Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hestenesstøylen



Hestenesstøylen ligg ovanfor tuna ved Stølsvatnet i ei høgd på ca. 435 m o.h. Stølen høyrer til gard nr. 30, Kvitenes, og gard nr. 31, Hestenes. Det er ein romsleg støl på fin graskledd bakke. Ein del av stølen har utskifta teigar og dette er innegjerda. Ein del ligg på felles grunn og utanfor gjerdet. Utanfor gjerdet er det godt nedbeita til eikvar tid. Her er 10 godt vedlikehaldne sel og 5 fjøs. Det første fjøset ein kjem til er steinfjøs med sel oppå som kviler på indre murvange. Her er og eit sel og eit fjøs i betongmur. Eit par hytter ligg nær stølen.

Gruppe med sel utanfor kvia.

Gruppe med sel utanfor kvia.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Mellom tunet og stølen er god skog. Her er no 4 km med skogsbilveg som gir god tilkomst til stølen. Vidare sørover går det ca 5 km rås/kjerreveg til Sandstøylen - ein fin og lett turveg.

Bruk av stølen

Stølen er truleg svært gamal. Ola Hestenes sa at det frå gamalt av var fastsett at alle skulle flytta til støls samstundes. På same måte flytta heim på same tid. Dette for å skjerme heimehagane i sommartida.

Dette er nærast ordrett slik det står i dei gamle landslovene: ".. man skal fare fra heimehagen naar 2 maaneder er gaat av sommeren (= 14.juni), med mindre de alle finder at noget andet er bedre."

Om det ikkje vart slik, vart dei stemna til tings og fekk bot (til Kongen). Dei fekk og bot om dei for heim før den tida som var bestemt (ca 2 månadar). Før dei reiste til støls, var alle med på å setje stølsvegen og gjerda i stand. Dei flytta til støls kring jonsok og heim att kring 10. september. Etter slåtten heime var det å ta fatt på dei bra store stølskviene.

Tradisjonell stølsdrift tok gradvis slutt frå 1950 åra. Heilt slutt kring 1960. Seinare vart det "turre" krøter og sau som hadde gode beiter her.

Nokre fakta

Kvitenes, gard nr. 30, Vereide sokn, hadde eitt bruk i 1890. Hestenes, gard nr. 31, hadde 12 bruk same året. Det budde 9 menneske på Kvitenes i 1865, medan talet var 7 i 1900. På Hestenes finn vi 89 personar i 1865.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 12, 17. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR