Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. februar 2019

Sist oppdatert 07. februar 2019

Om dampskipet «Vangsnæs»



Våren 1904 byrja det privateigde dampskipet «Vangsnæs» rutefart Bergen – Sogn. Båten var ny og tilhøyrde eit aksjeselskap. I tida 1904-1926 gjekk «Vangsnæs» både i fjordafart og kystfart; dei første åra Bergen – Sogn; dei siste Bergen –Trondheim. Innimellom hende det at båten tok særlege transportoppdrag. Artikkelen er eit tilskot til soga om DS «Vangsnæs», for det meste med aviser som kjelde.

Dampskipet «Vangsnæs», ferdig våren 1904, til ankers på Vikjabukta i Vik, i lys farge med  namnet VANGSNÆS på skansekledningen akter. Båten var bygd som to-masta skonnert, rigga  for seglføring, og utstyrt med ei 80 HK dampmaskin. Eit anna bilete teke i Kinsedalen viser båten i mørkare farge (meir praktisk farge), utan namn på skansekledningen og utan utstyr for seglføring. Ingen av bileta har eksakt datering, men biletet på Vikjabukta må vera teke før biletet i Kinsedal. Det er rimeleg å tenkja seg at seglføring var upraktisk i rutefart på Sognefjorden, og at «Vangsnæs» difor kvitta seg med segla etter kort tid.

Dampskipet «Vangsnæs», ferdig våren 1904, til ankers på Vikjabukta i Vik, i lys farge med namnet VANGSNÆS på skansekledningen akter. Båten var bygd som to-masta skonnert, rigga for seglføring, og utstyrt med ei 80 HK dampmaskin. Eit anna bilete teke i Kinsedalen viser båten i mørkare farge (meir praktisk farge), utan namn på skansekledningen og utan utstyr for seglføring. Ingen av bileta har eksakt datering, men biletet på Vikjabukta må vera teke før biletet i Kinsedal. Det er rimeleg å tenkja seg at seglføring var upraktisk i rutefart på Sognefjorden, og at «Vangsnæs» difor kvitta seg med segla etter kort tid.

Eigar: Asbjørn Vangsnes

Datering: Ca 1904-1905

Fotograf: Ukjent

Prøvetur i Bergen 1904

Den 27. februar 1904 melde Norges Sjøfartstidende om eit skipsskrog i Bergen. Det var bygt på «Landsbygden», og avisa hadde tidlegare skrive noko om «Ankomsten». No visste meldaren meir. Båten var bygd på Vangsnes i Sogn, etter teikning av Lars Skaale frå «Søndhordland», ein mann som tidlegare hadde bygt jekter i Sogn. Fartøyet låg no ved Fricks mek. Værksted for å få innsett kjel og dampmaskin, «m.m.». Namnet var «Vangsnæs». To månader seinare hadde lokalavisa Sogningen, Vik i Sogn, eit stykke om prøvetur, måndag 18. april. Oppslaget er informativt, med mange konkrete opplysningar om det nye dampskipet, jamvel om tekstilar i kahytta. Dei var laga av den alt då vidgjetne biletveverska, Kjerstina Vangsnæs, gift med medeigar i «Vangsnæs», skipsførar og disponent, Johannes N. Vangsnæs.

Prøvetur foretoges igaar med Dampskibet «Vangsnæs», som er bygget af Træ paa Vangsnes af Brødrene Johannes og Ellend Vangsnæs med Lars Skaale fra Rosendal som Bygmester og eies af et Aktieselskab.

Skroget har smukke linjer og tager sig med sin lyse Farve fordelagtig ud. Det er væsentlig beregnet paa aa skulle benytte Seilene og er rigget som Sneseilskonnert, men det er ogsaa forsynet med en 80 HK Hjelpemaskine, som er leveret og indsat af Hr. Værkseier F. Frick her [Bergen]. Det er en Compoundmaskine med Overflade. Condensorkjedlen er sterk og solid, kontrolleret af Veritas med 250 Pd’s [pund] Tryk. Med et kulforbrug af ca 1 Hl. [hektoliter] i timen opnaaedes 125 Pd’s Tryk og en Fart af 7 Mil. Propellen er tovinget og kan under Seilads stilles ret op og ned. Baatens Længde er 106 Fod. Skibet er forsynet med patent Dampspil og stærke Lossegreier og vil laste 900 a 1000 Tdr [tønner].

De ombordværende udtalte sin udelte Anerkjendelse for det smukke og solide Arbeide saavel af Skrog som Maskine og spaaede Foretagende en god Fremtid. Skibet føres af Kapt. Johs. N. Vangsnæs, Galeas «Deborah»’s tidligere Fører. Hans Hustru er den bekjendte Tæppevæverske Kjerstine Vangsnæs, h vis Arbeide pryde Bænkene og Køierne i Kahytten.

«Vangsnæs» indtager i dag Stykgodslast til Sogn, hvor det vil søges employeret, men det er forøvrigt godt skikket for almindelig Fragtfart samt Havfiske. Expeditør i Bergen er Hr. N. Juell.»

Aksjeselskap

Av stykket i Norsk Sjøfartstidende går det fram at de nye dampskipet «eies af et Aktieselskab». Måndag 29. mai 1905 vart det halde generalforsamling på «Juells Kontor» i Bergen (føretaket sin ekspeditør). Føretaket sitt namn var då «Aktieselskabet D/S «Vangsnæs». Elles er det i avisene lite å finna om eigarskapen. Ei kunngjering frå Bergen børs om aksjeauksjon inneheld ein post på 5 aksjar i DS «Vangsnæs» à 100 kroner, og av eit lesarinnlegg i Sogningen går det fram «H. Hagelien» i Sogndal «og andre» eigde «Vangsnæs»-aksjar.

Mannskap – skipsliste 1910

Johannes N. Vangsnæs (1854-1913) var skipsførar på skuta som bar etternamnet hans og namnet på staden båten var bygd. Mannskapet hans var matrosar, maskinist, fyrbøtar og stuert. I folketeljinga 1910 finst de ei komplett mannskapsliste for dampskipet «Vangsnæs».

Tysdag 28. november 1910 gjekk «Vangsnæs» frå Bergen klokka 10 om kvelden. Torsdag 1. desember var datoen for folketeljing i landet, ei teljing som også skulle omfatta norske skip i norske hamner og farvatn. Skipslista til DS «Vangsnæs.» er interessant på fleire to måtar. Det eine er at me her får heile mannskapet rekna opp denne dagen, det andre at det ser ut som «Vangsnæs» kom med i teljinga heilt tilfeldig. Teljaren, sagbruksformann J. Gjesdal på Frønningen (pr. 1910 i Leikanger kommune), noterte følgjande merknad før han skreiv opp mannskap og passasjerar (1):

«Dampsk. «Vangsnæs» ank. her kl. 12 middag [1. desember] Da mandskabet ikke var tællet og føreren heller ingen husliste [teljingsliste] hadde om bord, udfærdiget jeg denne liste for skibets personale og en passager.»

Mannskap på DS «Vangsnæs», 1. desember 1910:

1 Johannes Vangsnes, fødd 21.03.1854 i Balestrand, dampskipsførar
2 Andreas Johannessen, fødd 04.10.1874 i Hammer, maskinist
3 Elias Oldervik, fødd 05.08.1877 i Tromsøsundet, stuert
4 Andreas Nilsen, fødd 24.03.1876 i Kinn, «bestmand» (Bestmann er eit anna ord for båtsmann, erfaren matros som har oppsyn med arbeidet på dekk)
5 Anders A. Fardal, fødd 30.05.1888 i Sogndal, matros
6 Jacob Lunde, fødd 15.09.1888 i Leikanger, matros
7 Nils Frivik, fødd 26.11.1883 i Kyrkjebø, matros
8 Birge Førsund, fødd 26.11.1883 i Kyrkjebø, matros
9 Martin Østreim, fødd 11.10.1886, matros
10 Ole Kvamme, fødd 08.12.1886 i Masfjord, fyrbøtar

Passasjer:
11 Erik Berge, fødd 10.06.1858 i Balestrand, passasjer, gardbrukar

«En haardfør Mand»

Avisa Sogningen hadde 7. mars 1908 melding om ei arbeidsulukke, truleg i Bergen. Ein av mannskapet hadde brekt foten i arbeid med å lasta mjølsekker:

«Et af Mandskabet paa dampskibet «Vangsnæs» brak sidst Tirsdag Aften Benet ved Ankelen, medens han var ifærd medat stable Melsække i Rummet. Det var imdlertid en haardfør Sogning, idet han strax ved raskt Tryk bragte Benenderne paa Plads igjen. Efter at være forbundet af Læge, blev han indlagt paa Sygehuset.»

Rutefart Bergen – Sogn og Bergen - Trondheim

Bergens Tidende hadde på det jamne annonser om DS «Vangsnæs» sine ruter Bergen – Sogn. Avgang var til vanleg tysdag kveld. Annonsa her kunngjer «Vangsnæs» sin aller første tur, tysdag 19. april 1904, dagen etter prøvetur og avlevering frå skipsverftet. I åra frå kring 1917 til 1926 viser annonser at «Vangsnæs» gjekk i kystfart mellom Bergen og Trondheim. (Det finst også nokre annonser om turar Bergen – Sogn etter 1917, for «d/s «Vangsnes»; der namnet er skrive med – e, i - nes. Kan henda er dette den same båten?).

Stykkgods, men og last i større parti

I avisstykket om prøveturen, 18. april 1904, står det at «Vangsnæs» dagen etter lasta inn «Stykgodslast til Sogn». Stykkgods, det vil seia fraktgods av ymse slag, var nok og den vanlege lasta i lasterommet og på dekk i rutene til og frå Bergen, men nokre gonger førde «Vangsnæs» last i større parti, i somme tilfelle også til og frå andre stader enn dei faste stoppestadene. Dette går fram av smånotiser i fleire aviser.

1904 Ved
«Fra Sogn har Dampskibet «Vangsnæs» i Vinter nesten paa hver Tur medtaget Vedpartier, Birk og Furu, der oplæssedes paa Tyskebryggen. Paa sidste Tur medhavde Skibet dessuden et Parti Brisling.» (BT 07.03.1905)

1910 Levande dyr
«Dampskibet «Vangsnæs» kom Søndag fra Sogn til Bergen og omladede [omlasta] til Stavanger ca 309 levende Faar og en del Kjør.» (Sogningen, 291.10.1910)

1914 Byggjematerialer til elektrisitetsverk
«Dampskibet «Vangsnæs» laa i dag ved Skifer & Byggeartikkelcomp’s boder for indlastning av Trælast og Murmaterialer til det nye Elektricitetsverket i Fjærland som opføres i nær fremtid.» (BT 06.10.1914)

1916 Tomtønner
«Dampskibet «Vangsnæs» kom igaar fra Vadheim fuldlastet med tomtønder, ca 2500 stk. i alt, som skibet havde indtaget paa nævnte sted. Baaten var lastet foruden i rummet ogsaa høit paa dæk. Skibet fortøiet ved Skoltegrundskaien.» (BT 24.06.1916)

Bautasteinar
Det er kjent at «Vangsnæs» frakta to bautasteinar, begge både lange og tunge. Den eine, «ein diger rugg» på vel 8 meter, vart frakta frå Ytre Offerdal til Fresvik i 1914. Same året vart den andre bautasteinen frakta frå Seimsdalen til Årdalstangen. På denne transporten hadde dei eit uhell. Steinen fòr på sjøen, men til all lukke på såpass grunt vatn, at dei fekk steinen oppatt.

Uhell

Avisene omtalar to (kanskje fleire) uhell i åra 1904-1926. Det eine hende på hamna i Bergen, og var ikkje særleg alvorleg. Det andre var verre. På veg nordover frå Bergen våren 1926 grunnstøytte båten ved Rongevær i Fedjefjorden. Havaristen vart kort tid etter berga og reparert i Trondheim.

1909 “Under Manøver ved Holbergalmenning I Bergen forrige Søndag drev Dpsk. “Vangsnæs” ned paa Dpsk. “Hardangeren” der fik Sprydet helt afbrukket. “Vangsnæs” fik Rækken paa Broen om Styrbord afrevet.” (Sogningen, 29.12.1909)

1926 “… dpsk. “Vangsnæs” som forleden nat blev sat på land ved Ronglevær og skal forsøges bjerget. “Vangsnæs” ligger i en bugt indenfor fyrløgten (…). En del av agterdækket er over vand ved lavvand, ligeledes kan man se litt av skorsteinen (…). (BT, 19.03.1926)

Konkurrent til «Amtsskibene»

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1858-2012) hadde tidvis konkurrerande båtar i ruteområda sine. Alt frå 1860-åra og framover prøvde den eine etter den andre seg med rutefart mellom Bergen og Sogn. Dampskipet «Vangsnæs» var ein av dei. I soga om Fylkesabaatane til hundreårs-jubileet i 1958 står følgjande om denne konkurrenten:

«I 1905 tok det til å gå framover att (…), men på den andre sida gjekk passasjer- og godsinntektene ned på Sogn, då eit privat skip, «Vangsnes», byrja med ein tur for veka på fjorden. Denne båten synest «vesentlig støttet fra Hafslo og Sogndal.»  (…) «denne nye tevlinga (…) varde i fleire år.»

Lokalavisene hadde frå tid til anna lesarbrev om konkurrerande skipsfart. Til dømes hadde avisa «Sogningen», 7. april 1906, ei meiningsytring av bonde Skak Ormelseng i Sogndal. Den tidlegare ordføraren er særleg kritisk til at Sogndals landboforening (bondelag) har oppmoda til å frakta varer med konkurrenten, DS «Vangsnæs». I innleiinga skriv Skak Ormelseng:

«I «Sogns Tidende» er paapeget det uheldige i, at Sogndals Landboforening fragter de af dem bestilte Varer hjem fra Bergen med Dpsk. «Vangsnæs». Undertegnede deler ogsaa denne Opfatning. Og beklager meget at Landboforeningen, der i hvertfall indirekte nyder Amtets Støtte, paa denne Maade kraftig ophjælper Konkurrenten, undergraver Amtsskibene og dermed ogsaa Amtets velseede Interesser.»

«Amtsskibene» (Fylkesbaatane) hadde «Vangsnæs» som konkurrent frå våren 1904 til «Vangsnæs» byrja å gå i kystfart Bergen – Trondheim, kring 1917.

Om “Vangsnæs” på nettstaden Skipet

Nettstaden Skipet.no har eit kronologisk ordna oversyn over norske skipsfolis. Her går det fram at DS “Vangsnæs” enda sine dagar i Altafjorden, 21. november [ei anna kjelde 23.11] 1934, då med namnet “Strømnæss” [ei anna kjelde: Strømnes]. Under forlis nr. 25 står å lesa:

25) Tre-D/S STRØMNÆSS (LEZH/MBRH)
Bygd av L. Skaale, Vangsnæs i Sogn
[Tonnasje] 142 brt., 73 nt., [Mål I fot: lengd, breidd, djuptgåande] 95 x 23,0 x 10,3
2 cyl. Comp. (Sandbrogadens mek. Værksted, Bergen), 75 iHK
1904: levert som VANGSNÆS for A/S D/S Vangsnæs
(O.Th. Stenhjem, Sogndal), Bergen.
1910: disponering overtatt av N.J. Vangsnæs, Leikanger/Bergen
1926: juli: solgt til A/S D/S Strømnæss (Harald Næss & Einar Strøm), Trondhjem. Omdøpt STRØMNÆSS
1934: 21.11: Sank på Altafjorden på reise Alta – Namsen med skifer. Fører advart for uforsiktig lasting.

kjelder:

Bergens Tidende 29.05.1905


Bergens Tidende 19.04.1904


Bergens Tidende 15.08.1917


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane I Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958


Kulturhistorisk leksikon: Minnestein over årdøler i ufredsåra 1807-1814


Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen ved Fresvik kyrkje


Skipet.no : skipsforlis 1934 - Skipet