Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. mars 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vassenden kyrkje



Vassenden kyrkje er ei arbeidskyrkje i lecastein som står på sørsida av elva Jølstra ved Vassenden i Jølster kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla av biskop Ole D. Hagesæther 22. september 2002. Kyrkja er bygd på dugnad av Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter. Arkitekt Per W. Skarstein har teikna kyrkja. Vassenden kyrkje har status som kapell i Ålhus sokn i Jølster prestegjeld.

Den vel 800 m² store arbeidkyrkja står på Hamraplassen, rett sør for elva Jølstra ved Vassenden. Her har det vore gravplass sidan 1930.

Den vel 800 m² store arbeidkyrkja står på Hamraplassen, rett sør for elva Jølstra ved Vassenden. Her har det vore gravplass sidan 1930.

Eigar: Olav Øygard.

Datering: 2002.

Fotograf: Olav Øygard.

Ønskje om eiga kyrkje

Då spaden vart sett i jorda våren 1999, var det ein 75 år gammal draum som endeleg byrja å verta røyndom på Vassenden, - draumen om ei eiga kyrkje attmed gravplassen, på staden som lokalt heiter Hamraplassen. Pengane har heile tida vore eit problem, men då halve bygget var finansiert kunne kyrkjeentusiastane endeleg ta sjansen på å gå i gang.

I 1920-åra, då saka fyrst vart diskutert, var ønskjet å få både gravplass og kyrkje i bygda. Den fyrste basaren til kyrkja vart halden på Eikås skulehus 4. juledag i 1925. Den viktigaste motivasjonen var nok å sleppe dei utrygge reisene til Ålhus-kyrkja vinterstid. Enten folk budde på sørsida av vatnet, eller i grendene vest for Vassenden, var ønskjet om kyrkje på Vassenden ei felles sak. Sjansane til å få eigen gravplass var gode, og folk flest trudde nok at det skulle berre gå kort tid før dei fekk gjennomslag for ei kyrkje.

Gravplass 1930 - kyrkjesenter 2001

Framover vart det skipa til basarar rundt om i fleire krinsar, men av ulike årsakar stansa arbeidet opp i fleire periodar. Det kom m.a. bedehus i bygda, og for ein del menneske var dette eit viktigare tiltak enn ei kyrkje som skulle kome i tillegg til Ålhuskyrkja. Då gravplassen stod ferdig rundt 1930 var ein viktig milepæl nådd i bygda, men førebels var det altfor lite pengar innsamla til at ein kunne gå i gang med bygging av kyrkje. Innsamlinga heldt fram, og frå tid til anna vart det gjeve testamentariske gåver som hjelpte godt på kontoen.

Like etter krigen inviterte soknerådet arkitekt Arnstein Arneberg til Jølster for å vurdere kyrkjetomt og teikne eit forslag til kyrkjebygg. Arneberg kom til Vassenden i 1950 og fekk med seg skisser frå den aktuelle kyrkjestaden, men noko meir kom det ikkje til ut av det besøket. Politisk vart kyrkjebygget ikkje prioritert, og partane kan difor ha vorte samde om å avvente det vidare arbeidet. Nye tiår gjekk, men då Vassenden bedehus vart selt og rive for få år sidan, kom det for alvor fart i kyrkjeplanane. Ved oppstarten av bygginga var vel halvparten av den kalkulerte kostnaden på 4 millionar kroner dekka inn. Gjennom ein stor dugnadsinnsats, og ved hjelp av pengeinnsamlingar i byggjeperioden, fekk eldsjelene finansieringa på plass slik at kyrkja stod ferdig til bruk hausten 2001. Stiftinga Vassenden kapell/kyrkjesenter, med Karl Russøy som leiar, administrerte kyrkjeprosjektet og hadde også det praktiske ansvaret for bygginga.

Rommeleg kyrkje

Det er ei moderne og praktisk kyrkje som er reist på Vassenden. Nokre har meint at bygget med sine rundt 800 m² i bruksareal er vel stort. Stiftinga valde ei rommeleg løysing der dei gjorde alt ferdig i eit byggjetrinn. Det betyr at arbeidskyrkja får plass til både kontor, kjøken, konfirmantrom, matsal og kyrkjestove - i tillegg til sjølve kyrkjerommet og sakristia. Den nye kyrkja har òg gode garderobe- og toalettforhold. Dei tre mindre salane vart innreia i tilknyting til sjølve kyrkjerommet, og ved særskilte høve kan romkapasiteten i kyrkjedelen såleis doblast ved at ein opnar sideveggene. Når dette arealet er rekna med, vert der sitjeplass til rundt 400 menneske. Til vanleg er bygningen tenkt brukt både som kyrkje og bedehus, i tillegg til andre typar møteverksemd, klubb- og ungdomsarbeid.

Kyrkja er reist i lecastein, som er kvitpussa. Sjølve takflata er forma som ein skeiv pyramide, og innvendig er kyrkjerommet innreia med alteret plassert i hjørnet som vender mot aust. Sjølve bygget ligg vendt meir nordaust, med inngang frå sørvest. Då kyrkja vart vigsla, betydde det slutten på ei ualminneleg lang vente- og førebuingstid for folket på Vassenden. Samstundes betydde det slutten på ein svært vanskeleg altertavlestrid i Holsen sokn i Førde. Stiftinga for Vassenden kyrkje sa ja til å ta imot altertavla som fleirtalet i Holsen kyrkjelyd sa nei til å hengje opp der. Arbeidskyrkja på Vassenden fekk altertavla nesten vederlagsfritt.

Altertavla

Den omtalte altertavla er frå 1992 og er laga av Jørleif Uthaug. Ho vart laga på bestilling til Holsen kyrkje i Førde kommune, men vart aldri sett opp i kyrkja der då ho skapte strid i soknet. Jørleif Uthaug sine målarstykke "Kristi himmelfart" og "Jerusalem" gjer dette til ei sjeldan altertavle. Motivet Jesu himmelferd er lite brukt i moderne kyrkjekunst. Ein kan sjå Kristus som stig oppover, er i rørsle og vert opplyft. Hendene er lyfta til velsigning og som sigersuttrykk. Ansiktet er vendt nedover, mot læresveinane. Kristus er framstilt med ein kraftig og kraftfull kropp, men som menneske. Det er Menneskesonen si opphøging. Kledet ber den raude fargen til vitnemålet og martyriet. Ved Jesu føter kan ein sjå konturane av eit lam, som vel må uttrykkje at Kristus ved si himmelferd, og ved sitt stadige nærver ved Faderens høgre side, minner Faderen om sitt eineståande og endegyldige offer for alle. (Hebr. 7-10). Det er Øvstepresten, som bar seg sjølv fram som eit offerlam. Denne tolkinga vert stadfesta ved at det er innrissa på same staden eit bilete av ein mann som ber eit lam i armane, som også kan tolkast som den gode hyrdingen.

Til himmelferdsmotivet er det knytta eit "bakgrunnsbilete" av Jerusalem, det jordiske Jerusalem. Saman med det sentrale biletet og alteret, syner heile alterpartiet ein kross. Samstundes synest det som om Kristus er framstilt i ei kommande rørsle. Kristus skal koma att, og kjem også til sin kyrkjelyd når den samlast. Himmelferd tyder ikkje fyrst og fremst at Kristus vert borte, men at han kjem og skal koma. Eit stort kyrkjekunstverk kan hjelpe til å sjå "Den Usynlege".

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR