Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Gaular kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gaular kommune.

Framme i biletet ser vi Sivertsens hotell. Lyder Sivertsen eigde og dreiv hotellet i 1905. Her var både landhandel og skysstasjon og postopneri i tillegg til hotelldrifta. <br />
Lenger bak ser vi Sande kyrkje, bygd i 1864 av byggmeister John Saftland, arkitekt: J. Lindstrøm.

Framme i biletet ser vi Sivertsens hotell. Lyder Sivertsen eigde og dreiv hotellet i 1905. Her var både landhandel og skysstasjon og postopneri i tillegg til hotelldrifta.
Lenger bak ser vi Sande kyrkje, bygd i 1864 av byggmeister John Saftland, arkitekt: J. Lindstrøm.

Datering: Ca 1900.

Fotograf: Knudsen

Gaular kommune i 1905
Indre Holmedal var namnet på kommunen i 1905. Det var 3 kyrkjesokn i kommunen: Bygstad, Sande og Vik

Ved kongelig resolusjon 6. oktober 1911 vart kommunenamnet endra til Gaular.

I 1900 var folketalet 3529. Den viktigaste næringa var landbruk, men her var og andre næringsvegar. Det var småindustri med utgangspunkt i handverkstradisjonar, som farging, garving, og ikkje minst bøkring (tønneproduksjon). I 1905 var det 2 tønnefabrikkar. Det var O.A. Lundes tønnefabrikk i Eidevik og brørne Berge sin fabrikk på Kviteneset. Mange bønder dreiv og med bøkring heime og fekk viktige ekstrainntekter frå det.
Gaular hadde 5 meieri i 1905: Bygstad Meieri, Hjelmeland Meieri, Lunde Meieri, Nes Meieri og Birkeland Meieri. Gaular fekk sparebank i 1895 under namnet Indre Holmedal Sparebank. I Bygstad dreiv Mons Johnsen eit fargeri.
Det var postopneri i Bygstad, Sande og i Viksdalen. I tillegg opna eit nytt brevhus i Horsevik 1. oktober 1905. Kommunen hadde 3 rikstelefonstasjonar: Langeland, Viksdalen og Bygstad.

Kommunikasjonar i Gaular 1905
Fylkesbaatane hadde stoppestad i Bygstad og Sunde. Det var om lag 10 landhandlarar i kommunen: i Bygstad, Eidevik, Osen, Sveen, Sygna, Sande (2), Eldalsosen, Horsevik, og Viksdalen.
I høve til mange av nabokommunane var vegnettet etter måten bra utbygd for si tid. Hovudvegen nord-sør i fylket gjekk gjennom kommunen. Dette var sambansdvegen mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg gjekk det m.a. kommuneveg mellom Osen og Viksdalsvatnet. Kommunen hadde 4 skysstasjonar: Horsevik, Sande, Eidevik og Langeland.
Kommunen hadde 3 hotell: Bygstad Hotell, Lundes Hotell og Sivertsens Hotell. Gaular hadde felles doktor med Kyrkjebø kommune. Doktoren heldt til i Vadheim.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet.

Mange var opptekne av det dei oppfatta som den dårlege legedekninga i Gaular. Folk måtte heilt til Vadheim for å få legehjelp. Der hadde distriktslegen sin kontorstad. Det vart arbeidd for å få ei telefonline frå Vadheim til Sande, slik at folk hadde høve til å kontakte doktoren frå Sande. Dette kom i 1908. Ein privatpraktiserande lege heldt til i Bygstad. Doktor Alf Harlem dreiv privatpraksis i Bygstad i åra 1903 - 1907. Men han var dyr å konsultere. 1913 vart Gaular eige legedistrikt, og i 1915 kom den første doktoren med kontorstad Sande. Sivertsens hotell vart omgjord til doktorbustad.

I 1905 var telefon eit nytt fenomen i Gaular. Televerket hadde i 1902 bygd ut rikstelefonnettet i Indre Sunnfjord. Viksdalen fekk rikstelefonstasjon 20.11.1902, Bygstad 2 dagar seinare, og Langeland 2 dagar deretter, den 24.11.1902. Først i 1908 fekk Sande rikstelefonstasjon.

Strid mellom leg og lærd
Det var og mykje snakk om dei sterke motsetningane mellom prest og lekfolk i Gaular. Fleire av prestane i Gaular hadde eit anstrengt forhold til den sterke lekmannsrørsla i Gaular. Sokneprest Gunnar A. Gloppestad - prest i Gaular frå 1903 til 1921 - var ein av dei. Han kom raskt på kant med indremisjonsfolket. Det gjalt først og fremst lærespørsmål. Det var ein utbreidd skepsis til Gloppestad si bibeltolking i mange misjonsforeiningar. Men og det at Gloppestad var motstandar av målsak og fråhaldssak auka skepsisen.

Turismen var ei næring i vekst. Kommunen hadde 3 hotell og fleire skysstasjonar som tok overnattingsgjester. Mange engelske laksefiskarar kom for å prøve fisket i Gaula.
Samvirketanken var etter måten sterk i Gaular. Her var som nemnt 5 meieri. I tillegg var det smørlag i kommunen. Året før vart det etablert eit kjøpelag for bøndene i Bygstad: - Bygstad Landboforening. Foreininga fekk raskt over 100 medlemer. Gjennom felles innkjøp av maskinar, såfrø, gjødsel o.l. fekk medlemane betre rabattar enn viss dei stod åleine.

Tønneproduksjon
Svært mange i Gaular var involverte i tønneproduksjon. Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundrskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Ikkje berre var det etablert fleire fabrikkar, men mange gardbrukarar held fram med å produsere tønner heime på gardane.
Sjølv om det gav sårt tiltrengte inntekter, var dette og ei kontroversiell næring. Fleire hevda at tønneproduksjonen gjekk ut over landbruket, som A. Øen i bladet "Bondevennen":
"Det er neppe formeget naar jeg sier, at der i herredet aar om andet tilvirkes omkring 100 000 tønner, halvtønder, fjerdinger og dunker. At dette indbringer en større sum penge er selvsagt; men jeg tror neppe, det vil formaa i større udstrekning at bygge op varig velstand i bygden. Avsetningen sker til handelsmændene og for det meste mot varebytte. Folk kjøber paa denne maade ogsaa meget, som de burde avle på sine bruk."

Nokre nøkkelpersonar
Anders Ousen (1865-1931) var ordførar i kommunen 1902 - 1909. Han var sersjant og hadde ei rekkje andre verv. Ousen var m.a. med i styret for Gaular Sparebank. Der var han og kasserar i ein periode. Vidare vart Ousen hausten 1905 konstituert som lensmann i Gaular, pga lensmann Wollert Hermann Foss Meidell (1842-1905) sin bortgang 18. august same år.


Gunnar Abelsen Gloppestad (1848 - 1921) var sokneprest i prestegjeldet frå 1903 og til han døydde i 1921.
Andre nøkkelpersonar i kommunen var Ola Andersson Lunde. Han vart fødd 1848 på garden Lunde. Gifta seg 1870 med Synneva Birkeland. 8 born. Lunde døde 1908 i Eidevik. Han var ein av sin tids fremste forretningsgründarar. Har starta opp med landhandel på Lunde i 1872. Seinare flytta han til Eidevik i Bygstad, og etablerte landhandel og postopneri der. Han bygde "Lundes Hotel" og dreiv bakeri og jektefart og mykje anna. I 1903 Bygde O. A. Lunde tønnefabrikk i Eidevik.


Brørne Knut Berge (1852-1933) og Ivar Berge (1856-1914) etablerte og ny verksemd i Bygstadområdet. I 1897 kjøpte brørne eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik. Dei starta og tønneproduksjon og hotelldrift.
Jens Olai Larsson Njøsen (1875-1932) var og ein av forretningsgründarane i Bygstad. Han starta opp i 1898 med landhandel på Reita. I 1905 bygde han nytt forretningslokale på garden. Verksemda på Reita var starten på ei karriere som inkluderte etablering av tønnefabrikk (1916), meieri (1925) og margarinfabrikk (1931).

