Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jutlamannen



Jutlamannen er ein steinformasjon som står i fjellet rett opp for garden Hønjum på andre sida av dalen. Sett nedanfrå dalen, kan steinen ha ein menneskeleg profil. På 1700-talet sto det to slike steinsøyler ved sidan av kvarandre. Den eine har brotna og viser ikkje mot himmelen lengre. Steinen er knytt til ei av fleire St. Olav-segner her i dalen. Historiske kjelder gjev att segna i ulike variantar.

Foreldregenerasjonen hugsar sikkert trollet i Skorromodalen med Kine Aune. Serien vart teken opp på Hønjum med god utsikt til Jutlamannen, og vart sendt på TV rundt 1980.

Foreldregenerasjonen hugsar sikkert trollet i Skorromodalen med Kine Aune. Serien vart teken opp på Hønjum med god utsikt til Jutlamannen, og vart sendt på TV rundt 1980.

Eigar: Leif Hauge.

Datering: 2000.

Fotograf: Leif Hauge.

St. Olav og trollet.

Kong Olav og mennene hans hadde meint seg over fjellet for å kristne valdresane i 1023. Dei kvilte i tunet på garden Nordre Bjørkum. Olav skulle sko hesten sin, men bomma på saumen slik at hamaren gjekk i ein stein. Då kom det ein kaldskratt frå fjellet. Eit troll sto der og lo av kongen. Olav vart sint og mana trollet til stein og bad han stå der til han kom att ein gong. Provet på at denne segna er sann, er steinen med eit djupt merke etter hamaren. Denne låg lenge i vegkanten på Bjørkum, vart seinare frakta til Husum og låg der på hotelltrappa i lange tider.

Tvende Qvinder

Bergensbispen Erik Pontoppidan skriv dette i 1749: "Ja om St. Olai Reiser og Bedrifter har den norske Bonde her særdeles mange ligesaa troverdige Relationer, saasom, at da han underveis skoede sin Hest, sto tvende Quinder paa Fjældet og loe ham ud, hvilke strax bleve omskiftede til Steen og vises der endnu staaende, den ene med et Barn paa Armen, naar man langt fra betragter dem og tager Indbildningen vel til Hjælp."

Amund Helland og Jutulen

Amund Helland skriv i 1901: "Ved gaarden Bjørkum er en alpeformet top, som - seet fra veien - ligner en kvindeskikkelse. Da St. Olav drog op gjennem Lærdalen, forulempede han jutulerne paa alle maader. Medens han hvilede paa Bjørkum, skulde han sko sin hest. Dette saa jutulen, som stod op i fjeldet foran ham. Da St. Olav slog feil paa sømmet og ned i en sten, brast jutulen ud i skoggerlatter, hvorover St. Olav blev vred og sagde: "Stat du der i stok og sten, til jeg kommer her tilbage igjen." Troldet staar der endnu og bærer navnet Jutulen. Stenen, hvori kong Olav slog sin hammer, ligger ved veien ved nordre Bjørkum og har et tydeligt tommedypt merke efter hammeren."

Kjellarveggen.

Leif Fjellheim som bur nær Jutlamannen fortel: "Trolla likte dårleg at St. Olav reid så nær fjella der dei budde. Jutlamannen gjekk ut or berget og ropa til kong Olav: - Olav med ditt lange skjegg, du rir for nær min kjellarvegg! Olav vart sint og ropa attende: - Statt du der i stokk og stein, til eg attende kjem!

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hofman, Niels Erik: Prokantsler Erik Pontoppidans Levnetsbeskrivelse. Odense 1874.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del 2, Kristiania 1901.
Hjellum, Hjørdis Bergheim: Jutlamannen. Dikt i Jol i Sogn, 1974.
Munnleg informasjon frå:
Leif Fjellheim, f.1916, Lærdal.
Leif Hauge, f. 1956, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR