Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juni 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tidlege elektriske apparat til matlaging



I lokalavisa Firda Tidend 31.mai 1927 kan vi lese at Flølo & Flølo på Sandane vil stille ut «ein komfyr av eigi uppfinning» på ei varemesse. Frå 1920-åra og fram mot første verdskrigen vart fleire typar komfyrar og steikjeomnar produserte i Nordfjord. Apparata visar at det ikkje mangla på oppfinnartalent og kreativitet.

«Flølokomfyr» med vatntank, kokeplater og steikjeomn. Framme er det kran til tapping av varmt vatn.

«Flølokomfyr» med vatntank, kokeplater og steikjeomn. Framme er det kran til tapping av varmt vatn.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Flølo-komfyr med vasstank

«Per Flølo Elektro Mekaniske verkstad» på Sandane tok i 1926 patent på sin «Flølo-komfyr». Det geniale her var at komfyren hadde innebygd vasstank. Vatnet vart oppvarma av varmen frå kokeplatene og kunne tappast frå ei kran framme på apparatet. Det vart produsert slike omnar både med og utan steikjeomn. Biletet viser ein Flølokomfyr med steikjeplater, steikjeomn og vasstank.

Bakaromnar

Fleire små bedrifter i Nordfjord starta tidleg med produksjon av elektriske apparat. Båre Per Flølo og «Eids Elektro-Mek.Verkstad» på Nordfjordeid produserte bakaromnar eller steikjeomnar. Dette var omnar med berre steikefunksjon. Omnen på biletet frå Eids Elektro Mek. Verksted er truleg eigen oppfinning frå før 1917. I firmaet sin katalog står det «fra 3 til 150 1 kg.s brød». Truleg var slike omner mest for profesjonelle bakarar. Fleire lokale bakeri skaffa seg omnar frå Eid. Den første var bakar Gaasemyr på Sandane.

Andre produkt og produksjonen av komfyrar på landsbasis

Per Flølo produserte også kokeplater forutan varmeomnar. Det same gjorde verkstaden på Eid, dei var også særleg anerkjente for varmeomnane sine. Dei dreiv også installasjon og handel med lysartiklar. Elektriske komfyrer vart produsert i Norge frå 1913. Fram til 1920-21 var importen viktigast, men deretter auka eigenproduksjonen i Norge. I 1942 var omlag 95 prosent av solgte komfyrar produsert innanlands.

«En komfyr er noe man kjøper sig bare èn gang»

Sjølvom apparata var mogeleg å få tak i, var det ikkje sikkert tilgongen på kraft var god nok eller at det var økonomi i å skaffe seg slike apparat. «En komfyr er noe man kjøper sig bare èn gang» står det i boka «Vi koker elektrisk» frå 1939. I dette utsegnet ligg at det var dyrt å kjøpe komfyr, ei investering for livet. Det var den enkle kokeplata som kom først inn i heimane før den elektriske komfyren. Ei kokeplate var billegare i innkjøp og bruk.

Utbreiing

Vedomnen hadde lang levetid parallellt med innføringa av elektrisk kokeplate og komfyr. Samstundes var komfyren det første større elektriske apparatet som kom inn i den norske heimen. Då rasjoneringstida etter andre verdskrigen var over, byrja elektrifiseringa av heimane å ta meir av. I 1952 brukte hele 70 prosent av norske husmødre elektrisk komfyr.

Vart noko annleis?

Innføringa av elektriske apparat i matlaginga letta arbeidet ein del. Ein slapp å bere inn ved og kveikje i og bere aske ut. Varmen var lett å kontrollere og det vart difor lettare å få eit godt resultat. Komfyren kunne også plasserast tett inntil andre element i kjøkeneinnreiinga. Matstellet vart lettare og meir hygienisk. Når det gjeld matstellet førte ikkje overgongen til elektriske apparat dei heilt store endringane for folk. Endringane her var større då folk byrja ta i bruk frysar og kjøleskåp

kjelder:

Aschehoug og Gyldendals Store Norske leksikon, 1979: Kunnskapsforlaget, Oslo.
Avdem, Anna Jorunn og Melby, Kari 1985: Oppe først og sist i seng. Universitetsforlaget, Oslo.
Nordstrand, Leiv, 1993: Lys og kraft til bygdens behov. Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Utg. Sogn og Fjordane energiverk, Stavanger.
Thune, Gerd Wiborg, 1939: Vi som koker elektrisk. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo.
Ambjørnrud, Børke, Jansen og Moe (red), 1965: Norsk Mat. J.W.Cappelens Forlag, Oslo.
Ambjørnrud, Børke, Jansen og Moe (red), 1965: Norsk Mat. J.W.Cappelens Forlag, Oslo.
Eikum, Ole Schanke, 2004: Vasskraft til elektrisk energi i 100 år. Kraftutbygging og energiforbruk på 1900-talet i Sogn og Fjordane. I Årbok for Nordfjord, Sandane.
Grytli, Eir og Støa, Eli, 1998: Fra årestue til smarthus. Teknologien omformer boligen. Norsk arkitekturforlag, Oslo.
Johnsen, Arne, 1996: Elektrisitet til hjem og gård. Elektrifiseringa av norske husholdninger og gårdsbruk fra 1920-1970 med fokus på Stavangerområdet. Hovedfagsoppgave i historie. UiB.
Kongsvik, Åse og Støfringsdal, Kari, 1999: Fjordamat. Kokeboka for Sogn og Fjordane. Selja forlag, Drammen.
Kongsvik, Åse og Støfringsdal, Kari, 2002: Alle tiders Fjordamat - til høgtider og merkedagar. Selja Forlag, Valdres.
Ryssdal, Marie, 1987: Om mat og matskikkar i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord 1987.
Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane. Stryn Bondekvinnelag, 1985: Matoppskrifter frå eldre tid i Indre Nordfjord. . Flo Offset, Stryn.
Tomasgard, Paul O., 2004: Vasskraft og kulturhistorie. I Årbok for Nordfjord 2004. Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane

PERMANENT IDENTIFIKATOR