Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gaupne gamle kyrkje



Gaupne gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunesenteret Gaupne i Luster kommune. Kyrkja, som har 130 sitjeplassar, vart bygd i perioden 1647-1652. Ho var soknekyrkje i Gaupne til det vart bygd ny kyrkje i 1907.

Gaupne kyrkje ligg uvanleg vakkert til på ein bakketopp med bratte fjell på fleire kantar. Kyrkja er svært enkel å sjå til, men innvendig byr ho på eit mangfald av detaljar og fargar.

Gaupne kyrkje ligg uvanleg vakkert til på ein bakketopp med bratte fjell på fleire kantar. Kyrkja er svært enkel å sjå til, men innvendig byr ho på eit mangfald av detaljar og fargar.

Eigar: Petter Stenstadvold.

Datering: 15.08.1998.

Fotograf: Petter Stentadvold.

Enkel utvendig, rikt dekorert innvendig

Dei har utfalda seg med stor målarglede, dei som dekorerte tømmerveggene og inventaret i Gaupne gamle kyrkje for rundt 350 år sidan. Fleire av apostlane er framstilte i heilfigur, slik som Simon Peter. Det er eit syn med sus av historie som vanskeleg let seg skildre, det må opplevast. Det utvendige, enkle preget står i sterk kontrast til det fargestrålande interiøret. I skipet er annankvar bjelke måla med bibelsitat, og det same gjeld takbjelkane i koret. I hovudsak er tekstane henta frå Salmane. På austveggen i våpenhuset er det måla ein nesten uleseleg tekst som fortel at det var Geble Augmundsen Røneyd som let kyrkja byggje i 1647, men rekneskapstala tyder på at ho ikkje stod ferdig før i 1652.

Men om målargleda nok var stor, har kanskje ikkje alle fagfolka som fram gjennom tidene har studert resultatet, vore like begeistra. Då kyrkjegranskar Bendixen var på besøk i kyrkja rundt 1900, noterte han ein del om den innvendige dekoren. Målinga i kyrkja er rask og naivt utført, med kraftige fargar, men nokså grovt og plumpt, skreiv han. Vidare meinte han at menneskefigurane er som alltid måteleg måla, men det heile verka eigendommeleg og stemningsfullt. Mellom linjene kan ein lesa at Bendixen ikkje var udelt begeistra for arbeidet som dei meir eller mindre sjølvlærde bygdekunstnarane utførte rundt om i kyrkjene på 1600-talet. Men for samtida synest det i alle fall å ha vore meir enn vel nok. Også Bendixen har sans for særpreget og stemninga som målarane har tilført Gaupne gamle kyrkje.

Restar av stavkyrkja

Dagens laftekyrkje avløyste ei stavkyrkje, og det finst fleire spor frå denne stavkyrkja. Det mest synlege og verdfulle er sideplankane i vestportalen. Etter ornamentikken å døme, som er typisk for stavkyrkjene frå Sogn og Valdres, har sideplankane tilhøyrt ei kyrkje frå andre halvdel av 1100-talet. Andre restar frå stavkyrkja er fleire stokkar i reisverket i tårnet, og dessutan svillene som er nytta under dørrammene til benkene. Dørbeslaga er etter alt å døme også frå stavkyrkja.

Våpenhuset ser ut til å vere bygt samstundes med resten av kyrkja, men har truleg ikkje vore med i den opphavlege byggjeplanen. Det viser dei øvste plankane på begge langveggene, som stikk fram som ein kant for takskjegget som manglar sperre. Planen var truleg at taket skulle forlengjast som overbygg over inngangen, men så har einkvan funne ut at det var best å byggje våpenhus likevel. Kyrkja er 13 x 8,5 m, skip og våpenhus, og koret 5,5 m i firkant. Tårnet i reisverk står over våpenhuset. Den næraste parallellen til denne kyrkja som finst att i dag, er Gimmestad gamle kyrkje i Gloppen. I synfaringa frå 1686 er kyrkja omtala som eit tømmerbygg, på alle måtar i god stand og måla innvendig.

Kyrkjebenkene

Kyrkjebenkene, eller stolstadene, er slik dei opphavleg stod i kyrkja. Dei er nemnde i kyrkjerekneskapen frå 1700. Dette gjaldt 14 nye stolar med paneling og dører, og som truleg er måla på same tida. Dekoren på dørene er blomeornament og gavlstykka er for det meste utskorne med namna og bumerket til dei benkene tilhøyrde. I det nordaustre hjørnet står prestestolen, datert til 1652, som er noko eldre enn dei andre kyrkjestolane. Ved sida av står stolen som har Skanke-ætta sitt våpenmerke/adelsmerke, ein fot med støvel på, skank på dansk. Innskrifta er HMISS, bokstavane til soknepresten Mogens Jonson Skanke, son til presten Jon Mogens Skanke som vart avretta.


