Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Tingastadsaga



Som ein grøn oase ligg garden Tingastad mellom steile svaberg og uvennlege steinrøyser i strandkanten under Storehogen og Haukåsen, med utsikt mot Frønningen og Aurlandsfjorden. Her er veglaust, og garden er fråflytta. Nokre få hundre meter innom (austafor) gardshusa ligg ei lita vassdriven sag, som i dag er i De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemusem si eige.

Tingastadsaga. Det skal ha vore sag her frå 1658. Denne vart bygd i 1905 og var i bruk til innpå 1940-talet.

Tingastadsaga. Det skal ha vore sag her frå 1658. Denne vart bygd i 1905 og var i bruk til innpå 1940-talet.

Eigar: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Datering: 1985.

Fotograf: Lars Asle Vold.

Tingastadsaga

Dette er Tingastadsaga, ei av dei få vassdrivne oppgangssagene som er att i Sogn. Tingastad og skogen var - og er - bygdeallmenningar, eigde av bønder i Vik, Fjærland, Feios og Leikanger. Noko er også statseigedom. Skogen ga tidleg grunnlag for sagbruksdrift, og alt i 1658 skal det ha vore sag her. Den saga som står her no, er likevel ikkje så gamal. Ho vart oppsett av Andreas Anderson Bøthun i 1905. Andreas Bøthun pakta då Tingastad av bygdeallmenningane, og var skogvoktar for dei.

Bygginga

Dei måtte sprenga vekk ein fjellknaus for å plassera saga, og av den utsprengde steinen vart det bygd to solide steinsøyler som golvet i saga kunne kvila på i framkant. Bak kvilte det på ein berghamar. Anders Bøthun leigde snikkaren Anders Haukås-Eide frå Eidet i Sogndal til å bygga saga. Alt treverket vart øksa til på staden To av veggene, baksida og den langsida som vende mot bekken og vasshjulet vart kledde, medan dei to andre var opne. Her tok ein inn tømmeret frå velteplassen, og sende det ut att som ferdige bord. Sjølve sagramma var av tre og av tradisjonell type.

Det vart bygd samledam, vassrenne, og eit såkalla "undervasshjul", der vatnet trefte skovlane på undersida av hjulet. Det vart laga ein liten kai rett utanfor saga, og ein kai like austafor bygget, der jektene som skulle henta dei ferdigskorne borda la til.

Modernisering

På 1930-talet vart saga modernisert. Dei kjøpte ei svensk oppgangssag av jarn, med 9 sagblad, av Kristian Knudsen på Hermansverk, etter hans sag hadde brunne ned. Dei fekk og bygd eit nytt stort overvasshjul, som utnytta sagvatnet betre, og som forlenga sesongen til flaumsaga med minst to veker. Igjen var det Anders Haukås-Eide som fekk snikkaropppdraget. No var det Per Bøthun, son til Anders Bøthun, som dreiv saga. Teknologisk sett vart saga no langt meir avansert. Via tannhjul, akslingar og reimar vart vasskrafta overført til sjølve saga.

Den nye tida

Den nye saga fekk ikkje så lang driftstid. Kort etter andre verdskrigen innhenta den nye tida både Tingastad og saga. Ny teknologi og nye reguleringar vart innført i skogbruket og trelasthandelen og det vart ikkje lenger lønsemd i å driva saga på Tingastad på gamlemåten. Såleis vart saga ståande ubrukt frå slutten av 1940-talet. På 1980-talet vart det planlagt å flytta saga til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum og i 1985 vart saga nøyaktig oppmålt. Desse planane er så langt ikkje realiserte, men på slutten av 1990-talet fekk museet formell eigedomsrett til saga, og syter for nødvendig tilsyn og vedlikehald. Same om saga nokon gong vert flytta frå Tingastad, eller om ho vert verande der, er ho i alle fall eit verdfullt kulturminne frå det førindustrielle skog- og sagbruket i første halvdel av 1900-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rune Tangstad: Oppgangssaga på Tingastad. I Årbok for Sogn. Nr 33. Sogndal 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR