Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Tussverpet



På garden Tue i Balestrand har det i kring 200 år vore lakseverpe eller laksegilje som dei sa. Gilja stod i vika mellom Tusshamrane og Tussneset. Me høyrer første gong om fisket her i 1782, men truleg var det eldre. I periodar fiska dei godt. I 1895-åra leverte dei laks for kring 500 kroner. Det var mykje pengar den gongen.

Me har ikkje bilete av laksegilja på Tue, men giljene var stort sett bygde på same måten. Dette  biletet er frå verpet ved  Skåsheimselva mellom 1900 og 1920. Ei laksegilje var konstruert på ein enkel måte. Hovudsiktemålet var å kunna sitja høgt for å sjå best mogeleg ned i sjøen og i nota. Under inngangen til nota var det senka ned ein kvitmåla treflake. Når fisken gjekk innover den og inn i nota, måtte den som sat ha synet med seg og vera klar til å dra opp nota for å stengja fisken inne. I Skåsheimsverpet skjedde det ein gong ei tragisk ulukke. Eit steg i gilja brotna og ein mann datt ned og slo seg i hel.

Me har ikkje bilete av laksegilja på Tue, men giljene var stort sett bygde på same måten. Dette biletet er frå verpet ved Skåsheimselva mellom 1900 og 1920. Ei laksegilje var konstruert på ein enkel måte. Hovudsiktemålet var å kunna sitja høgt for å sjå best mogeleg ned i sjøen og i nota. Under inngangen til nota var det senka ned ein kvitmåla treflake. Når fisken gjekk innover den og inn i nota, måtte den som sat ha synet med seg og vera klar til å dra opp nota for å stengja fisken inne. I Skåsheimsverpet skjedde det ein gong ei tragisk ulukke. Eit steg i gilja brotna og ein mann datt ned og slo seg i hel.

Eigar: Johs. B. Thue / Fylkesarkivet SFFf-90036.0002.

Datering: 1900-1920.

Fotograf: Carl Tietz.

Dei eldste kjeldene

Verpet på Tue er ikkje omtala i 1667 eller i 1723 då matrikkelskylda på garden vart vurdert. Då garden Tue vart delt i 2 bruk i 1782, vart det slege fast at lakseverpet skulle vera felleseige mellom bruka. Ved eit eigarskifte i 1802 vart og verpet på Tue nemnt som ein verdi for brukaren. I 1802 står det at garden har eit "Laxeverpe", som "Aarlig Intet giver i Fordeel, uden Lidet til Huusholdningen". I 1868, då garden vart taksert, vart halvdelen av landsluten for verpet sett til 2,5 Speciedalar. Dette var ikkje verdien av fisket, men verdien av eigedomsretten. I nyare tid har verpet vore felleseige mellom bruk nr. 1, 2 og 7.

Verpet på 1800-talet

Kring 1850 fiska ein stril som heitte Horss i Tussverpet. Det vart fortalt at han ikkje drog opp nota berre for ein laks. Han salta ein del av fisken og selde på Lærdalsmarknaden. Seinare vart verpet ofte leigd bort for landsluten. Sjølv om verpet gav bra inntekter i periodar, var det slett ikkje slik at det alltid var eigarane som sat i verpet. Me kjenner og til at Bård Thue, som åtte halvdelen av verpet, sjølv leigde plass til kilenot i Flesje i 1880-åra. Kilenot kravde mindre arbeid og pass, men likevel tyder dette på at 1880-åra har vore gode lakseår. Me kan undra oss over at Bård ikkje heller fiska i sitt eige verpe. Kanskje var det leigd bort, eller han tykte fisket i lakseverpet tok for mykje tid. Det var ikkje alltid lett å kombinera drifta av garden med å sitje i lakseverpet frå tidleg morgon til sein kveld.

Bilete av ei kvinne og to menn på ei laksegilje.

Fangstar i 1890-åra

Frå 1890-åra har me ei rekneskapsbok etter ein gardbrukar i Balestrand som dreiv oppkjøp av laks. Me kjenner ikkje til om verpet på Tue berre leverte til han, men boka gir oss eit lite blikk inn i kor mykje inntekter fisket gav. I 1893 leverte dei fisk for 342 kroner til denne oppkjøparen. Året etter leverte dei for 110 kroner. 1895 og 1896 var gode år. Då leverte dei for 500 og 450 kroner. I 1893 vart laksen betalt med kr 1,20 tidleg i sesongen og prisen gjekk etter kvart ned til kr 1,10 og 1,05. For auren fekk dei kring 50 øre. I juni månad 1895 leverte dei 36 laksar som utgjorde i alt 281 kilo. Utanom dette tok dei og sjølvsagt tert og aure.

36 laksar på ein dag

1909 fekk dei 25 laksar på ein dag, men rekorden etter det folk hugsar skal vera i 1936. På ein dag tok dei då opp heile 36 laksar. Kring 1920 sat P. Løvik i verpet i Skåsheimselva. Han og dei på Tue sende då fisken til Gjertsen i Bergen. Frå 1930 kom her motorbåtar og henta fisken. Ein gong i 1930-åra låg det 200 laksar i kjellaren på bruk nr. 7 og venta på å verta leverte. Dette var då felles fangst mellom Tue og verpet i Skåsheimselva.

Kval og størjer

Men dei fekk ikkje berre laks. Kring 1875 tok dei 3 kvalungar i nota. Dei kokte lyse av spekket. Elles tok dei mykje makrell. Dei hadde då ei mindre not inne i laksenoti. 1910 var eit rikt år på makrell og småsei. Dei kunne fylla båten med spir og makrell. Då rodde dei ut til Tue og varsla grannane. Dei kom alle med bøtter og spann og fekk henta det dei ville av den gode maten. Ein gong tok dei ein hå på over 3 meter. Ein annan gong kom det ein kval og la seg attmed nota. Han var lenger enn nota. Då kvalen fór, slo han eit slag med sporden og laga eit stort hòl i bøgjegarnet. Det var 3 famnar djupt. Ein annan gong, i 1925, fekk dei ei makrellstørje. Størja låg roleg i starten slik at dei fekk tog rundt sporden og fekk ho opp av vatnet. To mann heldt i kvar sitt tog. Då byrja størja brått å slå med sporden. Det var stor kraft i fisken og det var so vidt dei makta å halda henne. Dei meinte dette var fårleg fiske, og neste størje, som kom nokre dagar seinare, fekk dei ut or nota.

Stell av nota

Nota måtte vedlikehaldast og til turking og mindre vedlikehald nytta dei Flakaberget som ligg inst på sjølve Tussvika. Her hadde dei og lakseflaken om vinteren og det har gjeve staden namn. Før fisket starta om våren, drog dei nota utover bøen på bruk nr. 7. Då var alle som åtte part i verpet med på bøting og anna ettersyn. I eldre tid barka dei nota for å få ho til å vara lengst mogeleg. Dei nytta bjørkebark. Barken tok dei når dei lauva om sommaren. Når dei barka nota, hadde dei ho opp i ein båt og slo logen over. Dei hadde teke ut nygla i båten, og dei slo log over fleire gonger. Kring 1925 tok dei til å nytta blåstein på Tue i staden for bark.

Bilete av ei laksegilje som stod på Veganeset i Balestrand etter krigen.'

Verpet vert nedlagt

Ved berget på Tussneset hadde dei ei lita hytte med tak der fiskarane åt maten. Ofte var det ungane som fekk i oppgåve å bera mat til karane i verpet. Sjølve verpet på Thue var ope og utan ly for vinden. Knut Thue, som sat mykje i verpet, sa at når nordavinden kom, kjende dei seg nakne. Han fekk giktplager etter mange kalde dagar i verpet og måtte slutta. I 1939 slutta dei med gilja og byrja med kilenot. Det dreiv dei og med under krigen. Etter krigen var det slutt nokre år, før fisket med kilenot vart teke opp att i 1960-åra.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar:Balestrand, Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med folk på Tue.

PERMANENT IDENTIFIKATOR