Kyrkjebenkene i denne kyrkja vart ikkje nytta som tradisjonelle mann- og kvinnebenker, men derimot som familiebenker. Her sat kvinner og menn saman, og oftast to generasjonar på same benken. Eit anna særtrekk er at familiane ikkje sat etter status. Ingen har forklaring på denne utypiske ordninga, der folk verken sat etter kjønn eller rang. Tenestefolk og born sat på låge benker langs midtgangen, og dei som ikkje fekk sitjeplass, måtte stå.

Fortidminnesforeininga fekk kyrkja

Gaupne gamle kyrkje er eit vakkert klenodium, der ho står framme på bakketoppen. Ho er eit ynda biletmotiv med snøkledde fjell i bakgrunnen. Så vakkert kan det vere, at nettopp dette motivet vart valt til framside på boka som omhandlar alle kyrkje-eigedommane til Fortidsminneforeininga.
Foreininga fekk i 1909 tømmerkyrkja som gåve frå kyrkjelyden. To år i førevegen fekk Gaupne ny kyrkje, og dermed var ikkje lenger gamlekyrkja brukskyrkje. På denne tida var ho prega av forfall, og sjølv om foreininga fekk 800 kroner til istandsetjing, viste det seg at pengane ikkje monna særleg mykje. Grunnmuren måtte reparerast, og taket og ytterveggene måtte skiftast. Det nye taket var i skifer, i staden for pannestein.
På 1950-talet vart det igjen utført ein omfattande reparasjon av grunnmuren. I 1964 vart det avdekka eit alvorleg angrep av husbukk i tømmeret, og då særleg i tårnet, og på nytt vart det trong for eit heller omfattande reparasjonsarbeid. Seinare har det komme til dører som vernar den originale porten for vêr og vind.

Altertavla

Altertavla frå 1589 er den fyrste katekismetavla etter prestesynoden i 1589 med oppmoding om å lage nye tavler med "herlige Sentenzer af Den Hellige Skrift". Ho vert rekna som prototypen på den nye stilen. I utgangspunktet er det eit seinmiddelaldersk alterskåp, utan bilete, og med dørene på vidt gap. Dei nakne flatene er dekka av sentrale bibelord, måla med gylne bokstavar på mørk bakgrunn. Toppstykket, ein trekanta gavl, har det eldste sikre daterte kongevåpenet i norske kyrkjer med den fullstendige innskrifta som tyder Christian IV, av Guds nåde konge over Danmark og Norge. Vidare er teksten ei truvedkjenning for Guds kyrkje i Nordens kongerike, Danmark og Norge, og dei provinsar og øyar i Nordhavet som er underlagde desse. Kongen er med dette framstilt som oppretthaldar av den rette trua, og garantist for denne. Kongen si tru er kyrkja si tru.

Teksten i midtfeltet er Den apostoliske truvedkjenninga, den nordre døra har dåpsorda (Matt. 28; Mark. 10 og Apgj. 10), og den søre har nattverdorda. Baksida har Fadervår i midtfeltet, medan dørene har Dei ti boda i fullstendig og gammaltestamentleg form (2. Mos. 20), med biletforbodet: "Du skall ingen billede giøre dig eller nogen lignelse efter det som er i Himmelen eller nede paa Jorden, i vandet eller under jorden. Du skall icke tilbede de oc icke ære de." Dette er ein kalvinsk inspirert korreksjon av Luthers katekisme. På det nordaustre hjørnet av alteret står det som truleg er restane av eit mellomalderkrusifiks, romansk type.

Kunst og inventar

På alteret står fire lysestakar, to i tinn og to i messing. Preikestolen er frå 1626. Døypefonten er ein jernring for dåpsfatet, som no er i bruk i nye-kyrkja.
Veggmåleria på veggene i kor og kyrkjeskip, er laga av Niels Maler i 1659, tolv år etter at kyrkja var bygd. Renessansemåleria er rikt dekorerte med blomster og drueklasar. I rundboga felt med blågrøne rammer står 12 apostlar, kvar med namn. I koret Jakob, Lukas, Markus og Andreas, og på kvar av langveggene er tre og på vestveggen to avbilda. Ein inskripsjon i oval ramme heng over kordøra: "Gud thell ære Kiærcken til beprydelse oc andre Gudtz/ børn thell et godt Exempel er Denne Malning foræret aff/ Disse efterskrefne Godt Folck: Næmlig Emanuell Søfrensen,/ Hendrick Nitter, Hans Andersen oc Anders Christensen. Anno 1659."

Korskiljet frå 1647-1659 er i bruskbarokk stil, og med måling som kyrkja elles. Her er fem stolar frå 1600-talet; ein frå 1652, to frå 1666, ein frå 1689 og ein er udatert. Messehakelen er raud med gullkantar, og kjem frå stavkyrkja.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR