Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Jernbaneplanar i Sogn og Fjordane



I 1921 la Fylkestinget fram ein jernbaneplan som føreslo jernbaneutbygging i store delar av fylket. Det kom lite ut av planane. Flåmsbana var og er den einaste jernbanestrekninga i fylket.

Bergensbana går berre 13 km gjennom Sogn og Fjordane. Likevel fekk bana mykje å seia for både gods- og passasjertrafikken til og frå fylket i ein lang periode. Bygginga av Bergensbana føresette at fylka langs banen var med å betala gildet. Men Sogn og Fjordane fylke ville ikkje teikna luter. Her ser vi Myrdal stasjon.

Bergensbana går berre 13 km gjennom Sogn og Fjordane. Likevel fekk bana mykje å seia for både gods- og passasjertrafikken til og frå fylket i ein lang periode. Bygginga av Bergensbana føresette at fylka langs banen var med å betala gildet. Men Sogn og Fjordane fylke ville ikkje teikna luter. Her ser vi Myrdal stasjon.

Eigar: Norsk Jernbanemuseum, Flåm utvikling

Fotograf: Ukjend.

Fylket går i mot bygging av Bergensbana

I 1874 handsama fylket jernbaneplanen aust-vest (Bergensbana), og uttalte at dei heller ville satsa på fleire dampbåtar. Då Stortinget i 1875 vedtok å byggja strekninga Voss-Bergen, som sto ferdig i 1883, kasta fleire av kommunane i fylket seg inn i debatten om linevalet frå Voss og vidare til Oslo. Den 20. januar 1890 vart det halde eit stort jernbanemøte i Sogndal, der over 300 røysteføre frå ulike bygder i Sogn møtte. Her vart det vedteke ei fråsegn om jernbane over Valdres-Lærdal, langs fjorden til Gudvangen og vidare til Voss. Men Stortinget vedtok i 1893 at Bergensbana skulle gå over Finse og Myrdal. Rettnok med knapt fleirtal. 60 stortingsmenn røysta for denne lina, medan 53 røysta mot.

Ulike lineval splitta sogningane

Den neste debatten var om kor dei skulle leggja ei sidebane ned frå Bergensbana til Sognefjorden. Det første framlegget var ingeniør Hopstock, frå Bergen, sitt forslag om ei privat jernbane mellom Voss og Gudvangen. Dernest kom framlegget om ei sidearm ned til Flåm, men då kom dei andre sognebygdene på bana med ulike alternativ. Eitt alternativ var Vik-Voss og eit anna var Brekke-Bolstad. Det siste var framført av Lasse Trædal (stortingsmann i 1903-06 og 1910-18).

Jernbanekrav fleire stader i fylket

Alt ved hundreårsskiftet hadde fylkesingeniør Borch (vegsjefen) teke til orde for ei bane mellom Fjærland og Gloppen. I 1908 sende fylkesingeniøren og prost Sverdrup i Balestrand saka til fylkestinget. Dei bad i 1911 om ei gransking av prosjektet Fjærland-Sandane med arm til Førde, og alternativt Vadheim-Førde-Sandane. Fylkestinget slutta seg til det siste framlegg med arm til Florø. I 1912 løyvde Stortinget kr 500,- til synfaring av desse alternativa.

Draumen om ei vestlandsbane

Frå ordførarane i Nordfjord vart det i 1917 reist krav om ei jernbane frå Stryn til Gudbrandsdalen. På eit møte på Sandane 25. mai 1917 vart det gjort følgjande vedtak om at styresmaktene måtte gjera: ".. en snarlig detaljundersøkelse av en jernbanelinje Vadheim-Gloppen-Innviken-Stryn-Otta med sidelinjer til Florø og Moldøen." Jernbanenemnda i fylket vart etter dette utvida med to personar. Valet skapte strid då personane stod for ulike lineval; lensmann Øen frå Vik var talsmann for Vik-Voss, medan Lasse Trædal tala for den ytre lina. Alle linene skulle høva inn i ein vestlandsbane, som ikkje skulle fungera som ei hurtigrute mellom Bergen-Trondheim, men som snarare skulle tena distrikta.

Jernbaneplanen av 1920

Øen vart vald til medlem av jernbanenemnda etter kampvotering med Lasse Trædal. Då trafikkplannemnda la fram si tilråding (jernbaneplan) i 1920, vart følgjande jernbaneliner fremja: 1)Vadheim-Nordfjord med sideliner til Høyanger, Florø og Måløy, 2) Stryn-Otta, 3) Nordfjord-Sunnmøre, 4)(Vangsnes)-Voss, 5) Brekke-Bolstad, 6) Sogndal (Leikanger eller Marifjøra)-Jostedalen-Gudbrandsdalen og 7) Lærdal-Valdres.

Fylkestinget prioriterte jernbane mellom Sogn og Nordfjord over Sande og Førde, anten frå Balestrand eller Vadheim. Dei ville óg granska ei line mellom Stryn og Otta. Fjærland og Jostedalen var såleis ute. Spørsmålet om lina Vik-Voss eller Brekke-Bolstad stod ope. Det var stor motstand frå ordførarane i Nordfjord då fylkestinget valde ei særskilt nemnd som skulle granska framlegget Lærdal-Valdres.

Jernbane frå Sogn til Nordfjord

Alle fylke la fram liknande jernbaneplanar. Jernbanenemnda i Stortinget drog rundt i landet og vurderte dei ulike prosjekta. Her i fylket var nemnda i 1920. I St.prop. vart det føreslege å løyva 50 mill. kroner til kommunikasjonsliner i Hordaland og Sogn og Fjordane, med den føresetnad at midlane også kunne nyttast til andre kommunikasjonar enn jernbane. I november 1923 tilrådde Stortinget eit samrøystes framlegg frå Sogn og Fjordane om ei jernbane frå Sognefjorden til Nordfjord, utan standpunkt til alternativ. Førestnaden var at det skulle vurderast om det kunne nyttast bil i staden for jernbanedrift. I 1924 gav Stortinget løyve til eit forsøk med statsdrivne bilruter på fire vegsamband, mellom anna Vadheim-Sandane. Føremålet var å skaffa erfaring med bilane sin kapasitet i regulert rutetrafikk som eventuell erstatning for lokale jernbaner. Dette vart aldri realisert.

Eit magert resultat

Resultatet av det heile vart magert for jernbanesatsinga i Sogn og Fjordane. Flåmsbana som vart påbyrja i 1923 og opna i 1940, var og er fylket si einaste jernbaneline. Bilen var etter kvart langt meir i fokus, og jernbanenemnda i Sogn og Fjordane vart oppløyst og slegen saman med samferdslenemnda i 1924. Ved stortingsvedtak vart det til vederlag for jernbana gitt pengar til vegbygging i fylket gjennom ein vederlagsplan.

Ny runde om jernbanen i 1954

I 1950-åra kom det ein ny runde med jernbaneplanar, då ein ny jernbanekommisjon kom med ei tilråding i 1949. I brev av 17. juli 1954 sa fylkestinget i Sogn og Fjordane seg samd i kommisjonen sine tilrådingar, mellom anna at det var naudsynt å sjå jernbanebygginga ut frå eit landsomsyn, og at kostnadene for jernbane og vegbygging måtte sjåast i samanheng. I staden ville dei ha ein heilårsveg mellom Stryn og Otta. Det var slutten på draumen om jernbane i Sogn og Fjordane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hoprekstad, Olav: Stambanen mellem Vestlandsfjordene. Stavanger 1918.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1988.
Lomheim, Per Birger: Samferdslehistorie. Underlagsmateriell til Nasjonal verneplan, Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR