Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. september 2009

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Messingstake i Feios - blikkbarokk



På garden Tjønn i Feios har dei ein spesiell lysestake. Han skal ha vore brukt i den gamle kyrkja som vart riven i 1866, og så etterpå vorte selt på auksjon, kanskje både ein og to gonger. Synneva Tjønn (1889-1976) sa alltid: ”Eg og Esa kjøpte kvar sin”. Magnar Tjønn (fødd 1943) fortel at staken har vore på garden så lenge dei kan hugsa.

<p>Messingstaken p&aring; garden Tj&oslash;nn i Feios. Han er 20 cm h&oslash;g.&nbsp;</p>

Messingstaken på garden Tjønn i Feios. Han er 20 cm høg. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Spørsmål

Let det seg gjera å seia noko nærare om denne spesiell lysestaken, - om stil, alder og bruk? Det gjer det. Best ville det vore om ein kunsthistorikar med særleg godt kjennskap til gamle messingstakar hadde teke seg av spørsmålet. Men det let seg óg gjera å leita etter svar med amatørbriller på nasen; - granska staken, høyra kva folk kan fortelja og sjå etter i litteratur.

Gjenstanden sjølv

Messingstaken er 20 cm høg og er sett saman av fire element: a) eit omvendt skålforma fotstykke, 6,5 cm høgt, med åttekanta omkrins og ”diameter” 15 cm, b) ein 13,5 cm høg spiralforma sylinder, diameter 4 cm, festa til fotstykket ved hjelp av ein snitta (gjenga) tapp som er skrudd gjennom ei plate festa på undersida med to klinka naglar, c) ei åttekanta dryppskål, ”diameter” 11 cm, festa mellom fotstykket og sylinderstykket, og d) åttekanta laus lyshaldar oppe med mansjett (krage), ”diameter” 8 cm, og hòl tapp som fell ned i sylinderstykket.

Lysestaken er ikkje støypt. Han kjennest lett ut, veg ca 350 gram. Alle delane er dels hamra ut, dels stansa ut. Tre stader i fotstykket syner antydning til hòl i utstansa element når ein held staken opp mot lyset. Sidene på dei to største åttekanta stykka er avslutta med ”innbretta” (falsa) kant av metallstykket. Sidene på kragestykket oppe har berre ”nedbretta” avslutning.

Staken er utsmykka ved utstansing og sisselering (preging i overflata). To symmetriske blomstermotiv som står mot kvarandre går att på alle tre ”etasjefelta”, - fotstykket, dryppskåla og mansjettstykket oppe. Kantane på sidene nede er pynta med skråstilte strek tett i tett. Ornamenteringa (utsmykkinga, sisseleringa, preginga i overflata) verkar amatørmessig utført.

Finst det noka som helst slags teikn til ”signatur”; - bokstav(ar) eller merke? Etter å ha saumfare staken alle tenkjelege stader, oppdaga eg meir ved eit slumpetreff eit merke i botn av den lause lyshaldaren. Det ser ut som eit rundt stempelavtrykk med eit stjernemotiv inni. Det kan vera eit slags ”fingeravtrykk”, eit merke som i beste fall kan visa veg til ein produsent og dermed til ei sikker datering. Me har skrive brev til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og ventar spent på eit svar.

Litteratur - kunstbøker

Eg fekk tips om to bøker, begge av Ellen Ørnes. Den eine har tittelen Antikviteter og snurrepiperier (2002), den andre Antikviteter - en praktisk innføring (1999). I eit kapittel om messing og messingstakar står det at messing er ei legering av kopar og sink. Koparinnhald frå 63 til 77 prosent gjev gul farge, medan koparinnhald frå 77 til 86 prosent gjev raudleg farge. Messing kan støypast eller valsast til plater og trekkjast ut i tråd. Messing vart bearbeidd av gjørtlarar som var verksame frå slutten av 1600-talet; først i byane, men etter kvart også på landsbygda. Norske messingprodukt er sjeldan stempla fordi det ikkje var pålagt å gjera det. Mange messinglysestakar i Noreg frå denne tida er importert.  

Støypte lysestakar var einerådande til siste halvdelen av 1600-talet. Då greidde dei å laga ein smidig messing som let seg bearbeida for hand utan å gå vegen om støypeprosessen. Dette råmaterialet vert gjerne kalla messingblikk. Gjenstandar laga av messingblikk frå slutten av 1600-talet og 1700-talet er tynne og lette og går under nemninga blikkbarokk eller blomsterbarokk. Ornamenteringa kjem til syne ved spiralsnudde søyler, blomster, blad, frukter og pynteeffekter til hovudelementa. Dei største stakane, kring 30 cm høge, er relativt sjeldne. Denne typen barokk-lysestakar vart som regel brukt parvis i kyrkjer og på storgardar.

Litteratur – kyrkjesogehefte

I 1966 runda noverande kyrkje i Feios 100 år. Eitt av jubileumstiltaka var eit lite jubileumshefte. På side åtte står eit bilete av altaret i gamlekyrkja og ein del anna inventar. Under biletet står:

”Altaret frå gamle-kyrkja på Rinde. Då kyrkja vart nedriven i 1866, vart materialar og inventar selt. Altaret kom til ein av Fedje-gardane. Der vart det sett på stabburet og bruka til mjøl- og kornbøra. Altaret er frå 1684. Det står no i Knut Rumohrs Samlingar i Frønningen.”

På biletet ser me to lysestakar (sjå illustrasjon), men ingen av dei ser ut til vera messingstaken på Tjønn. Staken til venstre liknar mest, men han ser ut til å ha rund fot, og sylinderstykket er annleis. På veggen heng to fat som kan sjå ut til å vera av typen blikkbarokk.

Liknande stake i Vevring

På altaret i Vevring kyrkje, Naustdal, står ein stake som liknar på staken i Feios. Han er bygd opp som Feios-staken med unntak av at den lause lyshaldaren oppe manglar. Utsmykkinga er litt rikare, med til dømes ”knuppar” i kvart hjørne på fotstykket og prikkmønster på nokre bladstykke. Me har ikkje mål på Vevring-staken, men han er truleg litt større (sylinderstykket har åtte spiralar mot seks på Feios-staken).

Messingstaken i Feios - svar

Med grunnlag i kva staken sjølv kan seia oss, kva folk har fortalt og det me har kome over i dei to nemnde trykte kjeldene, kan me konkludera med følgjande om messing-lystestaken på garden Tjønn i Feios:

Det ser ut til å vera ein lysestake av typen blikkbarokk eller blomsterbarokk, kan henda importert. Staken er ikkje av dei største (20 cm høg). Han liknar på stakar som kan daterast til seint på 1600-talet - 1700-talet. Staken kan ha vore brukt i gamlekyrkja i Feios, men me har ikkje kome over sikre prov på dette. Munnleg tradisjon og storleik (bra stor med sine 20 cm) går i retning av kyrkjeleg bruk, sameleis at ein liknande stake finst i kyrkje (Vevring kyrkje).

Bergens Museum

Vi vende oss til Bergens Museum. Professor Dr. Henrik von Achen ved Bergens Museum skreiv følgjande som svar på førespurnaden:
 

”Den staken du sender foto av, har vi omtrent make til, se vedlagte fotos av By 1568, fra Ænes i Hardanger. En annen liknende stake har vi f. eks. i By 1801 fra Ulvedal i Nordfjord. En stake make til Vevring har vi f. eks. i By 1800, fra Ål i Hallingdal.

Slike staker har vi som type fra omkring 1650, mot slutten av 1600-årene får vi nettopp den dekor som også finnes her. Typen fikk imidlertid et lengre liv, et godt stykke inn på 1700-tallet. Dateringen av disse må være ca. 1680-1720, altså ca. 1700.

Dekoren er drevet i messingblikk og i tillegg finnes det dekor som er punslet inn. Jeg forestiller jeg meg at slike lysestaker kunne bli masseprodusert, og har i utgangspunktet vært for et bredt marked, ikke bare for kirker.

De finnes over det meste av Nord-Europa og har vel i første rekke vært beregnet på hjemmet, men har så utmerket kunne gjøre tjeneste i kirken også. Slik gjelder dette vel ikke hva vi ville kalle "kirkestaker", men nettopp staker fra profan sammenheng som så senere kan ha kommet til kirken, slik det jo åpenbart har vært tilfellet med Vevring.

Jeg er selvsagt på ingen måte spesialist på messingstaker fra denne perioden til profan bruk, men grunnet på likhet og utførelse ville jeg for så vidt tro at de kunne vært produsert her i landet. Stjernen du viser i bunnen har vi ikke, alle vårer staker har festeanordning til skaftet, trolig sekundært, slik at Feios-staken viser et opprinnelig utseende? Gjørtlermerker er så vidt jeg forstår nokså sjeldne.

De fleste slike staker er oktogonale som her, men de finnes også runde, og foten kan undertiden være gjennombrutt arbeid. Du oppgir at den er ca. 20 cm. høy. Vi har ulike størrelser. By 1568 er ca. 20 cm. høy og ca. 15 cm. bred på foten, By 1801 er ca. 19 cm. høy og 15 cm. bred, andre er 5-6 cm. høyere og også større i foten, men ellers av samme type.” 

kjelder:

Ørnes, Ellen: Antikvitetshåndboka: en praktisk innføring. 1999.
Ørnes, Ellen: Antikviteter og snurrepiperier. 2002. 

Informasjon frå:
Lisabet Risa, Hå, Rogaland.
Magnar Tjønn, Feios, Vik.
Henrich von Achen, Bergens Museum. (epost, 05.11.2009)