Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2004

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Gamlevegen over Haukåsen



Ved det nedlagde småbruket Husøy kring 12 km oppe i Jostedalen, går det bru over det tronge Haukåsgjelet og veg opp til Vigdal. Jostedalsvegen held fram gjennom tunnell som vart opna i 1959. Langs gjelet syner restar etter vegen som vart bygd her i åra 1889-1891. Før 1891 gjekk Jostedalsvegen høgare oppe, over Haukåsen. Gamlevegen her låg urørd i utmark heilt fram til 2003.

Gamlevegen over Haukåsen er no delt i to. På Myklemyr-sida er vegen opparbeidd til skogsveg for traktorkøyring. På Alsmo-sida ligg vegen slik han har lege i alle år sidan vegen over Haukåsen vart avvikla tidleg på 1890-talet. Somme stader var terrenget flatt utan trong for oppmuring, andre stader var det nødvendig å mura. Ein stad er muren fleire meter høg og delvis nedramla.

Gamlevegen over Haukåsen er no delt i to. På Myklemyr-sida er vegen opparbeidd til skogsveg for traktorkøyring. På Alsmo-sida ligg vegen slik han har lege i alle år sidan vegen over Haukåsen vart avvikla tidleg på 1890-talet. Somme stader var terrenget flatt utan trong for oppmuring, andre stader var det nødvendig å mura. Ein stad er muren fleire meter høg og delvis nedramla.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

År 2003

Vegtraséen over Haukåsen tek av frå ein rasteplass på Hellemoøy, ein snau kilometer etter gardstunet på Alsmo. Vegen går i jamn stigning gjennom blandingsskog til høgaste punktet etter snaue to kilometer. Herifrå går han skrått nedover - det siste stykket langs eit sva - , til Myten heilt sør i grenda Myklemyr. Etter ein krapp sving følgjer han Hompedøla til gamle ''MYTEN BRO''.

Utviding på Myklemyrsida

Medan gamlevegen på Alsmo-sida ligg urørd, er han på nordsida no heilt annleis. I 2001 vart det gjeve grønt lys for å utvida og forsterka for utmarks-køyrety. Føremålet var å få betre utnytting av utmarka i området oppover frå Haukåsen. Det var turvande å sprengja der vegen var for smal og der det låg små bergknausar tett attmed eller inn i vegbana. I anleggsvilkåra var med at det skulle farast fram med varsemd og at ein mest mogeleg skulle gjera seg nytte av det opphavlege vegfundamentet, vidare at vegbana skulle dekkjast med ''humusmateriale''.

Sommaren 2003 kom det reaksjonar i pressa. Det vart påpeika at gamlevegen stykkevis var heilt øydelagd og at det fleire stader var rasa ned svære mengder utsprengd stein. Det vart óg spurt om arbeidet svara til vilkåra om å fara varsamt fram.

Tilrettelegging for turgåing

På kartet Breheimen er gamlevegen over Haukåsen merka som tursti med stipla raud line. Men sjølv om vegen og området er særs interessant, kan det på Alsmo-sida sjå ut som det har vore langt mellom turgjengarane. Vegen er nokre stader tilgrodd og den vesle stien langsetter vegbana vitnar om liten trafikk. Det er ikkje skilta ved endepunkta, og ved Myten er det knapt nok parkeringsplass for to personbilar.

Statens Vegvesen har laga til rasteplass på Hellemoøy på Alsmo-sida. Vegen og terrenget eignar seg særs godt for born, - her er fleire stader tre å klatra i, steinar å kliva på, holer å krypa inn i, skogsbær å plukka.

Vanskelege vegtilhøve

Hovudvegen i Jostedal med sidevegar og gardsvegar har til alle tider vore livsviktige for folket, men samstundes alltid ''et smertens barn''. Opp gjennom heile dalen vekslar det mellom tronge gjel og opne område med folk busette på begge sider av elva. Med jamne mellomrom kjem det ned småelvar og grøver (bekker) frå sidedalene og fjellsidene. Naturtilhøva gav mange stader svingete og bratt veg, og eit utal bruer. I tillegg var det ofte flaum og snøras som gong etter gong reiv ned eller påførte skade. Då vart utbetring, omlegging, oppattbygging, reparasjonar og vedlikehald faste gjeremål, og desse vart gjengangarsaker i kommunestyret frå 1838.

Ei vegsak-innførsle i møteboka til kommunestyret, desember 1889, er vel hundre år seinare eit stykke vegsoge:
Etter at dei lenge berre hadde hatt ride- og sledeveg opp dalen, hadde dei etter kvart drive på med å utvida for køyring med hjulreiskap. Men trass stor arbeidsinnsats og ''betydelige økonomiske Opofrelser'' frå oppsitjarane, var vegstandarden i 1889 likevel elendig, går det fram av møteboka.

''.. og da Veien viser sig overalt at være for smal og hver eneste en af de først af sammenlagte murer holder paa at falde ud, idet der ikke gaar noget Aar uden at disse maa repareres, maa nødvendigvis en endnu høiere Del af Herredets Veie i en nær Fremtid omlægges, hvis de Reisende ikke i endnu høiere Grad end tidligere skal udsættes for Livsfarer.''

Omlegging ved Haukåsen

Ei viktig omlegging var alt i gang. I 1889 fekk amtet stortingsløyving til å byggja veg fram til Haukåsgjelet, langs bergveggen gjennom gjelet og vidare opp til Myten på Myklemyr. Arbeidet var ferdig i 1891. Den eldgamle vegen over Haukåsen vart samstundes avvikla som vedlikehaldsveg, og det vart færre ''yderst besværlige skarpe Kroger'' for dei reisande.

Ordførar A. E. Ormbergstøl gledde seg. Han skreiv i møteboka: ''Det er vistnok (tyder her: i sanning) en stor Herlighed for Jostedal at Omlægning af Haukaasen, som nu er paabegyndt, blir udført ..''

kjelder:

Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger 1958.
Kommunearkivet i Luster:
Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1876-1900.
Sogn Avis. 19.08.2003.