Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Undredal kyrkje



Undredal kyrkje er ei stavkyrkje frå midten av 1100-talet. Kyrkja, som har 40 sitjeplassar, har sidan byrjinga av 1700-talet vore kledd med liggjande panel. Ho vert rekna for den minste i Norden. Undredal kyrkje er soknekyrkje for Undredal sokn som i 1999 talde 116 medlemer, det nest minste soknet i fylket og bispedømet.

Nordens minste kyrkje står det i turistbrosjyrene om den vesle perla av ei stavkyrkje i Undredal, og det er sant og visst. Ho er berre 12 x 4 m og har 40 sitjeplassar, men er likevel i vanleg bruk som soknekyrkje.

Nordens minste kyrkje står det i turistbrosjyrene om den vesle perla av ei stavkyrkje i Undredal, og det er sant og visst. Ho er berre 12 x 4 m og har 40 sitjeplassar, men er likevel i vanleg bruk som soknekyrkje.

Eigar: Aurland.com.

Datering: 2002.

Fotograf: Thor Andresen.

Bygd på midten av 1100-talet

Kyrkjestaden i Undredal er ein smal terrasse på nordsida av bygda, der det er flott utsyn mot fjorden. Like ved låg det eldste gardstunet i bygda. Dette er både den mest rassikre og mest solrike staden. Likevel er det trongt her, og det tilbygde koret mot aust kviler på ein høg mur i skråninga utfor terrassen. Mot vest svingar ein gardsveg seg heilt oppi døra til våpenhuset.

Stavkyrkja i Undredal har ei kring 850 år gammal historie som gøymer mange mysterium. Ho er ei av dei eldste i landet, men noko sikker datering finst ikkje. Rett nok er det innskore eit årstal i ein takbjelke, som kan tolkast som 1147. Mest truleg står det 1447, og dateringa gjeld då truleg vøling av taket. Men 1147 er likevel ikkje så langt unna sanninga, for både stilvurderingar og dendrokronologiske prøvar, tyder på at kyrkja vart bygd midt på 1100-talet.

Kyrkjebygget

Bygningshistoria til Undredal stavkyrkje er som eit mysterium, som ingen enno veit løysinga på. Spora i veggene tyder på både gjenbruk av materialar eller flytting av heile kyrkja, utan at nokon veit noko meir om det. Det som kan seiast er at kyrkja i Undredal er ei enkel, einskipa stavkyrkje som berre er 11,8 m lang med skip og kor, og 4 m brei. Den stavbygde, eldste delen er den austlege delen av skipet, som har fire stavar i firkant. Størstedelen av stavkonstruksjonen er intakt: hjørnestavar, sviller, veggbord og takstolar.

Kyrkja hadde truleg svalgang rundt sør-, vest- og nordveggen, men ikkje rundt det eldste koret mot aust. Det var ikkje våpenhus, men inngang under svalgangen. Det eldste koret var kring 2,3 m i firkant, og det er spor etter det øvst på austveggen av skipet. Seinare er kyrkja utvida både mot aust og vest. Det eldste, stavbygde koret vart erstatta med eit større, tømmerbygt kor truleg på slutten av 1500-talet eller byrjinga på 1600-talet. Då vart også tårnet, som opphavleg var ein frittståande stopul, bygt inn i kyrkja mot vest og gjort om til tårn. Rommet under tårnet var fyrst våpenhus, men seinare opna opp og gjort til ein del av skipet for å få betre plass der. Då vart det bygt til eit våpenhus mot vest.

Interiøret

Innvendig var kyrkja opphavleg open opp i gavlen, men fekk ein bogeforma himling truleg på 1600-talet, då det òg kom livfulle vegg- og takdekorasjonar. På veggene vart det måla draperi, akantusrankar, blomar og eple, og i taket stjerner og englar på blå botn. Det skal vere over 800 stjerner i taket på den vesle kyrkja. Takborda i koret er nummererte, noko som tyder på at taket kan ha vore teke ned og sett opp att etter at det vart måla. På slutten av 1600-talet vart det også bygt eit smalt galleri. I veggene er det mange usamanhengande dekorasjonar og veggbord, og dessutan ei rad andre spor etter bygningsendringar. Seks av dei opphavlege 12 vigslekrossane er synlege, fire i hjørnestavane og ein på kvar langvegg. Då kyrkja vart vigsla, var det ein spesiell seremoni der bispen m.a. teikna med olje på tolv vigslekross, som symboliserte tolv grunnsteinar i bymuren i Jerusalem. Alle kyrkjer hadde slike vigslingskross i katolsk tid.

I 1862 vart galleriet teke vekk, veggen mellom skip og kor vart fjerna, og det kom nye benker. Heile kyrkja vart kvitmåla innvendig, slik at alle dei gamle dekorasjonane vart tildekka. Slik såg kyrkja ut til 1962, då konservator Ola Seter fjerna kvitmålinga og fekk fram att dei gamle, fantasifulle dekorasjonane, som i dag så sterkt pregar Undredal stavkyrkje.

Seinare er kyrkja vedlikehalden i fleire vendingar. Nytt tak kom på plass i 1964-65, det måtte reparerast i 1972. I 1984 fekk kyrkja ny bordkledning på tårnet, nytt golv i våpenhuset, og heile bygningen vart pakka inn i plast og gassa mot husbukk. Utvendig fekk kyrkja fleire nye strok med måling. Delvis inngrave i bakken mot nord vart det i 1989-90 bygt eit uterom med sakristi.

Inventar

Altertavla er frå kring 1900, og er laga av presten Ole Ohnstad (1861-1943), som sjølv var frå Undredal. Biletet framstiller Jesus på krossen.

Preikestolen er eit renessansearbeid frå 1600-talet. Årstalet 1696 er utskore i tre og limt på, saman med namna til dei som kosta istandsetjinga.

Døypefonten er ein jarnring på fremste benken som dåpsfatet frå 1680, laga av ei koparlegering, vert sett opp i. Dåpsfatet har eit dyr i relieff i midten, som minner om den norske riksløva. Dåpsmugga av koparlegering er udatert.

Lysekrona er truleg frå mellomalderen og av måla tre, horn og messing. Kjerna i lysekrona er fem utskorne dyrehovud (hjort) med ekte horn. Frå kvar dyrenakke går det ut ein lyshaldar i messing. På toppen er ein naken kvinnekropp, og under noko som liknar på ein drueklase. Denne merkelege lysekrona finst det ikkje maken til i Norge, men visstnok i eit kloster i Sør-Tyskland.

Innkjøpet av orgelet, eit G. Klop med 200 piper, skjedde i 1991 ved hjelp av dei pengane soknerådet fekk av Sogn Folkemuseum for "salet" av kyrkja. Elles finn ein to alterlysestakar i messing frå 1702, nattverdsutstyr som kalk og disk i sølv, brurestol og kneleskammel frå 1600-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Djupedal, Torkjell: Undredal - kyrkja og bygda. Selja Forlag. Førde, 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR