekkje ting å føreta seg. Det fyrste er:
"Saasnart de første Tegn til Ildebefindende og især tynde Stolgange bemærkes, bør den Syge gaae til Sengs, eller i det mindste afholde sig fra kold Luft, nyde varme Drikke, saasom Chongothe, The af Melisse, Hylde- eller Kameel-Blomster, samt indgnide hele Maven, og især Hjertehulen, med uldent Tøi, vædet med Camphorspiritus, Terpenthinolie eller stærkt Brændeviin."

Koleralik på tre koleragravstader i Gulen

I alle prestegjeld skulle det peikast ut gravstader for eventuelle koleralik. Det einaste vitnemålet om kvar desse var, finst no berre i protokollane etter dei lokale "Sundheds-Commissioner". Einaste unntaket er i Gulen. Her vart teke i bruk tre koleragravstader, og det finst synlege spor etter to av dei; på Gregusøyna og Klauvneset.
Gravstaden Myren ligg på ei myr i utmarka på garden Brimnes i søre enden av Byrknesøy. Her vart gravlagd to personar i 1849.
Gravstaden Klauvnes ligg på ei myr på nordaustsida av Byrknesøy. Her vart gravlagd seks personar i 1849.
Gravstaden Gregusøy ligg vest om garden Vatnøy. Her vart også gravlagd seks personar i 1849. Alle gravstadene vart vigsla av prost Dahl i mai 1851. Samstundes heldt han liktale over nokre av dei gravlagde og ordna med jordfesting.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Provisorisk Anordning angaaende Foranstaltninger mod den ondartede Cholera. 25.10.1848.
Opplysningar frå:
Hans Rutledal, Gulen.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Karl Gåta-arkivet: Noteringsbok 1919.

PERMANENT IDENTIFIKATOR