Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmenn Bergen-Lærdal i vengebåt



1814. Merkeår i Noreggsoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss og union med Sverige. Det viktigaste var Grunnlova. - I mars og april reiste folkevalde utsendingar til riksforsamling på Eidsvoll. Fem utsendingar frå Bergen brukte 10 dagar til hovudstaden. Første etappe var Bergen-Lærdal i vengebåt.

<p>Vengeb&aring;ten eidsvollsmennene fr&aring; Bergen reiste med til L&aelig;rdal. B&aring;ten var bygd p&aring; Svan&oslash;y, i siste halvdel av 1700-talet. Biletet st&aring;r i Lesebok for folkeskulen (1921) ved Nordahl Rolfsen og Bernt St&oslash;ylen.&nbsp;</p>

Vengebåten eidsvollsmennene frå Bergen reiste med til Lærdal. Båten var bygd på Svanøy, i siste halvdel av 1700-talet. Biletet står i Lesebok for folkeskulen (1921) ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjend

Artikkel i avisa Sogn og Fjordane

I 1964 feira landet 150 årsjubileum for Grunnlova 1814. På same måte som i 1914 vart jubileet feira og markert på fleire måtar, mellom anna med frimerkeutgåve, sogeverk Norge 1814-1964 i tre bind, utstilling på Eidsvoll og historisk stoff i pressa.

Avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, hadde i mars 1964 ein artikkel med overskrifta Då Eidsvollmennene for med vengebåt frå Bergen til Lærdal. Artikkelen er signert ”blu” og forfattaren byggjer på boka Bergen og Bergenserne 1813-1814 av F.M. Wallem.Vi får høyra om reisa til fem utsendingar med stort følgje frå Bergen til dei var framme i hovudstaden 10 dagar etter. Dei fem var:

  • Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849), sorenskrivar i Nordhordland, bustad Bergen
  • Jens Rolfsen (1765-1819), skipsførar/kjøpmann, bustad Bergen
  • Jonas Rein (1760-1821), sokneprest i Nykirken, Bergen
  • Frederik Meltzer (1779-1855), kjøpmann, Bergen
  • Peter Motzfeld (1777-1854), visekommandant på Bergenhus, bustad Bergen, (vald frå Artillerikorpset)

Artikkelen her er ei attgjeving av artikkelen i Sogn og Fjordane. Datoane og hakeparantesar er innsette her.

Fredag 25. mars

Om føremiddagen 25. mars 1814 låg ein vengebåt sjøklar ved flyttmannsbryggja i Dreggen. Båten hadde eit mannskap på 13 – ein styrmann [skipper], 10 rorskarar og 2 tenarar. Om morgonen hadde dei 5 utsendingane ein livleg frukost saman med nokre av dei fremste byborgarane elles, før dei gjekk om bord og reisi tok til. Ferdatyet [bagasjen] vart sendt med 2 føringsbåtar, den eine med 6 og den andre med 5 mann, så det var eit fylgje på 3 båtar som stemde nordetter leidi den dagen.

Laurdag 26. mars

Klokka 3 [fredag] kom dei til Alverstraumen, der dei drakk te og overnatta, men alt kl. 5.30 neste morgon var fylgjet om bord i båtane att og for vidare nordetter leidi, og ved middagstid var dei i Skjerjehamn, der dei rasta eit bil [stund]. Kl. 5 om ettermiddagen kom dei til Sygnefest, der dei overnatta, men ”Bekvemmelighederne var ikke at rose” der, heiter det. Dei låg på flatsenger med halm med stolseter under hovudet. Men så vidt ein skjønar har kvelden likevel vore rett hyggeleg, mat av eigi niste, men rikeleg. Og med eit glas punsj gjekk samrøda livleg.

Søndag 27. mars

Truleg har dei vorte leide i flatsengene for alt kl. 4 om morgonen var dei om bord i vengebåten att for å ta til med ferda vidare innetter den lange Sognefjorden. Då dei passerte Rutletangane, ”bestaaende af en Mængde Øer og et Sund, der var saa trangt, at Rorskarlene maate lægge Aarene ind og derpaa skyve Baaden frem med Haanden”, fortel Wallem. 

Om kvelden same dagen (..) kom dei til Kvamsøy, der ”logiet forøvrigt var ganske godt”, slik at dei reisande fann seg ”ret fornøiede”. Denne dagen hadde dei fare i eitt 10 – 11 mil, og ”selv Middagsmaden var bleven serveret om bord, riktignok kun kolde retter, og dernest paa et Bord der laa løst paa de 5 Reisendes Knær – idet de indrettede sig paa beste Maade agterud i Wængen”

Måndag 28. mars

Ved middagstid 28. mars kom dei til Frønningen, der godseigar Lem trakterte med kaffi. Her fekk dei og tak i ”ferske” Oslo-aviser. I Frønningen var nemleg og eit viktig postskifte i den tid. Og så endeleg kl. 5 om ettermiddagen var dei på Lærdalsøyri. Der var ”veiene saa sølede og smudsige og opfyldte med den dynnede, mørkegraa Lerfyld, at det næsten forbød al Færdsel”. Hjå gjestgjevaren Tøger Døsen fann dei reisande seg vel til rette enda ”løse grisunger og ditto Hunde i broget Uorden” var å sjå på den sølet vegen nå i teleløysingi.

Tysdag 29. mars

Då dei 29. mars tok til med turen vidare til lands var det godt ver. På prestegarden i Lærdal vart fylgjet trakterte med sogneøl av fru Bøyesen og på Lysne tok dei middag som var ”Rømmekoller, der jo endnu hører til bergensernes Livretter om Sommeren”. På turen vidare oppover Lærdal for dei dels over elveisen, for å unngå dei sølete vegane. dels nytta dei slede, dels karjol og stykkevis reid dei. Over galdane helst til fots, dei fann det tryggast soleis der.

….

Gjennom Valdres og vidare køyrde dei over islagde vatn, men særleg over Randsfjorden vart dette ”noget fuktig” då vatnet fløymde over isen. På Bø tok dei inn hjå lensmann Kreutz der dei overnatta etter ”et godt Aftensmaaltid hvorved man blant andet trakteredes” med ”Hjemmebrændt Brændevin”. Og desse sjølvstendepartiet sine fremste talsmenn sa truleg ikkje nei takk til dette landlege innslaget – på ein slitsam tur.

På landturen frå Lærdal hadde dei 5 utsendingane med seg ”10 Kufferter, 2 Reisepulter, 5 Flaskefodr, 1 Madbomme, 1 Blikkase med Thetøl, 1 Kasse til Tobak, 1 Amber med Smør, 2 Kufferter med Tjenernes Tøl, 1 Sæk med Brød og 1 Sæk med Adskilligt”. I Valdres føretok dei inspeksjon som synte at ”Nisten og Bagagen var i Orden”.

Bergen-Kristiania på 10 døgn

Etter 10 døgn var bergens-følgjet vel framme i Kristiania, måndag 4. april, ”i et rædsomt Føre - en Blanding af Snee, Vand, Leer og Skalberg”. Dei oppheldt seg fire døgn i hovudstaden og reiste vidare til Eidsvoll fredag (langfredag) 8. april. Riksforsamlinga tok til søndag 10. april, påskedag, med gudsteneste.


 

kjelder:

Lesebok for folkeskulen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. 1920.
Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. 1914.
Avisa Sogn og Fjordane. 20.03.1964 

PERMANENT IDENTIFIKATOR