Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Mula - gard med samansett næringsgrunnlag



Det er ikkje store bilturen frå Førde til Mula på sørsida av Førdefjorden. Men ein er komen langt frå forretningsbyen når ein står i sjøsprøyt nede i Mulavika framfor to små bruk. Heilt til 1980 var denne staden lite tilgjengeleg. Å leve her kravde tilpassing til naturkreftene. Men fjorden og nokre jordflekkar gav livsgrunnlag. Hallvard Mulen veit mykje om det livet.

Mulagarden ligg inst i den lange Mulavika som munnar ut i Førdefjorden. Sjøvegen var einaste vegen hit til 1980.

Mulagarden ligg inst i den lange Mulavika som munnar ut i Førdefjorden. Sjøvegen var einaste vegen hit til 1980.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Arne Aasland

Ved sjøen under Heilefjellet

Mulavik er det opphavlege namnet på garden; nemnd alt i jordeboka Bergen kalvskinn 1360. Her har altså budd folk frå før Svartedauden. Namnet kjem av det lange, muleforma neset som stikk ut i fjorden nord for garden. Alt på 1600-talet blei namnet forkorta til Mula. Vika og dalen vender aust/vest. I sør ruvar Heilefjellet 1000 meter og skygger for sola. Den tronge dalen gir svært avgrensa dyrkingsareal. Dei to gardstuna ligg etter kvarandre innafor bryggja. Det ytre bruket har er noko i drift med sau og gris; det indre er eit mjølkebruk i full drift. Her bur Hallvard Mulen (fødd 1959) med kone og to søner i hus av nyare dato, og mor i gamlehuset.

Verhardt

Hallvard fortel at ein må ta omsyn til vinden på Mula. Den slår til frå både aust og vest, ogden traktforma passasjen aukar farten. Alle husa på garden står med gavlen mot vinden. Kledningen var frå gamalt impregnert mot regn og sjødrev. Vestaveret sender saltspruten fleire hundre meter innover og gjer vindaugsglasa kvite. På nyhuset har Hallvard spikra kvar einaste takstein. Då dei før dreiv med turrhøy, kunne vinden leggje hesjene flate, eller reise med heile avlinga.

1980 – eit tidsskilje

Mykje endra seg med Folkelånsvegen i 1978 (del av vegsambandet Askvoll-Førde) og veg ned til Mulevika 1980. Då var Hallvard ein ung mann som heldt på å ta over garden. No har han eit mjølkebruk med sju kyr og nokre kalvar i ny driftsbygning. All transport skjer med bil. Høyet går rett i siloen der ei travers-kran breier og fører silotalja. Hallvard slår eit par nedlagte bruk, og dermed har han fòr nok. Men hovudinntekta kjem no frå jobb i Førde. For gutane hans blei skulevegen enkel.

Barndom på Mula - kraftverk

Også far til Hallvard moderniserte. Hallvard hugsar gardskraftverket med turbin frå Florø. Faren bygde det kring 1950 med ein inntaksdam av stein og torv. Det gav 2 kilowatt som dei måtte bruke heile tida. Det var til lys i hus og fjøs, og til lading av magasinkomfyren om natta. Ein stråleomn stod på konstant. Når det blei for heitt, måtte den på loftet. I 1963 fekk dei ”kjøpestraum” til gards. Faren bygde første siloen i –58.

Sjøvegen

Gardsdrifta var allsidig med sau, geit, gris, høns og hest, i stor grad til sjølvberging. All transport gjekk via sjøen, med mange omlastingar. Dei heldt seg med to båtar, ein 32 fots spissfæring med 10 hk Rapp semidiesel og ei mindre snekke. Gjødning og kraftfor henta dei på Ervik eller Helle, der fjordabåtane hadde samband til Vågsøy, Atløy, Førdefjord og Vevringfjord. Kyr til sal eller slakt måtte dei ta i båt og få heist om bord i fjordabåten, gjerne på Heilevang. Av og til gjekk dei med dyra heilt inn fjorden til slaktehuset i Førde. Mjølkeleveringa tok lokalbåten frå Skjærli seg av. Første traktor på garden kom med båt inn Mulavika i 1975 og blei fira ned på båten deira på fjære sjø. Så lurte dei den inn på flo, og fekk den på land.

Skulevegar

Første skuleåret var i 1966 og Hallvard møtte på Helle under Naustdal. Sidan gjekk han i Bjørkedalen lenger inn fjorden. Der var skule til 1973. Alt frå starten av stod han for transporten sjølv, i ei snekke med 4 hestars motor, året rundt! I ungdomsskuletida brukte han snekka til Holmevik, gjekk 4,5 kilometer på veg til Fengestad og fekk buss derifrå til Førde! Spissfæringen klarte Hallvard ikkje å starte, for svinghjulet var digert. Men då han skulle konfirmerast i 1975, var kreftene der. Då gjekk guten sjølv med storbåten til Helle og henta 12-14 gjester til festen sin medan faren tok fjøsen. Ikkje heilt etter dagens krav til persontransport!

Fisket viktigaste del av næringsgrunnlaget

Hovudinntekta på Mula kom før frå sjøen. Folka der var ofte ute på fiske, t.d. sildefiske i Solund. Men Mulavika var eit matfat i seg sjølv. Til ulike tider av året kom stimar av brisling, sild og makrell inn. Like utafor var gode fiskeplassar for sei, laks og sjøaure. Andre fiskarar dreiv og fiske i Mulavika. Sildefisket hadde eit toppår i 1928/29. Folket på Mula har rett til ”å kaste”, og sette steng ca. 400 meter ut i vika med eit feste i land. Frå ein hamar oppe i bakken kunne dei sjå om det var fisk i stenget. Dei fleste middagar på Mula var fiskemåltid. Då Hallvard var på militærteneste, fekk han sjokk over kvaliteten på fiskemiddagane. I tillegg til å fiske, skaut dei også fugl, som alke, rype og orrfugl kring Mula.

Nise og sel

Etter fisken som stima inn Mulavika, kom glupske gjestar. Sel og nise var der støtt. Nisene, som kan bli opp mot 60 kilo, skaut dei med ein svær munnladar og sjølvproduserte blykuler på 25 mm. Når ein skulle ta desse kvalane, var det viktig å vente til dei hadde fylt lungene. Då sokk dei ikkje. Hallvard felte si siste nise i 1975, før den blei freda. Selen skaut dei helst på skjera. Kobbeskinnet var salsvare til garveria. Men Hallvard minnest og at selen av og til titta opp i båten til dei, nysgjerrig og tillitsfull.

Olje av nise til måling

Kjøtet frå nise gav god kvalbiff viss dei tappa blodet raskt. Men det viktigaste var spekket. Av det produserte dei olje for sal ved å koke spekkbitar i ein stor kjele. Oljen var god til all slags smøring av maskindelar og til å lage maling. Løa på Mula stod i 100 år med kvaloljemalt ospekledning. Og framleis finst slike bord på gamlehuset. Furetre til bygging var det smått med på garden. Ein annan metode for å impregnere husveggar var å hengje strimlar av nisespekk oppunder takskjegget. Oljen draup då nedover borda på varme dagar.

Større sjødyr

Særleg under krigen var spekkhoggarar ofte å sjå på vika. Dei er 7-8 meter lange. Hallvard ser ikkje bort frå at tidlegare generasjonar har skote eller harpunert spekkhoggar. Ein stor harpun på garden kan ha med dette å gjere. Makrellstørja, ein tunfisk på opptil 3 meter og 500 kilo, har og vore innom, men helst til plage. Når denne muskelbunten rota seg inn i garna, karva den alt, og fangsten rauk. Etter 1980 har størja vore sjeldsynt.

Også brugda, som er større enn spekkhoggaren, har vist seg av og til. Far til Hallvard fekk eit garn spreng av brugda ute ved Flokeneset. Ein gong opplevde han at sjøen løfta seg så merkeleg nær båten hans ute på vika. Han kunne ikkje forstå det som anna enn nærkontakt med ei velvaksen brugde.

Under krigen 1940-1945

Fisken sikra mattilgang på garden under krigen. Men dei prøvde og å dyrke noko korn til brødmat. Kornet blei rodd til eit kvernhus om natta, for okkupanten forbydde privat maling. Dei dyrka også tobakksblad som blei leverte til fabrikk. I februar 1945 raste det kjende luftslaget i Førdefjorden over husa på Mula. Kort tid før hadde også M/S Hornelen gjømt seg inne i fjorden på andre sida av Mulanobba. Frå garden observerte dei storhogst av bartre oppe på Nobba for å kamuflere båten mot allierte luftangrep.

Fisket 2009

Det er mindre liv i fjorden no. Sjølv om folket på Mula har rett til å sette steng, kan dei ikkje utøve retten fordi lova krev yrkesfiskar, og indre delar av fjorden er mellombels freda for slikt fiske. Men Hallvard Mulen skaffar seg framleis fisk nok til dei måltida han ønskjer seg og er glad i livet på ”fiskargarden”.
 

kjelder:

Informasjon frå: Hallvard Mulen, Førde.
Førsund, Finn B: Førde bygdebok. Band 2, 1992

PERMANENT IDENTIFIKATOR