Lag og organisasjonar
Gaular hadde eit rikt lags- og organisasjonsliv i 1905. Foreiningane spreidde seg over eitt vidt felt. Men dominerande både i tal foreiningar og medlemer var dei ulike misjonsforeiningane. Om lag 20 misjonsforeiningar eksisterte i 1905, med til saman fleire hundre medlemer, mange av dei kvinner. Gaular var truleg ein av kommunane i fylket med flest foreiningar i høve innbyggjartal.
Fleire av dei frivillige organisasjonane engasjerte seg sterkt i unionssaka, særleg ungdomslag og skyttarlag. Og i Gaular var det mange slike. Vi veit i alle fall om 8 ungdomslag som var aktive i 1905: Fjorden Ungdomslag, Heimdal Ungdomslag, Bygstad Ungdomslag, Ungdomslaget Breidablikk, Skudal Ungdomslag, Varden Ungdomslag, Bjørvikstranda frilynde Ungdomslag og eit frilynd ungdomslag i Eldal.
Skyttarrørsla stod og sterk i kommunen. Det var 5 skyttarlag i 1905: Standnes Skyttarlag, Birkeland Skyttarlag, Skyttarlaget "Bjørnen", Bygstad Skyttarlag og Gaular Skyttarlag.
I tillegg fanst det ei rekkje kristelege barne- og ungdomslag, fråhaldslag/-losjer mm. Her var og aktive partilag for både Venstre og Høgre.

Kyrkja si rolle i Gaular 1905
Kyrkja hadde fleire viktige funksjonar i unionsåret 1905. Kyrkja var ein offentlege arena i ein heilt annan grad enn tilfellet er i dag. I Gaular las sokneprest Gloppestad opp Stortinget si kunngjering til det norske folk under ei gudsteneste i Viksdalen kyrkje den 12. juni. Av presten si dagbok kan vi og sjå at han søndag 13. august i Sande kyrkje på røystedagen for ja/nei til unionen, hadde ein "Redegjørelse for folkeafstemingens betydning". Det same hadde Gloppestad på valdagen 12. november. Då skulle ein røyste om republikk eller monarki.
I kyrkja vart det og lese opp kunngjeringar frå valstyret om sjølve valavviklinga i Gaular. Vala vart haldne i kyrkjene i Gaular.

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Indre Holmedal valsokn tilsvara dåverande Indre Holmedal kommune. Den 3. august 1905 innkalte mantalsføraren for Gaular lensmann W. Meidell formannskapet til møte. Her vart det Indre Holmedal valstyre utnemnd. Valstyret var samansett slik: lensmann W. Meidell (formann), Anders Ousen, S. O. Næs, Henrik Lunde, Nils I. Hestad, O. O. Døskeland, Halvor Lervig og Oluf Hjelmeland. Stemmestyret for Vik og Bygstad var høvesvis Nils I. Hestad og Oluf Hjelmeland.
Ved folkerøystinga 12. og 13. november kom Anders Ousen inn som ny formann i valstyret, då W. Meidell var gått bort tidlegare på hausten.

Ved begge røystingane var det 3 røystestader:
a) For røysteføre i Sande hovudsokn: Sande hovudkyrkje, b) for røysteføre i Vik sokn: Vik annekskyrkje, c) for røysteføre i Bygstad sokn: Bygstad annekskyrkje. Oppteljinga føregjekk i Sande kyrkje.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Resultatet for Gaular valsokn: Av dei 698 som hadde røysterett, vart det avgjeve 660 godkjende røyster ( 94,5%). 7 røyster vart forkasta. Alle røysta ja.
Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7%) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Truleg var det og kvinner frå Gaular på listene som vart sendt inn til Stortinget.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
Resultatet av folkerøystinga i november for Gaular valsokn:
Av dei 704 som hadde røysterett, vart det avgjeve 632 (89, 8 %) godkjende røystar. 8 vart forkasta. 587 røysta ja (for kongedømme), 45 røysta nei (for republikk). I Gaular røysta 92, 9 % for kongedøme
Resultatet for Sogn og Fjordane:
18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk.
Resultatet for landet:
331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk.

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

"Fest i anledning ... tilendebringelse av frigjørelsesværket"
Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Ofte var det ungdomslaga som skipa til slike festar. Slik var det vel i Gaular og, utan at vi har eksakte opplysningar om det. Det vi veit er at i sokneprest Gloppestad si dagbok for 1905 står det at han den 7. desember heldt takkegudsteneste i Sande Kyrkje. Tema for preika var "Takker Herren".

kjelder:

Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901.
Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene". I: Kjelda nr. 3 2002.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Gaular kommune. 1993.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular.Band III 1995.
Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band II. 1961.
Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band III. 1968.
Hjelmeland, Olaf: Gaular Sparebank 60 år, 1894-1954.
Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.
Statsarkivet i Bergen: Gaular prestearkiv, dagsregister 1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR